Draumkvedet er eit såkalla visjonsdikt. Det skildrar synene til Olav som sovnar på julaftan og vaknar trettande dag jul, altså 6. januar, etter ei reise inn i dødsriket som han kjenner seg nøydd å fortelje kyrkjelyden om når han er tilbake. Olav møter vi i våre dagar oftast med etternamnet Åsteson, kanskje etter morsnamnet Åste/Åsta – men Åkneson, Håkenson og andre variantar er også kjende.
Versa kjem òg i mange ulike antal og utformingar, frå kring tjue til over 120. Finst det nokon rettare variant enn andre? «Draumkvedet lever. Det lever kvar gong det blir framført, og det lever i medvitet til alle oss som har hatt store opplevingar med kvedet,» skriv forfattar og musikar Stein Versto 3. januar i Facebook-gruppa Vener av Olav Åsteson, som han har oppretta for entusiastane. «Det er ikkje slik at historia til kvedet ‘stansar’ med nedskrivingane frå midten av 1800-talet og framover. Moltke Moes restituerte versjon er også ein del av historia til Draumkvedet. Det er som med Nidarosdomen, som aldri blir heilt ferdig,» held Versto fram.
Olav Åsteson har mange vener – og får stadig fleire, ser det ut til. Vi har merkt oss ein god slump framføringar av Draumkvedet, og vil gjerne ha tips om fleire, til ei liste i Folkemusikk nr. 1/23. Vi ønsker å vite kva framføringar av Draumkvedet som har funne stad no i år, og kva stader ein kan høyre Draumkvedet kvart år. Send oss tips seinast søndag 26. februar!
Ein gong i tida i Telemark
Det siterte innlegget av Stein Versto kan vere ein god stad å byrje om ein vil fordjupe seg i det mest kjende visjonsdiktet vårt. Her får du eit samandrag av handlinga i Draumkvedet, og ei ordliste med sentrale ord og omgrep på det alderdomlege telemålet som er nytta i diktet. Det var i Øvre Telemark at folkeminnesamlarar «fann» diktet og skreiv det ned midt på 1800-talet, etter kjelder som Anne Lillegaard frå Eidsborg, Maren Ramskeid frå Kviteseid og Anne Skålen frå Mo.
Det er mange teoriar om kor gamalt diktet er, men dei fleste er samde om at det har vore i bruk i Telemark iallfall sidan tida kring reformasjonen på 1500-talet. Sentralt i fleire teoriar står Eidsborg stavkyrkje, som i dag ligg attmed Vest-Telemark Museum. Denne plassen er blitt viktig for moderne tolkarar av Draumkvedet, til dømes songar Unni Løvlid og bassist Håkon Thelin i oktober 2015 – som Stein Versto sjølv melde for folkemusikk.no.
Ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg opna i januar 2020 ei lydutstilling som no i februar 2023 framleis står, laga av komponist Natasha Barrett. Utstillinga er basert på nye opptak i stavkyrkja attmed med Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes, som gav ut Draumkvedet på plate i 1995. Andre telemarkingar med plateinnspelingar er Agnes Buen Garnås (1984) og Aslak Høgetveit (1966). Mellom kvedarar som har sunge verket ulike stader i Telemark gjennom åra, finn vi Ingvill Marit Buen Garnås, Hanne Kjersti Yndestad, Hæge Manheim og Ingebjørg Lognvik Reinholdt.
Kvart år – og året rundt
Unni Løvlid har også i år framført Draumkvedet. Då skjedde det på trettandedagen i Bergen, i Storetveit kirke saman med organist Vemund Olav Aukrust. Løvlid er blant dei mange norske folkesongarane som har tolka Draumkvedet fleire gonger.
Øyonn Groven Myhren har reist med Olav Åsteson på trettandedagen mang ein gong. Den 6. januar 2017 fortalde ho om og framførte Draumkvedet i Kornstad kyrkje på Averøya, og på dagen ti år tidlegare song ho diktet i Gamle Aker kirke i Oslo, då saman med fløytist Hans Olav Gorset og perkusjonist Håkon Mørch Stene. Ho skulle også ha framført verket på trettandedagen i år, i Grønland kirke i Oslo saman med tangentist Bugge Wesseltoft og perkusjonist Tomas Nilsson, men grunna sjukdom er denne oppsetjinga utsett til 29. juli same stad. Ein treng altså ikkje vente heilt til neste vinter for å høyre soga om Olav Åsteson i hovudstaden.
I Gamle Aker kirke, mellom Marienlyst og Ullevål i det som sidan Olav Åstesons dagar er blitt del av Oslo, har Draumkvedet lange tradisjonar. I år framførte elevar frå Steinerskolen i Oslo diktet der, og mars 2015 blei det framført der i samband med Oslo internasjonale kirkemusikkfestival. Den gong i både ny og gammal drakt: Berit Opheim song dei gamle melodiane acapella, før ho saman med Vegar Vårdal og Oslo domkor framførte eit nytt musikkstykke av Martin Ødegaard, inspirert av diktet. Komponist Ødegaard er utdanna ved Noregs musikkhøgskole, men gjekk òg folkemusikkstudiet på Rauland.
Berit Opheim er røynd Åsteson-tolkar. Også i 2011 framførte ho Draumkvedet i Gamle Aker, då med Karl Seglem, to år etter at dei to hadde gitt ut verket på plate i 2009. Dei to framførte det også i Fantoft stavkirke på «sjølve dagen» i 2018 – der ulike kvedarar har framført diktet kvar trettandedag sidan 1999. I år fekk dei to med seg Per Jørgensen og Sigbjørn Apeland til ei framføring i Vangskyrkja på Voss.
Det vekte oppsikt då Unni Boksasp, nordmøring busett i Telemark, før jul annonserte at ho hadde komponert heilt ny musikk til det eldgamle diktet. Ho er særleg inspirert av «den frodige versjonen Anne Skålen framførte ved gruva si for Sophus Bugge i 1857,» skriv ho i pressemeldinga, og tekstutvalet er gjort i samarbeid med dramatikar Marianne Meløy. Trettandedagen hadde Boksasp premiere på det nygamle verket sitt i Seljord, og Folkemusikk melde verket då det blei framført i Kulturkirken Jakob i Oslo. Boksasp var òg på miniturné i Trøndelag som del av Hilmarfestivalens heilårsscene Hilmarscena.
Framføringar av Draumkvedet i 2023
- Malin Alander og Ole Nilssen – fleire stader 6.1—17.1
- Unni Boksasp – fleire stader 6.1—14.1
- Tone Juve – Slottsfjellmuseet, Tønsberg 6.1
- Legende – Vest-Telemark Museum, Eidsborg 8.1
- Unni Løvlid og Vemund Olav Aukrust ¬– Storetveit kirke, Bergen 6.1
- Berit Opheim, Sigbjørn Apeland, Karl Seglem og Per Jørgensen – Vangskyrkja, Voss 6.1
- Elevar frå Steinerskolen i Oslo – Gamle Aker kirke, Oslo 6.1
Kyrkjer der du vanlegvis kan høyre Draumkvedet trettande dag jul
- Eidsborg stavkyrkje, Tokke
- Storetveit kirke eller Fantoft stavkirke, Bergen
- Vestre Aker kirke, Oslo
Steinerskole og nasjonalbibliografi
Koplinga mellom Draumkvedet og Steinerskole-rørsla, eller tankeretninga ein kallar antroposofien, er alt nemnt. Den skuldast at Rudolf Steiner sjølv var svært oppteken av diktet, og sytte for at det blei omsett til tysk. Det var forfattar og pedagog Ingeborg Møller frå Kristiania som først gjorde han kjend med diktet. Steinerskolen i Oslo er ein av fleire steinerskular som plar framføre Draumkvedet kvart år.
Ole Nilssen og Malin Alander, distriktsmusikarar i Sogn og Fjordane, er også aktuelle med nytolking av Draumkvedet. Dei gav ut plate på Melovitten trettandedagen, framført mellom anna på Columbi Egg i Bergen, Vereide kyrkje i Nordfjord og på Steinerskolen i Bærum – her som del av den splitter nye folkemusikkscena Husfolk. I siste Folkemusikktimen på NRK P2 i januar prata dei om Draumkvedet-tolkinga si, og vi fekk ein smakebit. Vokalist Alander tek utgangspunkt i dei velkjende melodiane, som trekkspelar Nilssen improviserer over.
Steiner-pedagog Hanne Weisser har eit eige kapittel om Draumkvedet i boka si Folkevisenes fortellinger, og har òg skrive ein artikkel om å arbeide med Draumkvedet i skulen i ein digitalt tilgjengeleg artikkel i Steinerbladet. Anna tilrådd lesestoff om Draumkvedet er Bokmåls-Wikipedia-artikkelen om diktet, ein såkalla anbefalt – særleg velskriven – artikkel på drygt 4000 ord. Vest-Telemark Museum har ein fyldig artikkel om verket skriven av Tilman Hartenstein, tilgjengeleg også på tysk og på engelsk.
Det finst nok lesestoff for alle dei som ikkje får nok av Olav Åsteson sine visjonar frå dødsriket og ulike teoriar og fortolkingar. Mellom kjende verk ein kan lese på Nasjonalbibliotekets nettbibliotek, er bøker av Georg Johannessen og Brynjulf Alver ved Universitetet i Bergen og ein artikkelsamling redigert av Øyvind T. Gulliksen for Telemark historielag.
Olav Åsteson er kanskje meir enn fem hundre år gammal, men han held seg nok ung ei stund til.