Kva sit eg att med etter Folkelarm 2021?

At norsk og nordisk folkemusikk held fram med å levere, i kvalitet og variasjon. Folkelarm, bransjetreffen arrangert på Riksscenen denne helga, synte eit imponerande spenn i det musikalske uttrykket – mest nordisk, men òg både nordafrikansk og nordamerikansk – og like imponerande jamn kvalitet. Men relativt lite «crossover»; det synest å vere i tida å halde det reinskore. At dei fleste av oss har vore så mykje heime under koronaen, har kanskje bidratt til at fleire no reindyrkar det heimlege?

At Riksscenen fungerer godt til bransjetreff – for dei som er inviterte og har funne vegen inn. Vi som er ofte på Riksscenen, kan stundom klage over at huset framstår som – tja, litt lite folkeleg, litt mykje konserthus? Men tilreisande, ikkje minst frå utlandet, er oppglødde over å finne ein eigen heim for folkemusikken i Oslo. Her finst ei profesjonelt driven scene for folkemusikk og folkedans, med gode tekniske og lydlege tilhøve og ressursar til å booke artistane tilbake seinare. Jo då, vi er bortskjemde.

Eit framtidsretta Folkelarm
Synnøve Brøndbo Plassen tralla mykje til dans gjennom Folkelarm-dagane. Her slåttetrallar ho i lavvoen fredagskvelden.

(Så får det vere at det på Folkelarm 2021 var heilt fritt for mat, anna enn barsnacks. Vel har ikkje nedre Grünerløkka manko på restaurantar, men etter klokka 22 er det ikkje mykje anna enn kebab å få kjøpt, om ein ikkje er lommekjend. Og det er jo ikkje Løkka ein er her for, det er Folkelarm. Ein fest tre dagar til ende utan mat, det er ugreitt, same kor mykje sjeleleg føde ein får.)

At folkedansen blomstrar i hovudstaden for tida. Det har bygt seg opp eit stort danseunderskot etter koronaen, og auka i smittetala la ingen dempar: Dansarane og dansespelarane, med låg snittalder på begge, dominerte alle dei tre kveldane. Det var tidvis lite som minte om ein internasjonal bransjetreff, og for dei fleste var nok det heilt OK. Storinnrykket av internasjonale delegatar kom jo heller ikkje i år – koronaen pregar framleis reisevanane våre. (Men rett skal vere rett: Det var fleire internasjonale delegatar på Folkelarm i år enn det har vore på lang tid, red. merk.)

Artistane vil møte publikum, og publikum vil både høyre og diskutere musikk. Då treng ein skikkelege møteplassar.

Eit framtidsretta Folkelarm
Det var folksamt på mange dansegolv på Folkelarm i helga, som her då Ingeborg Ulberg Sommer spelte på hovudscena laurdag kveld.

At det norske og nordiske tradisjonsspelet nok aldri har hatt betre kår, og neppe har låte betre. At stadig fleire folkemusikarar har høgre musikkutdanning er ein viktig grunn, men ikkje den einaste. Nivået på musikarane og musikken var skyhøgt, anten det var solospel til lytting eller dans, eller ensemblemusikk av det rotnære eller eksperimentelle slaget. Slåttetrallar og folkevisesongar Synnøve Brøndbo Plassen, folkelarmprisvinnarane Ævestaden og pan-nordiske Floating Sofa Quartet med «supervikar» Guro Kvifte Nesheim var det fleire som nemnde som favorittar. Men folk var usamde, og slik skal det vere, for Folkelarm hadde noko for kvar ein smak.

At når vi møtest på bransjetreff, vil vi òg gjerne prate om musikken. Artistane vil møte publikum, og publikum vil både høyre og diskutere musikk. Slikt får ein ikkje på strøymekonsertar heime, ein treng skikkelege møteplassar. I lavvoen fredag heldt Folkemusikk bladslepp, der vi spelte musikk frå ulike Folkelarm-artistar og prata om musikken saman med publikum. Fleire gav uttrykk for at slike møteplassar, der ein både høyrer på og pratar om folkemusikk, er noko vi treng meir av. Vi satsar på å arrangere fleire slike musikksamtaler i tida som kjem.

Og, til slutt, at ein på Folkelarm vinn på å tenke visuelt i tillegg til å tenke lyd og musikk. Umesamiske Katarina Barruk med band var einaste artisten som hadde videokunstnar med på laget. Kvartetten Stampestuen viste fotografi på bakveggen medan dei spelte, medan duoen Lillebo & Stubsveen hadde innramma foto med seg på scena – med enkle grep sette dei musikken i ein større samanheng. «Er det ikkje nok med musikken?», er det mange som spør – «Kanskje», er det opplagte svaret. Slåtteprat er heller ikkje musikk, men er likevel akseptert, og ofte forventa frå scena – er det like stor aksept for visuelle verkemiddel?

Viss eit bilde kan erstatte tusen ord, er det mykje ein kan formidle med levande eller statiske bilde. Og Riksscenen har alt på plass for at det visuelle uttrykket skal komme til sin rett. Det fekk vi sjå hjå dei som utnytta moglegheita.

Eit framtidsretta Folkelarm
Katarina Barruk med band og video laurdagskvelden, av mange nemnt som eit konsertmessig høgdepunkt på Folkelarm.