Tema for konserten med Knut Buen er kjelder, spelestilar, folk med gode replikkar og konsentrert livsvisdom som har prega og inspirert Meisterspelemannen i si utøving.
Knut Buen er hardingfelespelaren, rosemålaren og kulturarbeidaren som for mange nordmenn står som symbolet på den norske folkemusikken og tradisjonskunsten. Den frittalande telemarkingen har greidd å gi norsk folkemusikk ein synleg plass i mediebiletet.
Kristian Hanto er Knut Buen si samtalepartnar, og Borghild Hardang-Hanto og Kristian Hanto dansar til eit par slåttar.
Konserten finnar stad kl. 15.00 laurdag i foajeen i Grieghallen.
Det er fri inngang på konserten.