Tekst: Pressemelding
Hardingfelespelaren Erlend Apneseth har med si særeigne spelestil klart å bli både publikums- og kritikarfavoritt innan folkemusikk, jazz og samtidsmusikk. No er han aktuell med det nye albumet Song over Støv, der han har samla eit heilt stjernelag av norske musikarar.
Prosjektet starta som eit bestillingsverk for Oslo World og Riksscenen i 2023. Apneseth har dei siste åra arbeidd med orkester og større ensemble, og etter fleire år som medlem i Frode Haltli sitt "Avant Folk", vart han inspirert til å skrive musikk for stort band sjølv.
I tillegg til Apneseth på fele, medverkar desse musikarane: Mats Eilertsen (kontrabass), Hans Hulbækmo og Veslemøy Narvesen (trommer/perkusjon), Selma French Bolstad, Helga Myhr og Rasmus Kjorstad (hardingfele og vokal, i tillegg spelar Kjorstad også oktavfele og vanleg fele), Henriette Eilertsen (fløyter), Anja Lauvdal (tangentar, synth, trøorgel), Rolf-Erik Nystrøm (saksofonar) og Frode Haltli (akkordeon).

- Det viktige for meg er at musikarane kjenner eigarskap til musikken, at dei kjenner seg integrert i den og får uttrykt seg på sin måte. Så eg komponerer som regel meir for musikalske personlegdomar enn instrument i den forstand - folk som eg tenker vil finne noko i den musikken eg kjem med, fortel Apneseth.
Feler har ein tendens til å drukne litt i større ensemble, fortel Apneseth, og difor opplevde han det som forfriskande å ha tre andre felespelarar på «laget». Med ein kvartett av hardingfeler i bandet har han også kjent seg meir komfortabel med å ta inn meir spesifikke element frå tradisjonen enn tidlegare – som ornamentering og ulike springarrytmar – fordi han veit at det vil kome tydeleg fram i lydbiletet. Han trekker fram at han likar unisone uttrykk og for at musikalske motiv får gjenta seg over tid – noko han meiner heng saman med bakgrunnen hans.
Apneseth har henta inspirasjon frå si eiga barndom både undervegs i prosessen, og ikkje minst då utgjevinga tok form. Då han var liten, var familien på fleire lengre reiser – også til stader som i dag er utilgjengelege på grunn av ulike konfliktar.
- Opplevingane var så opphøgde, fargesterke og reine då, og eg prøvar vel å finne tilbake dit på eit vis. Så vaks eg jo opp i og rundt Førdefestivalen, med musikk frå heile verda, og tok nok til meg mange inntrykk der. Ein energi, språk-kjensle kanskje. Ganske abstrakte ting, men det ligg veldig sterkt i meg enno. Tittelen «Song over støv» hentar inspirasjon frå dette. Det at vi, bevisst eller ubevisst, heile tida forheld oss til det som var, som barndommen eller tradisjonar av ulik art, fortel Apneseth.
Denne veka skal dei ha platesleppkonsert på Vossajazz i tillegg til at det blir ein turné til hausten.