Bilettekst: Dagfinn Nupen blæs på lur på Etter Fjøstid 24. august 1975. Programmet vart filma på Ungdomshuset i Stranda, men alle Etter Fjøstid-programma var sette i den fiktive vestlandsbygda Utbygda.

NRK har lagt ut dei vel 40 år gamle fjernsynsseriane Etter fjøstid på nett, og det må eg seie vart eit artig gjensyn og gjenhøyr. Berre slåttetitlar som «Då han Røys-Rasmus reiv ned omnen» og «Du skal få perleband på dosi di du» var nok til å få smilet fram, no som då; den gong spelemenn med hatt og glimt i auga fann vegen over fjell og fjord til dei små ungdomshusscenene der opptaka vart gjort.

Det var speleglede og gode replikkar, det var tradisjon og nyskaping, det var samarbeid på tvers av sjangrar og aldrar. På Marienlyst delte eg på den tida kontor med Egil Monn-Iversen; han var spesielt imponert over alle felespelarane vi hadde greidd å samle saman. Kvar fann vi alle?

 

Etter fjøstid: 40 år etter
Etter fjøstid: 40 år etter
Hallkjellsvika spelmannslag framfører polkaen «Då han Røys-Rasmus reiv ned omnen» på Etter fjøstid 24. august 1975. På øvste biletet til venstre er programleiar Bergljot Engeset.

Utøvarane kom frå Vestlandet – i hovudsak frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Opptaka vart gjort i og rundt ungdomshus i Vik, Stranda, Tennfjord og i fiskeværet Bud – men alt hende i ei fiktiv bygd vi kalla Utbygda. Naturen i Utbygda var vakker, både i utandørs opptak og inne mellom dei tidstypiske scenedekorasjonane.

Dei fire første programma i 1974 gjekk i svart/kvitt, året etter var opptaka i fargar. Sett i ettertid er dei distriktspolitiske tema i Utbygda forbausande aktuelle: skepsis til sentralisering, kommunesamanslåing og sjukehussentralisering – for ikkje å snakke om oljeeventyret. Måndalingen Åge Wold hadde fått boreplattformar ved Åndalsnes som næraste utsikt og deklamerte i poetisk Wildenvey-stil: «Du kjære lille Åndalsnes som ligger og skal dø, la meg få dikte deg et eventyr, det siste…»

Tittelen Etter fjøstid hadde dobbel meining: Han viste både tilbake til den tida på døgnet bønder var ferdig i fjøset og kunne møtast på ungdomshuset, og til det faktum at stadig fleire vestlandske «fjøsrøktarar» no vart oljearbeiderar. Etter fjøstid – før oljetid.

Det er kanskje på hårfrisyren og skjortesnippane ein best ser at det har gått 40 år sidan dei populære og ganske oppsiktsvekkjande programma vart laga. Eller – liknar ikkje den unge skjeggprydde, busserull- og koftekledde utøvaren på skjermen ganske mykje på dagens trendy hipster frå nabolaget Grünerløkka?

Eksotisk fjernsynsunderhaldning

Saman med Rolf Losnegård var eg programskapar og programleiar for Etter fjøstid-seriane. Bjarne Volle var musikalsk leiar og Kent Nilssen hadde regien. Rolf og eg hadde vore NRK-stipendiatar, og begge hadde bakgrunn frå Bygde-Noreg, frå ungdomslag og ungdomshus. Etter fjøstid skulle vere underhaldningsprogram på bygda sine premissar. Med unntak av pioneren Børt-Erik Thoresen, hadde så og seie ingen prøvd seg på dette feltet før. NRK fekk sitt første distriktskontor ved dei tider, og Norge Rundt kom ikkje før i 1976.

Sidan vi berre hadde ein kanal, og Etter fjøstid gjekk i «beste sendetida», var vi opptekne av å vise fram bygdekulturen så autentisk og «skikkeleg» som råd. Samtidig ville vi tenkje utradisjonelt og finne nye vriar. Om tonen var jovial og humoren folkeleg, skulle det absolutt ikkje farast med tøv og tant. Noko som vart understreka alt i velkomsthelsinga, i Fyrestev av Ivar Aasen der eit av versa lyder:

Heppen var den, som hadde dug
til slike vers å kveda,
at dei, som høyrde, fekk same hug
og kjende same gleda.

At det var god kjemi mellom scene og sal, var pressa samd i. Bygdefolket såg ut til trivast i opptakssituasjonen. Det einaste det vart klaga på, var at at nokre av vitsane var på kanten. For eiga rekning kan tilføyast at kanskje ikkje alle sketsjane var like poengterte og at dei verbale innslaga til tider vart litt lange – sett med dagens fjernsynsblikk. Men musikken i Etter fjøstid var det ingen som klaga på.

Musikkutvalet var variert. I dei visesyngjande 70-åra kunne vi by på perler frå Jakob Sande og Hartvig Kiran, lokale protestviser mot fråflytting og minnepolka om Mardalsfossen. Det var Gjest Baardsen-vise med Helge Jordal; det var Kari og Ivar Medaas; det var Vik songlag, Leikanger mannskor og «Ovspel» med mannskor og deler av Sunnmøre spelemannslag. Det var operasongar Oddbjørn Tennfjord med «Eg rodde meg ut på seiegrunnen»; det var religiøse folketonar, stevleik og naturlegvis allsong. Det var danserytmar med Krokens kvartett og Liens kvartett; det var «Jølstrabrura», Anders Vikens stemningsfulle bryllaupsmarsj, i både fele- og orgelarrangement.

Dei musikalske krumspringa var mange: Det vart spelt på vassause, sag og løvetann. Den sindige fotograf Sødal spelte sågar på eigen tanngard og gav så vemodig vakkert til beste ein utdøyande kunst: plystring. Storblåsaren Dagfinn Nupen hadde både bukkehorn og neverlur på repertoaret, og ein ung Arne Ruset imponerte med sitt treskotrampande «Rockestev» frå diktsamlinga Spelmannslaget Love. Til og med Lasse Fjørtoft sin demonstrasjon av gammal stavemåte etter bestemora, vart som reinaste rappen.

Og alle dei ekte dialektane som så frimodig vart demonstrert! Når eit av innslaga var teksta for «dialektsvake», var det elles mynta på kansellispråket. Vi var så heldige å få med oss fleire populære og profesjonelle skodespelarar: Helga Holdhus, Ingolf Rogde, Jon Eikemo m.fl. – og Henning Rivedal som den ikkje heilt så profesjonelle lysbileteframvisaren Godvald Viken.

Om tonen var jovial og humoren folkeleg, skulle det absolutt ikkje farast med tøv og tant.

Etter fjøstid: 40 år etter
Etter fjøstid: 40 år etter
To scener frå Etter fjøstid 9. juni 1974: øvst speler Indre Sunnfjord Spelemannslag, nedst dansar Oline og Oddbjørn Hesjevoll ein jostedalsspringar til slåtten «Bjørnheimen», spelt av Sjur Hesjevoll.

Vellykka talentjakt

Før programopptaka farta vi land og strand rundt på leit etter underhaldningskrefter. For dei aller fleste vi fann fram til vart Etter fjøstid fjernsynsdebuten. I fleire tilfelle kan vi snakke om stjerneskot. I Todalen fann vi den unge kantoren Henning Sommerro med bandet Mad Movies. På førespurnad om gutane også opptredde med lokalt stoff, mumla dei «Vårsøg». Visa var med i opptaket frå Stranda ungdomshus; men på grunn av ein litt for lang deklamasjon i innslaget før, måtte fjernsynsdebuten av «Vårsøg» ofrast i redigeringa. Vi skulle berre ha visst! Men «Storstangvikhjellingen», ein gammal vals som Henning Sommero hadde gjort om til «beat», vart med.

Frå Sogndal fekk vi besøk av eit anna ungt dansemusikkband; Compact kalla dei seg, og song om storbygda. Til gruppa høyrde mellom andre Olav Stedje og gitaristen Svein Dag Hauge, som vi eit par år seinare møter att i det velkjende bandet Lava.

På eige initiativ etablerte Etter fjøstid storband: Sogn og fjordane Fylkesstorband med musikarar frå heile fylket. I dette prosjektet var det lagt ned eit imponerande arbeid. Musikarane, frå 18 til 68 år, reiste milevis for å øve saman, og dei samarbeidde også etter at fjernsynsopptaka var over.

På programmet stod også folkedans. Mellom anna dansa Oline Hesjevoll og skodespelar Oddbjørn Hesjevoll frå Jostedalen ein praktfull jostedalsspringar. Men det var nok felespelarane som i størst grad sette sitt folkemusikalske preg på Etter fjøstid.

Med spelemennene følgde gode historier og replikkar. Det nyskipa Hallkjellsvika spelemannslag kunne fortelje at før dei fór heimanfrå hadde ein sambygding karakterisert bogestroka deira som «Slaget på Stiklestad». Ungkar og spelemann Petter Eide vitsa i velkjend stil om dametekket sitt og spelte slåttar av Gabriel Ree. Ikkje minst var Indre Sunnfjord Spelemannslag, med unge, lovande Sigmund Eikås som leiar, populært. Laget hadde fornya seg og fått med eit par jenter, som dei sjølvsagt var stolte av.

På Landskappleiken eit par år seinare var det fire deltakarar i yngste klasse – og det var dei fire Småhonndølene.

 

Etter fjøstid: 40 år etter
Småhonndølene gjer seg klare til å spele ein springar frå Hornindal på Etter fjøstid 21. september 1975. F.v. Kåre Tvinnereim, programleiar Bergljot Engeset, Knut Jarle Kroken, Torunn Raftevold og Gunnhild Sindre.

Første felejentene

Det var i Kvinneåret 1975 at felejenter for alvor vart lagt merke til. Sjølv hadde eg tidlegare det året vore programleiar for den norske Melodi Grand Prix-finalen; det var første gongen at programmet hadde kvinneleg programleiar. No stod fire 11-årige felespelarar frå Hornindal, Småhonndølene, på scenen i Stranda ungdomshus og fascinerte heile Fjernsyns-Noreg: Kåre Tvinnereim, Knut Jarle Kroken, Torunn Raftevold og Gunnhild Sindre. Til NRK strøymde det på med begeistra helsingar: Kan jenter verkeleg spele fele?!

Dei to jentene finn vi seinare att i spelemannslaget Honndalstausene. I eit intervju fortel Gunnhild Sindre at Småhonndølene etter fjernsynsprogrammet fekk speleoppdrag over heile distriktet. På Landskappleiken eit par år seinare var det fire deltakarar i yngste klasse – og det var dei fire Småhonndølene. Etter endå eit par år var det rekorddeltaking i denne klassa.

Som kvinneleg spelemannslag vekte også Honndalstausene oppsikt. Sjølv om det på dei tidlegaste kappleikane kunne bli slengt ertande kommentar om «skjørtetillegg» og ekstra poeng for «søte jenter», var mottakinga god. Kvinnelege spelemenn frå Hornindal har elles stolte tradisjonar: av tretten kjende spelemenn i området frå om lag midt på 1700-talet og hundre år fram, var det sju kvinner.

 

«Det var så og seie ikkje folk å sjå utandørs i Sogn sist sundagskveld. Alle sat planta ved TV-apparatet og såg Etter fjøstid», kunne avisa Sogningen fortelje etter første sendinga. Men elles hadde dei lokale det travelt nok; særleg i Vik, der dei fleste opptaka vart gjort. Og særleg mjølkebonden Ragnar Hove. På Etter fjøstid-skjermen deltok han med vidd og varme i sketsjar, i vitsekappleik, i songlag, som diktopplesar og visesongar. Utanfor opptak var han med å trekkje i dei mange trådar som trongst for å få fjernsynsprosjektet i hamn.

Dette er altså over 40 år sidan, og eg har korkje hatt kontakt med bygda eller folket etter det. Då eg høyrde at Etter fjøstid var på nettet ringde eg straks Vik kommune. Men dei visste det alt. Han Ragnar Hove hadde gitt beskjed.

Alle dei gamle Etter fjøstid-programma kan du sjå viss du klikker deg inn på nrk.no.