European Folk Network har eksistert sidan 2019, og er ei samanslutning av ulike folkemusikkaktørar i Europa, mellom desse FolkOrg. Den 23. september i år arrangerer dei for første gong European Folk Day, og det er planlagd arrangement over heile Europa.
Registrerte arrangement finst i arrangementskalenderen på nettsida til European Folk Network. Organisasjonen ønsker at det føregår flest mogleg folkemusikkarrangement denne dagen, og viss du har planlagt eller veit om arrangement som ikkje ligg i kalenderen, kan du registrere desse på ei eiga nettside.
Foreløpig er det to aktørar i Noreg som har registrert deltakinga si i European Folk Day-kalenderen. Riksscenen arrangerer tre konsertar: Først er det «fyrispel» med Astrid Garmo solo på fele og hardingfele, deretter Phantasmagoria, Daniel Lazar sitt tingingsverk til årets Førdefestival. Kvelden blir avslutta med Tuvas blodklubb som får besøk av to hardingfelespelarar og ein DJ.
På Kulturhuset i Halden blir det konsert med duoen Trollpakk, som syng norrøne songar. Konserten blir også strøyma på Zoom. NRK Folkemusikk markerer også European Folk Day med konsertopptak frå klokka 10 til 22. Alle konsertane er henta frå Euroradio Folk Festival, som fann stad i juli i Rudolstadt, Tyskland.
Til festivalen vel kringkastingsunionar frå ulike land ut kvar sin artist frå heimlandet til å spele, og det norske bidraget er folkrockbandet Gangar. Også andre bidrag har koplingar til Noreg: Danmarks bidrag er Víík med norske folkesongar på repertoaret og norskfødde Elisabeth Vik på vokal, medan Finland er representert av nordsamiske Solju, alias mor Ulla Pirttijärvi og dotter Hilda Länsman.