Slik me kjenner norsk folkesong frå eldre kjelder, er det musikk som har vore framført solistisk eller (meir eller mindre) unisont. Dessutan har me store mengder folketonar som har vore arrangerte for kor av klassiske komponistar, men då er vanlegvis både framføringsstil og kontekst endra, og såleis noko anna.

Men dei siste 30 åra har me sett fleire freistnadar på alternative tilnærmingar. Medlemene i trioen Tiriltunga hadde utgangspunkt i tradisjonell syngemåte, men laga nye, fleirstemmige arrangement. Koristane i Oslo kammerkor har integrert element av folkelege stilelement og improvisasjon, etter først å ha lært songane av Berit Opheim og Sondre Bratland. Folkesongen sin heva status i musikkutdanningssystemet, m.a. gjennom kursverksemda på Ole Bull Akademiet, har og hatt mykje å seia for den stigande interessa for folkesongen utanom folkemusikkmiljøa.

Vokalkvintetten Fauna si første plate føyer seg inn i denne tilnærmingsmåten som er prega både av interesse for tradisjonell framføring og nyare stilartar. Songarane (Silje Worquenesh Østby Kleiven, Camilla Marie Bjørk Andreassen, Beate Børli Løkken, Christina Thingvold og Gudrun Emilie Goffeng) har utgangspunkt i klassisk musikk og jazz. Men her presenterer dei sine eigne arrangement av salmar, bånsullar og viser. Ein merkar impulsar frå mange slags former for nyare korsong, frå minimalistisk bruk av dronar til intense utbrot av typen ein særleg kjenner frå prosjektet «La Mystére des Voix Bulgares» (med moderne arrangement av bulgarsk folkemusikk for damekor). Denne teknikken nyttar dei særleg i salmen «Krist stod opp av døde», der omkvedet «Kyrie eleison» vert drege ut til eit langt bønerop – bokstaveleg tala.

Fauna - Solefall
Fauna: Solefall
  • TerjeB Production, 2015
  • 13 spor, 45 minutt
  • Produsent: Terje Baugerød

Songarane sin bakgrunn kan merkast når det gjeld stemmebruk og frasering. Men dei freistar i tillegg å integrera element frå folkesong, der særleg forslag og ornamentikk fungerer som stilistiske markørar. Sjølv om dei slik sett freistar å ta den folkelege songen på alvor, merkar ein at dette ikkje er integrert på same måte som hjå songarar som har arbeidd med materialet over lengre tid. Difor tykkjer eg at det er dei arrangementa der songarane dyrkar eit originalt uttrykk, utan å prøva å bere seg åt som «kvedarar», som fungerer best. Opningssporet «Den fyrste song» og kveldsbøna «Din sol går bort» er fine døme på korleis dei ulike stilistiske elementa er integrert på ein heilskapleg og truverdig måte. Polsen «Vinndans i Jo’Ansjaløen», derimot, er stiv i uttrykket, og nærmar seg faretruande det ein kan oppfatta som parodi på «folkemusikk i kor».

Det er fem klåre og velskolerte røyster me høyrer. På tross av ulike handverksmessige utgangspunkt, utfyller røystene kvarandre på ein god måte. Arrangementsmessig har me høyrt det meste før, utan at det gjer noko. Musikken er ikkje oppsiktsvekkande, men til tider svært vakker.