I arbeidet med bokserien Norsk folkemusikk – slåttar på vanleg fele (òg kjend som Feleverket, red. merk.), ved Norsk Folkemusikksamling, har eg råka borti særs mykje interessant materiale. Som den einaste i redaksjonsnemnda som har arbeidd på heiltid med prosjektet, har eg mellom anna vore gjennom det meste som finst tilgjengeleg i offentlege arkiv av slåttespel og intervjustoff frå dei distrikta vi har arbeidd med til no. I tillegg er litterære kjelder bruka, og atskillig nytt innsamlingsarbeid er gjort for å dekke dei einskilde område og tradisjonar best mogleg.

For meg har særleg denne sistnemnde delen av arbeidet vore ei stor beriking, både på det musikalske og det menneskelege planet. Alt materialet til dei to første binda av bokserien ligg no ferdig. Det omhandlar tradisjonane på vanleg fele i Oppland, der Ottadalen utgjer eit klart tyngdepunkt.

Her er det mykje som kunne bli emne for lange og trauste artiklar, men og mangt som utfordrar fantasien, der spørsmåla er mange, men dei sikre svara få.

Kva var det eigentleg som ga Fel-Jakup den eineståande posisjonen han fekk, både i samtida og ettertida, og over eit så stort geografisk område?

Fel-Jakup - tradisjonsberar, nyskapar, eller ...

Med ry i særklasse

Eit emne eg er freista til å lufte, gjeld den legendariske spelemannen Fel-Jakup frå Skjåk. I arbeidet med feleverket har det ikkje skorta på opplysningar om slåttar han har spela, slåttar han skal ha laga, eller kvar han fór med fela. Men kva var det eigentleg som ga han den eineståande posisjonen han fekk, både i samtida og ettertida, og over eit så stort geografisk område?

Med våre begrep må vi sjølvsagt sjå han som ein viktig tradisjonsberar, men samstundes må det ha vore noko «nytt», noko langt utanom det vanlege med han.

All omtale av Jakup er positiv, både i heimtraktene og i andre distrikt, til dels formidlar han ei høgstemd beundring over eit musikalsk flogvit og spelet hans. Vi har opplysningar, ymse historier og sterke skildringar, som sikkert ofte er iblanda slikt folkeleg fantasigods som gjerne har følgd dei beste spelemenn til alle tider. Men det er ikkje tvil om at Jakup sitt spel har vore ei stor oppleving, ja bortimot ei openberring for mange som høyrde det og dansa etter det. Men å skilje ut noko konkret frå alle dei store orda, om kva for stildrag og musikalske kvalitetar som var særmerkte for han, er vanskeleg.

Skulle ein koma nokon veg med dette, måtte ein setje Jakup opp mot samtida si, og dei feletradisjonane som var utgangspunktet hans. Dernest måtte vi plassere han inn i det store biletet av feletradisjonar i distrikta der han fór. For Fel-Jakup var på farten med fela i store delar av sommarhalvåret gjennom meir enn 40 år. Difor er det uråd å vurdere han som ein vanleg lokal spelemann, sjølv om heile fundamentet hans var ein solid Skjåk-tradisjon.

Kva seier «soga»?

Det fyrste som fell i auga er at Fel-Jakup har spela saman med, og utveksla slåttar med eit stort antall spelemenn frå mange ulike distrikt. Også der må han ha vore i særklasse, for slike opplysningar har vi frå dei fleste bygdene i Nord-Gudbrandsdalen, og frå mange bygdelag i Nord-Østerdalen, Trøndelag, Nordmøre, Romsdalen, Sunnmøre og Nordfjord. Frå sist i 1830-åra og frametter går det fram at han var mykje i lag med spelemenn som var atskillig eldre enn han sjølv. Jakup var fødd i 1821, og dei han spela saman med må ha fått stilkjensla si i den «gamle» tida da springaren, polsen og hallingen var dei heilt dominerande dansetypane i desse distrikta. Dette fortel om nærkontakt med ei rad gamle lokaltradisjonar med tilhøyrande ulike spelestilar.

Frå litt seinare år veit vi at Fel-Jakup kunne konsertera med fiolinisten og komponisten Anders Sørensen, og at han langt på veg beherska den same avanserte teknikken. Var Jakup så gåverik og overlegen i musikalitet og teknikk at han evna å «ta» dei mange einskilde lokale stilane og spelemåtane? Eller var kanskje skilla mellom dei ymse distriktstradisjonane og stilartane mindre framtredande enn vi tenkjer oss dei i dag? Eller sto Jakup (og alle andre?) friare i si handsaming av musikken og spelestilane? Var kanskje evna til eiga utforming eller «stilskaping» over ein meir generell folkemusikalsk lest eit viktigare element enn vi helst trur?

At Jakup var høgt verdsett som spelemann kvar han enn kom, er det i alle fall ikkje tvil om. Det må vitne om ei evne til å spele slik folk sette pris på, og dei «lokale» krava til dansemusikk må vi gå ut frå var høge alle stader. Slikt har folk gjerne hatt sterke meiningar om til alle tider.

Fel-Jakup var på farten med fela i sommarhalvåret gjennom meir enn 40 år. Difor er det uråd å vurdere han som ein vanleg lokal spelemann, sjølv om heile fundamentet hans var ein solid Skjåk-tradisjon.

Glimt frå munnleg Jakup-tradisjon

I Ålen i Sør-Trøndelag har polsar etter «Dølguten», som Jakup vart kalla der, vore i bruk fram til i dag. Det er ei vanleg oppfatning der at Jakup påverka den seinare så framtredande spelemannen og slåttesamlaren Anders Reitan til å utføre spelet meir einstemd enn kva som var vanleg der tidlegare. Vika-Petter (1822–1884) frå Austefjorden på Sunnmøre skal, ved sida av at han bytte ei mengd slåttar med Jakup, ha lært «skjelvetonar» (vibrato?) av han. Om Gamle-Hjortdalen (1800–1887) frå Sykkylven er nemnd at han bruka berre ein liten del av bogen, men var rekna som mesteren blant «dei gamle». Jakup kom dit til bygda med nyare musikk, og det vart lagt merke til at han strauk med heile bogen.

P.M. Bolstad (1833–1910) sa at det var meir kultur over spelet til Jakup enn det ein til vanleg høyrde av andre spelemenn. Han hadde eit fint strøk, og ei uvanleg god venstrehand, og han meistra posisjonsspelet som ein fiolinist. Per Støyva i Breim lærte av Anders Reed, som spelte atskillig i lag med Jakup. Oppfatninga der var at «… det var nå han (Jakup) som var idealet for spelemenn her i Breim. Han hadde eit spel som ikkje nokon hadde, dei kalla det byspel. Det var på ein annan måte enn dei vanlege spelemenn spelte, det var reint og greitt og litt utanfor det dei spelte her».

Lars Grov i Hornindal omtala Jakup slik: «Hans spel kan visst ikkje liknast med dei andre gamle spelemenn. Spelet var nukk ikkje så rikt på krusedullar som til dels dei gamle spelemenn, men derimot mjukt og omfangsrikt frå dei låge tonar til dei høge stillingar».

Ein banebrytar

Desse nemnde utsegnene, og somme andre, syner at Jakup-spelet er oppfatta som reint, klårt og mjukt, medan andre peikar på det kraftfulle, klangfulle og dansbare. Nokon har kalla det «byspel», der det nye og spesielle var bogebruken, skjelvetonar, einstemd («rein») melodiføring, bruk av avanserte tvigrep og drevent posisjonsspel. Men mange utsegner handlar og om Jakup i samspel med dei «gamle», der desse stildraga følgjeleg ikkje kan tenkjast å høyre heime. Da må han ha hatt evna til å beherske mange spelemåtar og stilartar, slik enkelte utsegner også klårt antyder.

Det må heller vere Jakup som «konserterande virtuos» i den nyare dansemusikken som er framheva i mange av desse vurderingane. Det kan stemme godt med Anders Reed sine utsegner om at det helst var nyare musikk Jakup let da dei var saman ikring 1870. Det er gjerne tekniske sider ved spelet som er framheva som viktigaste grunnen til å stille Jakup i ein klasse for seg blant gode spelemenn. Det kan sjå ut til at han fekk den posisjonen han har hatt i eitt og eit halvt hundreår, både i eigen tradisjon og over store delar av områda for den vanlege fela, avdi han gjekk ut over rama for tradisjonell folkeleg spelestil i samtida si. Og det kan vere eit tankekors for dagens tradisjonsideologar.

Rett nok kjem mange av dei nemnde glimta frå distrikt utanom Gudbrandsdalen. Men opplysningane om det nye med Jakup dreg i same lei overalt. Vurderer ein dette saman med det eldste slåttematerialet vi kjenner til i dag, ser det ut til at dei tekniske ferdigheitene som vert trekte fram i Jakup-spelet, var nye element i slåttemusikken, uansett distrikt og tradisjon.

Fel-Jakup - tradisjonsberar, nyskapar, eller ...
Illustrasjon: Andreas Ljones

Les, lytt og sjå meir:

Folkemusikktimen 1. august 2021 – John Ole Morken intervjuar Aslak Brimi om boka og CD-en gitt ut i høve jubileet

Ivar Teigum og Rolv Brimi: Fel-Jakup – meldt av Ånon Egeland for Folkemusikk

Fel-Jakup – fyldig artikkel på lokalhistoriewiki.no

Frå Fel-Jakup, Gammal-Sjugurd og Per Spellmann si tid – NRK vitjar lomsspelmannen Erling Kjøk (TV-program frå 1976)

Sluttkommentar

Alfred Bismo i Skjåk var ein særs god kjennar av Jakup-tradisjonen, både som spelemann og historikar. Han og eg diskuterte dette emnet i eit par dagar i 1986, og funderingane hans er verd å merke seg. Han spurde om det var urettvist og kanskje uheldig at dei store tek all glansen frå dei «litt mindre», dei som kan ha hatt den aller største betydning i sitt eige lokalmiljø. Eit nærliggjande eksempel er rolla til Gammel-Sjugurd i Skjåk. Han var fel-læraren til Jakup, og levde eit liv som lokal skreddar og spelemann, med størst interesse for det gamle, både i slåtteval og spelestil, og aktiv spelemann så lenge som 13 år etter at Jakup var gått bort. Kanskje har dei lokale speltradisjonane vel så mykje å takke dei «litt mindre» for, dei som representerte det gamle stabiliserande elementet som er fundamentalt i ein speltradisjon.

Artikkelen blei først publisert i Spelemannsbladet nr. 5/1990. Den andre av dei to artiklane i serien stod på trykk i Spelemannsbladet nr. 7–8/1990, og  er òg republisert her på folkemusikk.no.