Hallvard Øfstaas
– Kva er høgdepunktet på Folkelarm 2023 for deg?
– For meg er alltid høgdepunktet å danse masse. Jo meir eg får dansa, jo betre er det! Fredag byrja dansen klokka halv elleve – det var litt seint.
– Kva er tidenes Folkelarm-høgdepunkt for deg?
– Å sjå igjen alle kjende, og bli kjend med forskjellige folk. Det var ganske kult i 2019 då Bjørn Kåre Odde blei årets folkemusikar på Folkelarmprisen, og spelte med Ole Nilssen.
– Noko du saknar i år på Folkelarm, som du ønsker deg til neste år?
– At dansen byrjar tidlegare!
«Eg skulle gjerne blitt overraska meir, få presentert noko som ingen har høyrt før! Det kunne auke kjensla av at ein er nøydd å vere her, at det er på Folkelarm det nye skjer.»
Mette Vårdal
– Kva er høgdepunktet på Folkelarm 2023 for deg?
– Det er litt vanskeleg å seie: Eg har plukka ut konsertar som skal utfordre meg, som eg er nysgjerrig på. Eg har nett høyrt Rakkarpakk, som eg høyrde for lenge sidan og som har utvikla seg veldig, det var gøy å sjå. Einaste konserten som er «bankers» er Odde & Holmen på Intimscena etterpå – då veit eg kva eg går til, og skal berre kose meg!
(Etter laurdagsnatta fekk vi mail frå Vårdal: «Den aller største opplevelsen i år var nok Gabba. Jeg visste de var bra, men for et liveband! Det var en helt uslåelig spilleglede som smittet.»)
– Kva tyder Folkelarm, for deg og for miljøet?
– Eg hugsar dei aller første åra med Folkelarm, då det føregjekk på fleire stader og konseptet var uferdig. Eg opplever at det har landa veldig på Riksscenen og fått ei attkjenneleg form, samtidig som arrangementet og miljøet er i utvikling. Vi merker at det ikkje er Oslokappleik, laurdagspublikummet er eit litt anna. For første gong er eg nå på Folkelarm og kjenner på at det er fleire her eg ikkje kjenner enn eg kjenner! Det er også ein bra ting, men det gjer kanskje også at Folkelarm må tenke på kva det skal vere, og kven ein er for.
– Noko du kjenner Folkelarm manglar, som må vere med neste år?
– Eg skulle gjerne blitt overraska meir, få presentert noko som ingen har høyrt før! Det kjem kanskje av treigheita i systemet: at du må søke i mars, med musikk som alt er ute. Noko meir overraskande kunne auke kjensla av at ein er nøydd å vere her, at det er på Folkelarm det nye skjer.
Trond Ole Haug
– Kva er høgdepunktet på Folkelarm 2023 for deg?
– Det er så mange høgdepunkt her, utruleg mykje bra! Eg kom torsdagen og var på Folkelarmpris-utdelinga, og sidan har eg gått og vandra her. Det er berre høg kvalitet, frykteleg mykje spennande musikk, skikkeleg artig.
– Har du noko som er tidenes Folkelarm-høgdepunkt?
– I grunnen ikkje. Eg var nå på første Folkelarm, då det var nede ved Akerselva der, det er lenge sidan. Det fungerte bra der au. Men – det kryr av høgdepunkt, det er umogleg å seie det meir presist.
– Er det noko du saknar på Folkelarm i år, som må vere her neste år?
– Eg saknar ein del folk som er like gamle som meg! I fjor var det mange fleire, vi døyr vel bort.
Heidi Kvelvane
– Kva er høgdepunktet på Folkelarm 2023 for deg?
– Høgdepunktet var Mojna på Klubbscenen fredag!
– Du er på Folkelarm for første gong, korleis er det?
– Veldig gøy! Kjekt å oppleve så mykje bra folkemusikk og masse fine folk. Og dansing sjølvsagt, det høyrer jo med! Eg dansar vestlandsspringar, rudl og gammaldans, og prøver meg på litt anna.
– Er det noko du saknar på Folkelarm, som du synest må vere her neste år?
– Eg var på Oslokappleiken i år òg, og har høyrt rykte om at var del av Folkelarm før. Det hadde vore kjekt å ha kappleik her også. Men eg forstår at det er mykje folk her uansett.
Per Skranglebein
– Kva er høgdepunktet på Folkelarm 2023 for deg?
– Eg gler meg veldig til buskspel i baren, og forhåpentleg til å høyre nokre veldig fine showcases. Eg er her også for å finne folkemusikarar eg kan tipse eit eventbyrå om, dei er på jakt etter musikkopplevingar som dei ikkje visste fanst.
– Har du noko som er tidenes Folkelarm-høgdepunkt?
– Eg har mange høgdepunkt, mange oppturar og også nokre nedturar. For meg har Folkelarm for det meste vore ei fantastisk greie, som det meste i folkemusikken. Eg trur det er sunt for Noreg, samtidig som det er sunt for dei utanlandske bookarane å komme hit og oppleve norsk tradmusikk – som er noko heilt anna i dag enn for ti år sidan. For meg er det viktigaste dei uplanlagde musikalske møta, mellom folk med forskjellige instrumentkulturar, når solospel møter samspel.
– Er det noko du saknar her i år, som du synest må vere på Folkelarm neste år?
– Eg saknar vel ei scene for samspel på tvers av ensemble og kanskje landegrenser. At ein opnar moglegheita for å gjere noko som ikkje er altfor planlagt.
«For meg er det viktigaste dei uplanlagde musikalske møta. Eg saknar vel ei scene for samspel på tvers av ensemble og kanskje landegrenser.»