Sigrid Stubsveen

– Kva sit du att med etter Tono-seminaret i dag?

– Først og fremst at det alltid lønner seg å prate saman, finne ut av kva som er utfordringane og forstå kvarandre sin ståstad. Det var godt å høyre det Sivert Holmen sa: Det er ikkje nødvendigvis berre éi løysing på ei utfordring. Tono åleine kan ikkje løyse dette, men saman med utøvarane og FolkOrg kan ein kanskje komme fram til fleire løysingar, som kan gagne den tradisjonelle folkemusikken.

– Korleis har Tono-systemet fungert for deg?

– Eg kjenner meg att i systemfrykta som fleire nemner. Det går i bølger: Av og til er det null problem å logge seg inn og registrere ting, ein kjenner ein har stålkontroll. Andre gonger får ein litt noia og frykt for å gjere noko feil, og det endar med at ting ikkje blir registrert. Eg trur det gjeld veldig mange. Det er like mykje mi eiga som Tono si utfordring.

Fem på Folkelarm om Tono-debatten
Sigrid Stubsveen, foto: Ingrid Ytre-Arne

Ragnhild Knudsen

– Kva sit du att med etter Tono-seminaret i dag?

– I Tono-systemet snakkar ein om ferdige kunstverk som ein endrar eller bearbeider, men i tradisjonen vår er bearbeidinga ein del av kulturen. Ein har ikkje nokon fasit, ingen eigentlege originalversjonar å samanlikne med. Korleis skal ein vurdere om noko er litt eller noko omarbeida når det ikkje finst ein original? Når det ligg i tradisjonen at slåtten heile tida er i utvikling av dei som brukar han, og lagar sine eigne versjonar? I vår tradisjon finst det nokre store kreative rom som vi ikkje får utteljing for slik systemet er i dag. Men det er også riktig å spørje seg om dette er Tono sitt ansvar.

«I Tono-systemet snakkar ein om ferdige kunstverk som ein endrar eller bearbeider, men i tradisjonen vår er bearbeidinga ein del av kulturen. Korleis skal ein vurdere om noko er litt eller noko omarbeida når det ikkje finst ein original?»

Ragnhild Knudsen

– Er dette noko du har personleg erfaring med?

– Eg har ikkje laga så mykje sjølv, men har arrangert ein del. Eg hadde ein diskusjon med Tono etter at eg melde inn eit slåttearrangement som eg ikkje fekk godkjend. Då spurde eg: Kva samanliknar de med? Det fekk eg aldri svar på. Og eg ser at i mange samanhengar er det kjappare å lage ein settliste med berre eigne låtar, og det får ein også mykje meir igjen for. Dette blir veldig feil.

Fem på Folkelarm om Tono-debatten
Mattias Thedens, foto: Marit Sletten

Mattias Thedens

– Kva sit du att med etter Tono-seminaret i dag?

– Det verkar som at systemet er litt utdatert, og at det trengst ei utvikling som følger musikken. Men det er veldig bra at diskusjonen kjem, og eg er veldig takknemleg for at Nopa og Tono var representerte her i dag i tillegg til FolkOrg og artistar som arbeider med dette på ulike måtar. Samtalene skjer, det er ein god start – men det må følgast opp.

– Korleis er di personlege erfaring med Tono?

– Eg spelar i bandet Gangar, og konseptet vårt er ikkje å endre slåttane, men å kle dei i heilt ny drakt full av rock’n’roll og heavy metal. Vi har diskutert det mange gonger: Skal vi tenke at det vi lagar her er noko heilt nytt inspirert av slåttane, og registrere det som vårt eige? Men vi har valt å vere forsiktige registrere det som arrangement av frie verk. Som resultat får vi satsar på mellom 25 % og 33 %, og då vi er fem personar som deler likt, kan eg til dømes få 6,7 % av full komponistsats. Eg meiner det kunne ha vore meir lønsamt økonomisk, den innsatsen vi gjer for å fremje tradisjonsmusikken. Det er veldig vanskeleg å vere musikar for tida, vi treng alle inntektene vi kan få. kunne ha vore noko av det som heldt oss gåande, men slik det er i dag, er ikkje Tono-pengane ein monaleg del av inntektene våre.

Jo Asgeir Lie

– Kva sit du att med etter Tono-seminaret i dag?

– Det var eit veldig nyttig seminar, og fint at det blir dialog framfor konfrontasjon. Det er vanskelege spørsmål, men viss ein har som mål om å finne løysingar, trur eg det er mogleg å få til. Ein kan få til ting innanfor Tono-systemet òg, ingenting er hogd i stein. Men institusjonane og organisasjonane, spesielt FolkOrg, er nøydde å vere tydelege og ta denne ballen.

– Har du personlege Tono-erfaringar kring dette?

– Ja. Det å nytte tradmusikk, også når det er arrangert, gir veldig lite pengar i kassa samanlikna med å spele eigne komposisjonar. Å bruke tradmusikk blir noko ein gjer fordi ein vil det, ikkje fordi ein tener pengar på det. Hadde ein vore meir kynisk, hadde ein spela berre eigenkomponert musikk.

Gro Marie Svidal

– Kva sit du att med etter Tono-seminaret i dag?

– At vi har behov for å definere eller bli samde om nokre begrep, som vi legg litt ulike ting i. Eg ser ein tydeleg vilje hos alle partane til å kome saman og snakke saman. Det synest eg er veldig flott.

– Har du nokre personlege erfaringar med Tono-systemet?

– Ja, eg har vel vore borti alle dei sidene som har vore nemnt her i dag. Alt ifrå nykomponering via arrangering og ned til null – der Tono reknar deg som «rein utøvar», der du verken arrangerer eller bearbeider. I tillegg har eg skapt ny musikk som ikkje er innom Tono-systemet i det heile: Eg har laga musikk til danseførestillingar, og der kjem heilt andre rettigheiter, reglar og krav inn. Då gjer ein avtale direkte med spelestadene for å få utbetalt pengar for musikk ein har komponert.

Fem på Folkelarm om Tono-debatten
Gro Marie Svidal, foto: Bjørn Sletten