Øvste bildet: Det var kurs i hallingdans i Frendehall. Vi ser frå v. Jakob Roset, Kjartan Naustdal, Kjersti Rønning, Kari Storøy, Rubina Podgorski og kursleiar Ånund Myhren.
– Ei enorm oppleving, sa Knut Buen og svinga med hardingfela etter konserten til kursinstruktørane under Fjelljomfestivalen på Fjelli i Nordfjord, eit godt stykke frå Stryn sentrum.
Fjelljomfestivalen har fått skikkeleg fotfeste. To heile dagar til ende var det trekkspeltonar, felemusikk og dans i ungdomshusa Frendehall og Fjellvarden – frå morgon til langt på kveld.
– Alt er så godt organisert, sa Knut Buen etter siste konserten, medan dei rydda golvet til dans.
Stor spennvidd
I motsetnad til samarbeidspartnar og trekkspelar Håvard Svendsrud, som har mange festivalar bak seg, var dette første turen til Stryn for Buen. Han var imponert over Stryn som kulturkommune, og spesielt dei velhaldne ungdomshusa.
– Det gler meg at her er så mange unge talent, sa Buen som til liks med Svendsrud gjerne kjem attende til Fjelljomfestivalen.
Buen og Svendsrud har turnert saman sidan 2016, og dei to slo seg skikkeleg lause til glede for ein fullsett sal. Repertoaret hadde stor spennvidd frå vemodig lydarslått frå Telemark på fele, til Johann Sebastian Bach på trekkspel. Mellom slåttane krydra Buen, som også er folkeminnegranskar, med kommentarar og gode historier.
Tidsramma for konserten vart sprengd til stor glede for tilhøyrarane, og det måtte ekstranummer til.
Mange konsertar og kurs
Konserten fredag med fokus på Jo Blakset og Samuel Bergset, to lokale spelemenn som har sett djupe spor etter seg, var lagt til Frendehall. Det var rekna nærast som huset hans Jo. Eit hus der han var vaktmeister utan løn til langt opp i dei nitti.
Dei var lesarkameratar, Jo og Samuel. To spreke karar som var kjende for spelet sitt, og som også var berebjelkar i starten på Fjelljom. Samuel var den første musikalske leiaren. Blakset spelemannslag var skipa i 1962. Året etter vart det utvida til Fjelljom.
Fjelljomfestivalen er ikkje berre konsertar. Det er også kurs. Folk kjem langveges for å lære, i alt 44 deltakarar. Sunnmøringen Åsmund Farstad, som rykte opp i A-klassa i fele på siste kappleik og fekk første napp på hardingfela, er medlem i Fjelljom. Han stilte som instruktør saman med Knut Buen.
Bolstadprisen
Utdeling av Bolstadprisen er eitt av fleire høgdepunkt under festivalen. Prisen som er ei vidareføring av Emil Bolstads legat, skal vere ein stimulans til unge som fører vidare tradisjonane innan folkemusikk og/eller folkedans.
Juryen, samansett av Antonia Karete Haugen Kongsvik, Jorunn Sollid, Idar Holen, Svein Nesje og leiaren Arne M. Sølvberg, kan leite etter talent over heile landet. I år var det Hannah Moira Midtbø-Bruner frå Osterøy som kunne ta imot prisen på 20.000 kroner.
Ho var vinnar av yngste klasse på landskappleiken i år. Hannah er berre 19 år, men det er 14 år sidan første gongen ho var på kurs. Multitalentet spelar både hardingfele og vanleg fele, og er med i symfoniorkester.
Prisvinnaren som er halvt canadisk gav oss ein smak både på norsk og canadisk folkemusikk. Det siste saman med faren, Trent Bruner, på piano. På den norske delen opna ho naturleg nok med ein springar etter «Gamle Per» Bolstad.