Tekst: Pressemelding

Som lita blei Johanne Flottorp fora på gamle kassettar og CD-ar med spelemenn frå Setesdal. Mange av desse fekk ho av Salve Austenå, men like mange fekk ho tak i då ho var på kursa Vidar Lande heldt for Sørlandets spelemannslag. Ho visste ikkje den gongen at ho plutseleg fekk tilgang til eit nytt univers av slåttar og variantar som var ganske unike. CD-ane med svart-kvitt-foto av gamle spelemenn på coveret støva ned nokre år, men i meir vaksen alder tok ho dei fram og skrudde opp volumet. 

For nokre år sidan jobba Åsmund Solberg ei tid med å katalogisere musikk for NRK Folkemusikk. Der høyrde han på opptak og innspelingar frå morgon til kveld, og plutseleg kom han over nokre slåtteformer frå nedre Setesdal som han ikkje hadde høyrt før, men som han straks fekk fot for.

I haust har duoen Flottorp/Solberg eksistert i 10 år. Det markerer Johanne Flottorp og Åsmund Solberg med å gje ut ei ny plate. Den første plata deira mottok Folkelarmprisen i Tradisjonelt samspel og blei nominert til Spellemann. Men den kom dessverre ut eit par dagar før Noreg stengte ned i 2020, så konsertverksemd blei det dårlig med. Denne gongen ser det lysare ut for at lanseringsturneen blir gjennomført som planlagt. 

Det nye albumet går djupare inn i tradisjonsmusikken frå nedre Setesdal. Der den førre var eit resultat av duoens repertoar gjennom mange år, har denne blitt til over ein meir konsentrert tidsperiode, samt med eit meir tydeleg konsept, som munna ut i ei innspeling i Juke Joint studio på Notodden i april i år.

På tur til Vidar Lande, den viktigaste kjelda for denne utgjevinga, fekk dei servert bonusmateriale og gode historier rundt slåttane. Og etter turen til Vidar, blei dei endå meir medvitne om at dei no gjev ut slåttar i variantar som representerer nokre av dei kulaste spelemennene Setesdal har fostra.

Johanne Flottorp - hardingfele, vokal
Åsmund Solberg - akustisk gitar, elektrisk gitar, pedal steel

Du finn meir informasjon om produktet her.

Produsent: Mattis Kleppen, teknikar: Halvor Halvorsen, miksing: Olav Torget mastering: Morten Lund

Konsertar:
Froland bibliotek 7. november - Dølen hotell, Evje, 8. november - Sylvgarden hotell, Rysstad, 10. november - Nye Sjodar, Gvarv 

Kontakt: Johanne Flottorp: johanneflottorp@gmail.com tlf:4790650694,
ta:lik records: info@talik.no, tlf: 92024439

NB! Johanne Flottorp er redaksjonsmedarbeidar i Folkemusikk, men er for tida ute i permisjon.