Skattlandet er ein CD med folkemusikk frå Øvre Telemark, framført av dei tre utøvarane Anne Svånaug Blengsdalen på hardingfele, Inger Lien på vokal og Gøril Ramo Håve på langeleik. Av dei 23 innslaga er tre samspelnummer, resten er soloframføringar. Målet med plata er å lyfte fram eit repertoar av viser og slåttar frå dei øvre bygdene i Telemark, eit repertoar som ikkje er så godt dokumentert av tidlegare utgjevingar. Det i seg sjølv er ein god grunn til å gje ut ei plate.

Me fær møte tre utøvarar som alle har vore med ei stund, men dei har ikkje vore særleg synlege eller aktive på platemarknaden. Likevel må det nemnast at Anne Svånaug Blengsdalen (eller Haugan som ho heitte tidlegare) har vore med på fleire CD-prosjekt. Ho er òg den av dei tre som har kome med eigen solo-CD; Scordatura: slåtter fra Tinn, med slåttar i Gunnar Dahle-tradisjonen, kom ut i 2006. Inger Lien har utmerka seg med gode prestasjonar på kappleikar, og blei A-klassing i vokal folkemusikk på Landskappleiken i 2015. Gøril Ramo Håve har drive med langeleikspel i ei årrekkje, men det er ikkje så mykje me har høyrt til henne dei seinare åra.

Med dette bakteppet er det ekstra hyggeleg at desse tre ’fjøllmannjentun’  har gjenge saman om eit CD-prosjekt. Det nakne og nære lydbiletet og det enkle musikalske «konseptet» gjer dette til ei plate som, trass i ulike instrument og uttrykk, har ei fin ro og heilskap over seg. Kunstnarisk er dette ei interessant plate, og me har å gjera med tre utøvarar som har arbeidd lenge innafor sin tradisjon og som er trygge på stoffet dei framfører.

Fjøllmannjentun - Skattlandet
Fjøllmannjentun: Skattlandet – traditional music from the interior of Telemark
  • Etnisk Musikklubb, 2016
  • 23 spor, 49 minutt
  • ingen opplysningar om opptak, lydmiks eller produsent

Inger Lien frå Møsstrond er etter mi meining ein av dei som i dag har størst truverd når det gjeld å framføre viser og stev innafor telemarkstradisjonen, med bygdeviser som ein del av repertoaret. På Skattlandet har ho berre med éi av desse kjende, visa «Mitt liv», som ho òg har brukt på kappleik med stort hell. Med stor musikalitet og ein «ujålete» syngestil, om ein kan kalle det det, framfører ho stoffet sitt inderleg og ærleg – og utan å dette i den sentimentale grøfta, der einskilde kan hamne. Nytt for meg er at ho hadde ei bestemor, Signe Vegheim Hamaren, som hadde ei handskriven visebok der Inger har henta stoff. Interessant er òg ei lokal stevrekkje frå Møsstrond, nidvers i tradisjon etter Jon Toresgard og Jon Hove. Visa om Møsstrondkyrkja, skriven av kunstnaren Sveinung Svalastoga, er òg lite kjent. Denne skreiv han då han låg verfast på Møsstrond i samband med arbeidet med å dekorere den nye kyrkja innvendig. Melodien er i tradisjon etter kvedaren Svein Krontveit.

Anne Svånaug Blengsdalen, født og oppvaksen i Tinn, reindyrkar slåttetradisjonen etter Gunnar Dahle, som ho hadde som læremeister. Slik kjem ho opp med eit særpreg i slåttespelet som er sjeldan kost i dag. Det ho ikkje kan briljere med av virtuost og «glansa» slåttespel, tek ho att i form av ei tonal fargelegging som fær deg til å spisse øyro. At nokon på denne måten fører vidare ein slåttetradisjon litt utanfor allfarveg, er verdifullt. Her er fin ro og flyt i spelet og fleire lite bruka slåttar, blant anna Gibøspringaren «Fjellbekken». Me må tilbake til ei tidleg innspeling på vinyl med Eivind Mo for å finne denne innspelt. Springaren «Bøkår rennaren» på nedstilt er eit anna døme, nok ein sjeldan slått frå den rike kjelda som heiter Dahlespelet i Tinn.

Gøril Ramo Håve, busett i Haukeli, er ein av yttarst få i nyare tid som har brydd seg om å tileigne seg og framføre langeleikslåttar frå Telemark, ein nesten utdøydd tradisjon. Ho har samla eldre langeleiksstoff , men òg rekonstruert gamle feleslåttar og tilbakeført dei til langeleiken. Det er vel kjent at mykje hardingfelemusikk er bygd på nettopp gamle langeleikslåttar. Spelestilen har Gøril Ramo Håve meir eller mindre måtte finne opp sjølv, ettersom der finst svært få opptak og endå færre levande kjelder i Telemark.

Hennar måte å traktere langeleiken er ei blanding av hennar eige temperament og ei slags førestelling om korleis det kan ha vore. I alle høve har ho funne ein spelestil som absolutt fungerer, med fotetramp og meir rytmisk snert enn det me ofte høyrer frå andre distrikt. Der er tradisjon for at langeleiken har vore bruka som danseinstrument. Slåttane har ho henta mest frå notenedteikningar av Rikard Berge, Eivind Groven og Gregar Nordbø, sistnemnde frå Bø. Dei slåttane ho har henta frå feleslåttar, har blitt til framifrå langeleikslåttar. Ein kan i grunnen undre seg over at ikkje fleire har drive med dette, særleg ettersom mykje av langeleikrepertoaret er tapt.

Omtalen av tradisjonane omkring langeleikslåttane kan verke litt kaotisk: Det er ikkje heilt samsvar mellom den generelle delen og omtalen av dei einskilde slåttane. Men dette er berre ein liten detalj. For dette har blitt ei sjeldan plate, som kan hentast fram når du treng ei avveksling frå all verdas kaos og bombardement av informasjon.

 

Fjøllmannjentun - Skattlandet
Kart frå 1785 der øvre og nedre Telemark er markert i gult. (Kart teikna av Christian Jochum Pontoppidan, redigert av Friman, Wikimedia / CC BY-SA 3.0)

Om ein ser på sjølve omslaget, med eit gamalt kart, og tittelen på plata, Skattlandet, kan det skape litt forvirring. Ein kan velje å sjå på namnet som ein gimmick, men omslaget skapar ei forventning av historisk sus og fakta. Det kjem fram at dei øvre bygdene i Telemark blei kalla «Skattlandet» i mellomalderen, men ingenting om kvifor. Historiske kjelder fortel derimot om tiend, dvs. skatt til kyrkja som blei innført i mellomalderen. Telemark blei på denne tida dela i to: Det gamle Grenland gjekk under namnet «Tiendtaket» og resten av Øvre Telemark blei kalla «Skattlandet» på grunn av at ein i desse bygdene berre betalte den gamle hovudtienden, medan vanleg tiend galdt for resten av Telemark etter ei reform – dei blei altså skatta hardare. Ei kjelde fortel at «Skattene i desse bygdene er eit slags mål på kor stor eller liti makt kongedømet hev havt til å setje viljen sin gjennom».

Dette kan oppfattast som pirk, men det springande punktet er her kvar grensene for Skattlandet gjekk. Det ser ut som at det «gamle» Grenland omfatta både Bø, Sauherad og Heddal og delar av dagens Nome og Drangedal. Når ein vel å bruke tittelen Skattlandet og eit kart frå 1600-talet, signaliserer ein at dette er ei form for dokumentasjonsplate – noko det på éin måte er, men på andre måtar ikkje er. Som kunstnarisk produkt er dette ei framifrå plate, men så lenge ein har med slåttar frå Bø, verkar det litt rart å referere til Skattlandet. Rett nok skriv ein at repertoaret i hovudsak kjem frå bygdene Rauland, Åmotsdal, Tinn og Møsstrond, men kvifor ikkje heller seie: «Fjøllmannjentun hentar slåttar og viser mest frå heimetraktene; men all musikk vandrar, og Bø og bygdene omkring er ein del av Telemarkstradisjonen, ikkje Grenlandstradisjonen – den grensa er litt annleis.»

 

Dette kan vera eit apropos til det komande namnet på eit samanslege Vestfold og Telemark fylke. Dei øvre bygder inkludert Bø og Midt-Telemark kan ta tilbake Telemark som eit regionnamn. Då kan ein verkeleg knyte namnet til det området han høyrde heime i, kanskje til og med før Sigurd Jorsalfar innførde tienda ca. år 1120.

Men hurra for Fjøllmannjentun upponde li´
som drikk og dansar og akar på ski,
men au kan spela og syngje som tri.