Tekst: Kjellbjørn Karsrud
5 207 kunstnarar frå 20 ulike kunstnargrupper over heile landet søkte om stipend i år. Blant desse gruppene er «Folkekunstnere», og her finn ein «utøvere av folkelige kunstuttrykk innen folkedans, folkemusikk, sang, kveding, håndverk og husflid i mange ulike materialer og teknikker».
Alderen på søkarane spente frå 20 til over 80 år. Utvalet for Statens kunstnarstipend har bestemt kven som får stipend etter innstilling frå dei ulike stipendkomiteane.
Statens kunstnarstipend for 2025 er tildelt fleire framståande folkekunstnarar. Stipenda er meint å gi kunstnarane høve til å vidareutvikle sitt kunstnariske arbeid og ha kunstnarisk aktivitet som hovudverksemda si. Storleiken på arbeidsstipend blir fastsett av Stortinget i dei årlege budsjettvedtaka. I 2024 utgjer stipendet kr 318 352 per år.

Blant mottakarane finn vi:
- Kajsa Balto – andre kunstnargrupper – 2-årig arbeidsstipend
- Hilde Fjerdingøy – folkekunstnarar – 1-årig arbeidsstipend
- Olav Christer Rossebø – folkekunstnarar – 1-årig arbeidsstipend
- Ole Gjerde – folkekunstnarar – 1-årig arbeidsstipend
- Jorun Marie Kvernberg – populærkomponistar – 2-årig arbeidsstipend
- Tuva Syvertsen – populærkomponistar – 2-årig arbeidsstipend
Arbeidsstipenda er utforma for å gi kunstnarane moglegheit til å vidareutvikle sitt kunstnariske virke og ha kunstnarisk aktivitet som hovudverksemda si.
I tillegg er det delt ut arbeidsstipend for yngre/nyetablerte kunstnarar:
- Bendik Smedåsgjelten Qvam – folkekunstnarar – 1-årig arbeidsstipend
- Andrea Søgnen – folkekunstnarar – 1-årig arbeidsstipend
- Hans P. Kjorstad – musikarar, songarar og dirigentar – 2-årig arbeidsstipend
Desse stipenda skal gi yngre og nyetablerte kunstnarar i etableringsfasen høve til å utvikle seg kunstnarisk og setje dei betre i stand til å leve av sitt virke som kunstnar.
Vidare har Øyonn Groven Myhren fått stipend for etablerte kunstnarar i ti år. Dette stipendet skal gi kunstnarar høve til å utvikle sitt kunstnariske virke over ein lengre periode og ha kunstnarisk aktivitet som hovudverksemda si.
– Statens kunstnarstipend styrkjer breidda av frie, kunstnariske ytringar og bidreg til eit rikt kunst- og kulturtilbod over heile landet. Det er ei av dei viktigaste investeringane vi kan gjere for å oppretthalde eit samfunn som sikrar rom for ulike uttrykk og meiningar, seier utvalsleiar Trude Gomnæs Ugelstad.
Støtte til plateutgjevingar
Ordninga «Fonograminnspillinger» er også ein moglegheit for folkemusikarar til å få støtte til prosjekta sine. Formålet med ordninga «er å støtte innspilling og utgivelse av musikk som det er et særskilt behov for å støtte, eller som det av musikkhistoriske grunner er viktig å sikre blir dokumentert og tilgjengeliggjort».
Tilskot til innspeling frå Norsk kulturfond er avgrensa til fire bestemte område:
- innspeling av komposisjonsmusikk frå Noreg, inkludert partiturmusikk, orkesterverk og elektroakustiske komposisjonar
- innspelingsprosjekt for barn og unge
- innspelingar som dokumenterer utøvartradisjonar i Noreg, inkludert norsk folkemusikk innan slåttespel, kveding og bygdedans
- innspelingar av tradisjonsmusikk frå den fleirkulturelle musikkscena i Noreg.
Erlend Apneseth Trio skal kombinere improvisasjon, folkemusikk og elektronikk
Blant vinnarane denne gongen var den kjente spelemannen Erlend Apneseth, trioen hans og BIT20 Ensemble, som fekk løyvd 200 000,- for prosjektet Terra Incognita. Dei skriv i søknaden at:
Terra Incognita er resultatet av et fem år langt samarbeid mellom Apneseth og Matre. De to komponistene med helt ulike bakgrunner, i skjæringspunktet mellom tradisjon og nyskaping, har gått sammen om å lage et verk der improvisasjon, folkemusikk, elektronikk og samtidsmusikk kombineres. Målet har vært å skape et eget "sted", et nyoppdaget rom, der musikken kan utfolde seg gjennom et bredt spekter av idéer og retninger.
Kari Heimen har fått 120 000,- for å arbeide med eigenkomponerte og sjøsamiske joikar. Astrid Sulheim og Mari Midtli har elles eit prosjekt på trappene der folkesong og slåttspel med kvinnetema står i hovudsetet. Dette har dei fått 100 000,- for å vidareutvikle. Dei skriv sjølve at:
Dei siste tre åra har Mari Midtli og Astrid Sulheim fordjupa seg i vokalmusikk og slåttemusikk knytt til kvinner. Dei har leita fram tradisjonell musikk frå Gudbrandsdalen med kvinnenamn, eller som har ei historie knytt til kvinner. I 2023 gav dei ut albumet «Skunde deg jente», som vann Folkelarmprisen i klassa for soloalbum same året. No planlegg dei to folkemusikkutøvarane ei ny plateinnspeling hausten 2025 der dei ønskjer å arbeide vidare med temaet.

Skultbakkalaget kjem med plate på Landsfestivalen neste år
Erlend Viken og Håkon Høgemo har fått 90 000,- for å gjeva ut ei plate med tradisjonsmusikk frå Årdal etter Sigurd og Johanna Eldegard. Den framståande gamaldansgruppa Skultbakkalaget skal gjeva ut plate på Melovitten med plateslepp på Landsfestivalen i Vågå neste år, og får 85 000,- i støtte til dette arbeidet.

Benedicte Maurseth skal spela inn eit verk saman med anerkjente Kronos Quartet i klassen Klassisk/samtidsmusikk, og dei er støtta med 75 000,- Sivert Holmen har gått saman med Astrid Garmo, Sondre Meisfjord og Hans Hulbækmo i prosjektet Kvåvne. Til dette prosjektet er dei støtta med 75 000,-
Kvåvne er eit verk i brytninga mellom slåttetradisjon og improvisasjon med inspirasjon frå danse- og klubbmusikk. Komponistar og musikarar i prosjektet er Sivert Holmen, Astrid Garmo, Sondre Meisfjord og Hans Hulbækmo. Kvåvne er inspirert av den sosiale dansetradisjonen, av transenderande opplevingar av å danse og spele til dans, av å miste tidskjensle og flyte saman med andre mennesker i ei intens augneblinkoppleving.
Dokumentasjon av tradisjonsmusikk frå Bergen, Telemark og Hallingdal
Øivind Vabø skal gje ut eit plate med tradisjonsmusikk frå Bergensområdet, og får 75 000,- til dette arbeidet. Lars Erik Øygarden er elles klar for platedebut på det nyoppstarta selskapet «Krets». Til dette prosjektet er det løyvd 70 000,- Om prosjektet står det at:
Øygarden har fordypet seg i sjeldne og lite brukte slåtteformer fra Telemark etter felespelarar som Olav Bægjuv og Aslak Kleivan som er videreført gjennom Høye Kvåle (1879-1967), Torleiv Lykka (1898-1985), Rikard Gøytil (1881-1969) og Gudmund Nordbø (1921-1997).

Susanne Lundeng er elles løyvd 70 000,- til prosjektet «De salige».
"De salige" er et nytt prosjekt med Susanne Lundeng -fele, vokal, komponist og teknikk, Nils-Olav Johansen - gitar, teknikk og medskaper og Are Simonsen (lyd). Her integreres gamle opptak av tradisjonelt felespill og sang fra Salten og Lofoten inn i nyskrevet musikk av Susanne, gjennom lydbearbeidelser og bruk av teknologi/elektronikk.
Elles kjem Helga Myhr med ei tradisjonell hardingfeleplate på Motvind Records og Vegar Vårdal med ei plate med musikk frå mykje av det gamle «Noregsveldet». Båe er støtta med 60 000,- til dette.
Svenske Egil Kalman har fått 14 000,- for å tolke slåttar frå Setesdal på modulærsynth.
Repertoaret er virtuos, norskskrevet trekkspillgammeldans av legendariske trekkspillkomponister som Erling Eriksen, Henry Haagenrud, Kåre Korneliussen, Johan Elsmo, Ole Rønning m.fl. Grunnidéen er å formidle musikken i sin opprinnelige form, med kun et trekkspill alene.
Ein kan elles konstatere at det er mange om beinet på denne ordninga, og fleire interessante prosjekt som fekk avslag denne gongen, kjem kanskje til å søkje på nytt att ved neste høve, som er 3. juni.