Av turnear som er godt igang, finn me mellom anna Sigrid Moldestad og den svenske duoen Hazelius Hedin. Dei har samarbeidd om julekonsertar i fleire år, og denne månaden spelar dei 11 konsertar. Dei fleste av desse er på vestlandet, men det er også nokre i Aust-Noreg og eit par i Sverige.
Bergfolkets julefred er også ute på turné for tida. Julekonserten har med både nyskriven og tradisjonell musikk framført av musikarar frå Røros-området. Her er mellom anna folkemusikarane Sigrid Stubsveen og Bendik Smedåsgjelten Qvam med. Konserten blir spelt fire ulike stader, mellom anna i Røros kyrkje og i Rendalen.
På Lillehammer og Hamar kan du i år igjen oppleve kvintetten Mjøsfolk. Den eine av konsertane er i stova til bandmedlem Camilla Granilen sjølv.
Kim Rysstad skal spele seks julekonsertar i år. Fire av desse er i Agder, medan han avsluttar på Stange.
I Nord-Trøndelag er kvartetten Jul i Nord på turné i regi av Himlar året rundt.
Med to konsertar på Vestlandet og to i Valdres, er Marit Karlberg, Frank Henrik Rolland og Sigbjørn Apeland på turné med konserten Julegjest. Dette materialet gav dei ut på plate før jul ifjor.
To andre som er godt igang med turneen sin er Frode Alnæs som har med seg Aasmund Nordstoga på turneen Lang desember natt. Dei starta med to utselde hus på Vinjar i Nordstogas heimbygd Vinje.
Hos naboane våre i Sverige, er det også lange tradisjonar for julekonsertar. Västanå jul har blitt eit fast, årleg arrangement hos Västanå teater i Sunne i Värmland. Der blir orkesteret leia av Magnus og Sofia Stinnerbom, og i år er Tuva Færden og Håkon Håvelsrud Odden del av ensemblet.
Les også:
- Den beste jolefolkemusikken – om ei rekke julefolkemusikkplater frå 2013 til 2019
- Julemusikk heimanfrå – om to juleplater som kom i 2020