Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Langeleikmiljøet, som nok har røter endå lengre attende i tid, har valt seg nettopp dette året fordi den eldste daterte langeleiken me veit om, er datert til 1524. Den var i eige av ein mann i Vardal som heitte Petter Hasvoldseter, som skulle syne seg å vere ein del av ein lang og levande langeleiktradisjon i området. Han spelte aktivt på leiken nesten fram til han døydde i 2012. No skal instrumentet få det jubileet det verkeleg fortener, på Riksscenen i Oslo.
Norsk langeleikforum, med leiar Inger Ellen Kolbjørnsen i spissen har saman med Ingrid Lingaas Fossum jobba med arrangementet eit drøyt år. Me har teke ein prat med «kurator» Fossum, som har lagt eit omfattande program for jubileumshelga, og er godt i rute halvannan månad før det heile skal skje.
Ho kan fortelja at den raude tråden gjennom helga er den levande spel- og byggetradisjonen, i større grad enn det historiske aspektet. Fossum fortel at det historiske er godt dekka allereie gjennom fleire arrangement på Gjøvik i år der det har vore søkelys på Hasvoldseter-leiken, i regi av Mjøsmuseet og Gjøvik spelmannslag. Det var òg fleire markeringar under Hilmestemnet, blant anna med slepp av ny bok om Berit på Pynte. Samtidig må det store verket til Bjørn Aksdal og Elisabeth Kværne om langeleiken som kom ut for tre år sidan, nemnast.
Eit rikt program
– I føredraga på laurdagen har me invitert Anders Røine, Sveinung Søyland og Benjamin Rygh. Sveinung Søyland Moen skal prate om eit stort treårig prosjekt som heiter «Museum i samspel», der musikkmusea Ringve og Rockheim, i samarbeid med utdanningsinstitusjonar, instrumentmakarar og organisasjonar, skal samarbeide om bevaring av instrument og vidareføring av instrumentbygging – med spesielt fokus på nettopp langeleiken
Anders Røine skal prate om sin doktorgrad der han fortel om funna sine, der han har utforska og samanlikna strøkmønster og rytmikk på langeleik, hardingfele, munnharpe og slåttetralling.
– Elles har me eit seminar heile helga med instrumentmakarfokus, der folk kan nerde litt på instrumentet. Instrumentmakarane Oddrun Hegge, Benjamin Rygh og Niels Røine er vertskap for dette seminaret, og vil diskutere og svara på spørsmål for dei som er interesserte, fortel Fossum.
Dei oppfordrar folk til å ta med eigenlaga instrument, ferdige eller i prosess, for å kunne diskutere prosess og byggjemåte, og rett og slett treffe andre som held på med det same. På sundagen skal Niels Røine presentere sin vidareutvikla langeleikmodell. Baktanken er å få opp interesse for mangfaldet innanfor langeleikfeltet.
– Det er viktig at dei som kjem får oppleve stor breidde i både spel- og byggjemåtar, legg ho til.
– Eg begynte å snakke med Marit Steinsrud og Stein Villa for nokre år sidan om å få til ei helg for langeleikmiljøet. Det er fint at dyktige folk frå miljøet kjem saman og får delt det dei held på med, og rett og slett kan nerde og diskutere fag. Det blir for eksempel interessant å høyre om det nye prosjektet på Ringve, og kva Anders Røine har kome fram til i doktorgraden sin, fortel Fossum.
Ho fortel at ho lenge har hatt lyst til å ha ein konsert der ein kan få høyre det store spennet i langeleikverda. Her kan ein både få høyre systrene Hegge og Steinsrud som har sterke røter i den levande tradisjonen, Ole og Knut Aastad Bråten som har mykje fokus på dynamikk og arrangering for fleire langeleikar, og Anders Røine og Rasmus Kjorstad med sin vidareutvikla spelestil.
Høyr Anders Røine spela Springar etter Ivar Ringestad med strømønster og rytmikk inspirert av mellom anna hardingfele, munnharpe og slåttetralling.
Sudan Dudan og Ingeborg Onstad viser også korleis langeleiken har vore teke inn på fleire område. I tillegg får publikum høyre ein stor gjeng med langeleikspelande barn og ungdom frå heile Sør-Norge, og Valdreslaget i Oslo, som har eit av dei mest aktive langeleik-spelemannslaga i landet.
– Å samle aktørane på ei scene er fint, for det viser at det er eit mangfald. Det er bra at folk vil bruke langeleiken på ulike måtar. Alle desse har aldri vore på same scene, og det er kult å få gjort ei samling der ein får vist fram dette, fortel Fossum.
Det blir også ei markering av viktige aktørar og utøvarar som ikkje er med oss lenger, blant anna langeleikbautaen Elisabeth Kværne. Tellef Kvifte og Håkon Asheim kjem for å spele innslag frå langeleikklassikaren «På langeleik», som vann spellemannsprisen i 1985. Kvifte og Asheim var med som medmusikantar på plata, i lag med Erik Stenstadvold og Ingar Ranheim – med Elisabeth Kværne i spissen.
– Eit stjerneinstrument!
Fossum vil gjerne bruke denne jubileumshelga til å vise ein breidde av det langeleiken kan romme og brukast til som instrument.
– Eg synest at langeleiken er eit skikkelig stjerneinstrument, og eg er spesielt oppteken av trad.-leiken og kva ein kan gjera med denne. Ikkje minst kor mykje kult stoff som finn på langeleiken og kor mykje kult som har vore gjort, som folk ikkje veit om i dag.
Gunnlaug Lien Myhr og Kjell Bitustøyl er inviterte for å fortelja om arbeidet dei gjorde på 1990-talet for å få langeleiktradisjonar i Hallingdal og Telemark fram att i lyset. For det kan fort bli litt mykje fokus på Valdres når ein snakkar om langeleik, meiner Fossum, som sjølv er frå Fagernes.
– Å få opp interesse for det som finst rundt om kring er viktig. Dette blir også tema på platesleppet eg skal ha før jubileumskonserten, kan ho informere om.
Fossum har spelt inn ei flunkande ny plate der ho spelar på 12 gamle langeleikar frå ulike område, med varierande byggjemåte og tonalitet. Blant anna på 500-åringen sjølv. Etterpå kjem den nemnte jubileumskonserten der Fossum i lag med Andrea Søgnen fungerer som programleiarar. Kvelden blir avslutta med heidundrande dansespel på langeleik.
– Framtida for langeleiken ser lys ut?
– Ja, det er det me prøver å vise. Langeleiken kan vera så mykje og brukast på så mange måtar. Kanskje fleire kan tenkje på kor kult det kunne ha vore å spela langeleik eller å ha med seg langeleik i ulike musikalske samanhengar. Håpar folk vil ta turen og sjå kor mange som faktisk driv med på dette, avsluttar Fossum.
Les meir om arbeidet til Fossum i denne artikkelen som stod på trykk i Folkemusikk i vår.