Folkemusikalsk fagdag i Prestfoss
På Folkemusikksenteret i Buskerud i Sigdal er det fagdagen «Framtidas folkemusikk» blir arrangert søndag 3. april. (Foto: I. Mahlum / Wikimedia)

Første søndagen i april går Østafjelske kompetansesenter for musikk (ØKS), Buskerud musikkråd og Folkemusikksenteret i Buskerud saman om å arrangere fagdagen «Framtidas folkemusikk». Arrangementet blir halde i Folkemusikksenteret sine lokale i Prestfoss. På programmet står kurs i søknadsskriving, panelsamtale om framtidas folkemusikk og til slutt ein liten konsert med dei som er med på «Folkemusikk feedback».

Marit Stokkenes i ØKS fortel at dei tidlegare har arrangert mange fagdagar saman med Buskerud musikkråd, og då har dei famna om alt av musikkliv. Men dette er første gong dei samarbeider med Folkemusikksenteret i Buskerud.

– Målgruppa er alle som jobbar med eller er interesserte i folkemusikk, eller musikk generelt. Det er ope for alle, både musikarar, produsentar, arrangørar og så vidare. Me har laga eit program som skal vere interessant for så mange som mogleg, fortel ho.

Tema for fagdagen er korleis folkemusikken kan kome til å sjå ut framover, korleis ein skal halde på tradisjonen i møte med kommersialisering, rekruttering av nye talent og folkemusikkens posisjon. Unni Løvlid, Andreas Ljones og Niels Røine skal vere deltakarar i denne panelsamtalen. Dei er også i fagpanelet etterpå når tre unge grupper og utøvarar skal i elden i «Folkemusikk feedback»: langeleikspelar Andrea Søgnen, multiinstrumentalist og dansar Even Ellegard Westeng og den folkemusikkinspirerte kvintetten Mío.

– Me har samarbeidd med Buskerud musikkråd fleire gonger om noko som heiter Feedback, som er ei talentscene der unge utøvarar kan få vist seg fram for eit fagpanel med publikum til stades. Etter konserten får dei tilbakemeldingar frå panelet. Me bruker å velje ny sjanger kvart år. I år ønska me å ta tak i folkemusikken og samstundes kombinere det med ein fagdag. Så det blir ein søndag med først fagleg påfyll og deretter avslutning med å høyre på feedback-konserten, avsluttar Stokkenes.