Det låg forventing og stor stemning i lufta. Om lag to hundre sjeler frå Folkemusikk-Noreg hadde benka seg i storsalen på Riksscenen torsdag kveld for høyre kven som vann Folkelarmprisane for året, og kven vinnarane ønskte å takke for æra.
Trioen Østerlide, sjølve ein av Folkelarm-artistane for året, sette anslaget. Dei framførte «Signelita», ein mellomalderballade i tradisjon etter Åste Tinnes frå Heddal – av trioen arrangert for vokal, basstromme og den afghanske strengeleiken rubab. Så opna statssekretær i Kulturdepartementet Odin Adelsten Bohmann offisielt Folkelarm 2022, bransjetreffen til vordande hundreåring FolkOrg.
Statssekretæren gratulerte mellom anna FolkOrg som ein av få budsjettvinnarar i kulturlivet, slik han formulerte det. Han synte til dei éin million kronene organisasjonen har fått til hundreårsjubileet i 2023. Styreleiar Hilde Reitan takka for pengane då ho og dagleg leiar Linda Dyrnes så kom på scena, for å leie resten av kveldens show, vigd til dei ulike Folkelarmprisane.
«Verket vil verta ståande som referanseverk på feltet, kanskje i dei neste femti år!»
Trekkspel og tralling
Første vinnaren som blei utropt var årets dokumentasjon. To hardingfeleplater var nominerte, med musikk av Knut Myrann og Olaf Bergland, men det var trekkspelplata Soloinnspillinger: opptak fra 1919, 1922 og 1938 med Ottar Akre som vann. Plateprodusent, plateselskapssjef og trekkspelar Håvard Svendsrud tok imot heideren, og fortalde at eit hjartebarn sidan han overtok plateselskapet Aksent har vore å dokumentere norsk trekkspelhistorie. Notekyndige Akre var første norske trekkspelaren til å ta instrumentet opp på eit høgt kunstnarleg nivå, meinte Svendsrud, før han takka ein viktig støttespelar: Akres heimkommune Rendalen, som arva musikksamlinga etter musikaren.
Neste vinnar til å motta heider var Synnøve Brøndo Plassen, som vann soloklassa til stor applaus. Plata hennar kom ut på tampen av fjoråret og heitte Hjemve: Slåttetralling fra Folldal, og Plassen uttrykte glede over at det finst plass for ein nisje som slåttetralling i folkemusikklandskapen. Ho takka mellom andre familien sin og produsent Gjermund Larsen. Hardingfelealbum med høvesvis Sivert Holmen og Håkon Høgemo var dei to andre nominerte i klassa.
Så stod klassa dansespel for tur, og her vann Over Stok og Steen med plata Tur: Over Stok og Steen 25 år. Thomas Nilssen og Ronny Kjøsen – òg nominert i same klasse for debutplata til Hollos Efterfølgere – tok imot prisen. Nilssen påpeika at 25 år er lang tid, og at Over Stok og Steen har spelt saman sidan før dei hadde førarkort. Til å byrje med var det venlege foreldrar som køyrde dei til og frå spelejobbar, la han til.
Kjøsen prata lenge om at gammaldans- eller runddansmusikken er internasjonal musikk: Han kom til Noreg frå kontinentet på same tida som jernbana blei utbygd. Fragment av musikken finn ein over heile verda, også på grunn av den lite hyggelege europeiske kolonihistoria. Like fullt skal Noreg vere stolt over denne kulturen, ein snart to hundre år gammal global kulturen som lever vidare hos oss, slo Kjøsen fast.
Festival, samspel og fotografi
Neste pris ut var årets folkemusikkarrangør, som styret i FolkOrg er jury for (plateprisane har ein eigen jury på fem personar). Arrangørprisen gjekk til Farsund Folk Festival. Dei tre som tok imot prisen var festivalsjef Ann Helen Erichsen, som òg er prosjektleiar for FolkOrgs hundreårsjubileum, og dei to festivalgrunnleggarane Knut Egil Kristiansen og Tor Steinar Fromreide.
Programleiarane fortalde så litt om jubileet som står for døra, med ei open oppfordring til alle i miljøet om å byrje komponeringa av det som kan bli FolkOrgs offisielle jubileumsslått. Etter litt meir musikk, denne gongen av den Oslo-baserte balkanduoen Almir Mešković og Daniel Lazăr, skulle så Folkelarmpris for tradisjonelt samspel delast ut.
Her var tre duoar nominerte – Malmin, Espen Wensaas + Bjørn Kåre Odde og Marianne Tomasgård og Åsmund Reistad. Men det var ein trio som vann prisen: Anne Hytta, Tuva Færden og og Johanne Flottorp med plata Hitterdal. Hytta og Færden tok imot prisen, og initiativtakar Hytta takka spesielt Leiv Solberg for å ha produsert og vore ein stor ressurs for prosjektet – han vaks sjølv opp med musikken som er dokumentert på plata, tradisjonsmusikk frå Heddal. Ho takka òg bygda Heddal, som har teke vare på musikken i både med- og motgangstider for tradisjonen.
Så skulle ein ny pris delast ut som FolkOrg-styret har vore jury for: årets folkemusikkfotografi. Her var foto frå dei røynde folkemusikk- og folkedansfotografane Runhild Heggem og fjorårsvinnar Thor Hauknes nominerte. Vinnar blei fotojournalist i avisa Hordaland Vidar Herre for eit foto av hardingfelespelar Knut Hamre. Som einaste prisvinnar var Herre ikkje sjølv til stades denne kvelden.
Kammerfolk, slåttespel og folkefest
Siste plateprisen for året var open klasse, og her var det også fem nominerte plater. Vinnar blei Bjørn Kåre Odde for plata Folk Chamber. Odde og sambuar Solveig Brekke Hauknes starta det dobbeltnominerte (òg utgivar av Hollos Eftf.) plateselskapet Melovitten for å gi ut denne plata, og Hauknes var mellom dei Odde takka i talen. Ein ekstra stor takk fekk Tor Magne Hallibakken – plata er som mange folkemusikkplater innspelt i studioet hans i Nesbyen.
«Han (...) har gjennom kunnskap og forståing for ulike stildrag og mangfald av slåtteformene, gjeve slåttetradisjonen eit sterkt og personleg uttrykk, som berører lyttarane.»
Aller siste pris ut var årets folkemusikar, som gjekk til Per Anders Buen Garnås. Hardingfelespelaren og bøheringen takka familien og folkemusikkmiljøet for prisen – ein pris han kjende han delte med heile tradisjonen, sa han. Riksscenen sjølv fekk òg ein takk, spesielt Asgaut Bakken og Andreas Ljones, for å ha teke initiativ til den såkalla konserttrilogien Buen Garnås har turnert med det siste året. I konsertserien blir dei tre telespelarane Møllarguten, Lars Fykerud og Håvard Gibøen presentert med forteljing og spel.
Tradisjonen tru kvitterte vinnaren av heidersprisen med siste musikalske nummeret på prisutdelinga. Buen Garnås spelte «Tullar-Margjit» etter Svein Løndal, med eit fyrispel etter Fykerud som han «stort sett» har i form etter onkelen Knut Buen. Med det var utdelinga over, og Folkelarm gjekk over i første av tre folkefestkveldar på Riksscenen. Fredag og laurdag er i heilskap vigde til seminar, konsertar, hendingar og folkemøte i dei tre etasjane i folkemusikkstorstova på Schous plass i Oslo.