Toppbilete: Flamencodansar Ann Sehlstedt, som saman med gitarist Robert «Robi» Svärd (t.h.) driv Centro de Flamenco La Pantera i Göteborg, var mellom dei som opptredde på Folk- & Världsmusikgalan 2017. 

Ein fullsett sal i Helsingborgs stadsteater fekk sjå eit festfyrverkeri av ein galla laurdag kveld, som avslutning på den vekelange Folk- & Världsmusikgalan 2017. Heile den åttande «Folkgalan» blei, i likskap med alle dei sju føregåande, kringkasta i Sveriges Radios P2. Førebuingane hadde teke to dagar, med ei fullstendig generalprøve tidlegare på laurdagen. Programleiarane Nadia Jebril og Owe Ronström fekk både publikum, artistar og prisvinnarar til å føle seg heime.

Det var altså ikkje utan grunn at showet stod fram som heilstøypt og velregissert, med svært høg kvalitet på alle dei kunstnarlege innslaga. Nokre av tilskodarane som Folkemusikk prata med, på etterfesten på Dunkers kulturhus etter gallaen, sakna rett nok meir av den tradisjonelle svenske musikken og dansen. Vi fekk sjå både flamenco og vestafrikansk dans, men noko dans av svensk opphav var det ikkje gjort plass til. I alle høve var showet ei verdig feiring av gamle og nye tradisjonar i det multikulturelle Sverige, til inspirasjon for alle som ønsker å synleggjere all slags tradisjonskultur.

Folkemusikalsk pomp og prakt i Helsingborg
Folkedansar Ami Petersson Dregelid blei lukkeleg vinnar av prisen «Årets trad». Tre gonger har ho vunne A-klassa i dans hardingfele på Landskappleiken saman med ektemann og dansepartnar Håkon Dregelid. I 2002 gjorde dei den bragda å vinne kongepokal som B-klassingar.

Tradpris til Ami

Ami Petersson Dregelid stakk av med prisen for «Årets trad», i konkurranse med folkesongar og -musikar Ulrika Bodén og duoen Sara Parkman og Samantha Ohlander (aktuelle med framsyninga Fäboland). Ami har fire gonger vunne Landskappleiken i dans hardingfele saman med ektemann og dansepartnar Håkon Dregelid, men hovudverksemda si har ho i Sverige. Ho var svært glad og overraska over å få prisen.

– Det er jo slik, både i Noreg og Sverige, at musikarane framleis har høgre status enn dansarane. Det finst nokre gamle førestillingar om at det krevst meir for å bli ein god spelemann enn ein god dansar – eg meiner det ikkje er slik. Og så er alle dei tre andre nominerte så gode utøvarar, så ja – overraska blei eg!

– I takketala di frå scena sa du at du ikkje ser på det som at du lærer ut, men at det er dei som er på kurs som lærer inn?

– Ja, eg ser det slik at det er deira prosess som er den viktige. Eg tykker det er eit privilegium å arbeide som pedagog. Det er fantastisk å få oppleve at eit menneske forstår og meistrar noko nytt – og får gode opplevingar av å røre på kroppen til musikk.

Det er etter kvart mange som har vore på ulike kurs i Norge med Ami. Men også på Eric Sahlström Institutet i Tobo i Uppland har det vore fleire nordmenn innom dansekursa hennar. I tillegg underviser Ami fast på Kungliga Musikhögskolan og på Dans og Cirkushögskolan i Stockholm.

I grunngivinga si skriv juryen om Ami: Vår genre behöver förebilder och föregångare. Sådana som visar vägen och som visar på möjligheterna. Sådana som outtröttligt skapar och underhåller levande traditioner. Årets vinnare har här gjort mer än de flesta. En inspiratör och kreatör, ständigt i ropet, ständigt i rörelse på mer än ett sätt.

Doktorgrad danka ut CD-plater

I motsetnad til Folkelarmprisen og mange andre liknande priser, er det ikkje plater som står i sentrum på Folk- & Världsmusikgalan. Berre i éin kategori kunne ei plate få pris, «Årets utgåva». Der var to plater nominerte, men det var ei bok som vann: Polskans historia av Magnus Gustafsson – bokversjonen av doktoravhandlinga hans, på drygt ni hundre sider.

– No er eg veldig glad, og litt overraska. Ei vitskapeleg avhandling er jo ikkje det ein kan forvente vinn ein slik pris, i konkurranse med påkosta plateproduksjonar. Så det er svært uventa, og jäkligt kul!

Gustafsson har arbeidd med doktorgraden i årevis, ved sidan av anna arbeid. Også før doktorgradsarbeidet tok til, arbeidde han med polska-historie, og han har skrive eit utal artiklar både om svensk og norsk folkemusikk og folkedans. Kva er det så av snadder i boka hans for dei som vil vite meir om det norske?

– Eg presenterer ikkje så mykje ny forsking på norsk dans i boka. Men det som kan vere interessant, er at eg syner kor mange rørslepunkt som finst mellom det norske og det svenske materialet – fleire enn ein kanskje i første omgang skulle tru. Særleg gjeld det dei eldste slåtteformene, før slåttane på 1800-talet blei svært utbygde både i Noreg og Sverige. Mange eldre norske springarlåtar frå hardingfeledistrikta, til dømes – slåttar som ein nok gjerne tenker er typisk norske – finn ein att variantar av i dei eldste svenske nedteikningane.

Æresprisen gjekk i år til Helsingborg-fødde Peps Persson, stilskapar både i blues, reggae og afrikanskinspirert pop i Sverige. Lena Willemark, som gjennom mange år har presentert det særeigne älvdalsmålet i lyrikk og tonar, tok med seg prisen «Årets kompositör». Årets artist ble Sara Parkman, medan årets arrangør ble Umefolk. Alle vinnarane, og grunngivingane til juryane, kan du lese ved å følgje denne lenka til Folk- & Världsmusikgalan si heimeside. Heile showet kan du tilmed sjå på nett – på Peter Ahlboms kanal på videostrøymesida Bambuser.

Folkemusikalsk pomp og prakt i Helsingborg
Programleiar Nadia Jebril med polska-historikar og prisvinnar Magnus Gustafsson.
Folkemusikalsk pomp og prakt i Helsingborg
Fäboland, f.v. Hampus Norén, Samantha Ohlanders og Sara Parkman, var mellom artistane som opptredde på Folkgalan. Dei vann ikkje prisen «Årets trad», som Ami Petersson Dregelid fekk med seg, men Sara Parkman blei kåra til årets artist.
Folkemusikalsk pomp og prakt i Helsingborg
Nadia Jebril måtte ha ein selfie saman med alle prisvinnarane, før teppet gjekk ned for Folkgalan 2017.