I Folkemusikk 01/2015 er ute kan du mellom anna lese om:
- Folkemusikkterapi – korfor og korleis favorittmusikken din har lækjande eigenskapar
- Geir Egil, Einar Olav og Gjermund Larsen – den spellemannprisvinnande spelemannsfamilien frå Innherred, og alt dei lærte av Hilmar Alexandersen
- Astrid Sulheim – fastlegen i Lom som er ein av dei fremste felespelarane våre
- Kjønnsbalansen i folkemusikken – betre enn rocken?
- Øyvind Sandum – toradartornadoen som vil til botns i slåttespelet frå Lalm
- Norsk Hardingfelesenter – frå Bø i Telemark til verda
- Sølvsuper – Asgaut Bakken set solo slåttespel i (Oslo) sentrum
- Bilete frå den magiske Meisterkonserten i Operaen
Nyare utgåver av Folkemusikk (frå 2018 og framover) er å få kjøpt i nettbutikken til Tekstallmenningen. Ein del eldre utgåver kan kjøpast frå utgivar FolkOrg (klikk for info). (Info oppdatert mars 2021)
Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten.