Ikkje abonnent? Ting abonnement her

Innhald Folkemusikk 1/2025

På grunn av alt arbeidet FolkOrg sine medlemslag gjer for barn og unge, har organisasjonen fått ein stor pengesum frå BUFDIR. Elles har det i februar har det gått ein debatt om yrkesutøvarane bør ha ei særstilling når styret i FolkOrg skal veljast. Dette kjem opp som sak på landsmøtet i april. Der kjem også Hilde Reitan, til å takke for seg etter åtte år som styreleiar i FolkOrg. I eit portrett fortel ho om ei lang fartstid i organisasjonen og folkemusikken. 

Bladet inneheld også eit portrett av fjorårets bransjeaktør Terje Foshaug, som gjennom fleire tiår har lagt ned ein stor innsats for folkemusikken generelt og det nord-norske folkemusikkmiljøet spesielt. Folkemusikk har også teke ein prat med fjorårets unge folkemusikar, Martin Steinum Brun og den nytilsette folkemusikkonsulenten i Hallingdal, Andrea Søgnen. 

På folkemusikk.no går spalta «Fredagspraten», og i papirutgåva kan du bli betre kjend med den særs aktive folkedansaren Svein Aasen. Les elles om den kjende nord-norske felespelaren, Susanne Lundeng, som er ny professor på NMH. 

Det blir også denne gongen eit reisebrev frå redaktøren, som i år har vore på Vinterfestivalen i Rauland. Han har også vore ein tur på den relativt nye Fjellfolkfestivalen i Oppdal, der gruppa Lendmenn hadde plateslepp. Per Åsmund Omholt har vore heilt til Japan og møtte den japanske hardingfelemakaren, Keisuke Hara.

Vidar Lande har brukt pensjonisttilværet godt, og har skrive eit monumentalt verk om gløymde tradisjonsliner i Nedre Setesdal. Ånon Egeland og Tellef Kvifte slår eit slag for tradisjonell feleteknikk i eit intervju der dei er redde for at 400 år gamal praksis står i fare for å forsvinne. Olav Christer Rossebø og Anders Hana fortel om det nye plateselskap sitt, Krets, som skal dyrke den rå og upolerte tradisjonsmusikken. 

To unge folkemusikksamlarar driv med spennande innsamlingsarbeid i Hyen. Det felespelande syskenparet Kristen Mardal og Kristense Fitje har fått ein eigen artikkel ført i pennen av Ove Eide. Gunnlaug Lien Myhr har skrive ein artikkel om kvinnelege lausdansarar i Hallingdal på 1700- og 1800-talet.

Les Folkemusikks eksterne kritikarpanel sine vurderingar av den nye boka til Vidar Lande og ei barnesongboka til Eli Storbekken. Dessutan er det platemeldingar av Lendmenn, Malmin og Åshild Vetrhus, Bjørn Sigurd Glorvigen sin versjon av Draumkvedet, Kvedarkvintetten, Siljes Salong og Marit Vestrum. Magnhild Helland er elles fyrst ut i den nye spalta «Unge folkemusikarar melder», der ho har lytta seg gjennom dei nyaste albuma til Erlend Viken Trio, Berit Opheim (med fleir), Ævestaden og Kanaan, Signe Førre og Gjermund Larsen Trio.

Det er elles fleire ytringar om både dans og musikk i dette nummeret, som også har minneord via til tre av bautaene som har gått bort den siste tida, Elisabeth Kværne, Per Midtstigen og Amund Bjørgen.