FOLKEMUSIKK 3/2022
Plateaktuelle Hans Fredrik Jacobsen lagar seljefløyter om våren som han legg i frysen og nyttar heile året. Annfrid B. Haukeland har skrive første boka om Myllarguten på femti år. Les òg om Ethno Arctic, den finske musikkdidaktikken näppärit, kultursmed Ronny Kjøsen, felemakar Anders Heldal og gruppa Starelven og dialekt-gammaldansen deira. Og sjølvsagt Landskappleiken og Landsfestivalen, i sommar arrangert for første gong sidan pandemien. Haustutgåva av Folkemusikk er ute!