Ikkje abonnent? Ting abonnement her
Om du tingar abonnement for 2025, får du no tilsendt Folkemusikk 4/2024 gratis.
Om du vil kjøpe Folkemusikk 4/2024 i laussal, kan du kjøpe det her.
Innhald Folkemusikk 4/2024
Folkemusikk var ein tur på Talentskolen i Prestfoss i september. Der prata me både med elevar, organisatorar og lærarar.
Møt den nye leiaren i Norsk kvedarforum, Olaf Moen. Han har gjennom mange år engasjert seg særleg for gamle kvede- og dansetradisjonar i Aust-Agder.
Folkemusikk var også innom Oslokappleiken i haust, der me tok ein prat med nokre av dei mange dansarane som var med under årets kappleik.
Vestlandskappleiken gjekk i år føre seg i Jølster. Folkemusikkredaktøren har prøvd seg på eit reisebrev om opplevingane han tok med seg derifrå.
I november gjekk Folkelarm av stabelen, og Folkelarmprisen er eitt av festivalens høgdepunkt. Les meir om nokre av prisvinnarane og årets folkemusikar Tuva Syvertsen.
Den folkekjære gamaldsgruppa “Nye Ringnesin” har 40-årsjubileum i år. Bli betre kjent med dei i dette portrettintervjuet.
Den legendariske felemakaren Gunnar Røstad vart fødd i 1874, og har såleis 150-årsjubileum i år. Bli med Røstad-biograf Kjell Midtgaard til det myteomspunne felemakarmiljøet i Oslo på starten av førre hundreår.
Ikkje eitt Folkemusikk-blad utan meldingar. Les Folkemusikks eksterne kritikarpanel sine vurderingar av den nye boka om Ola Opheim, Ingrid Fossum si langeleikplate, Olav Norheim sin Berit på Pynte-biografi og mange fleire.