Tekst: Pressemelding
1.november blir albumet "I stugun” lansert, den fyrste duoplata som folkemusikarane Ragna Valde Sletten og Vegard Hansen gjer i lag. Duoen, som kjem frå Vågå og Aure, har dykka ned i tradisjonsmusikken frå Ottadalen og Nordmøre, og byr på fleire gløymde folkemusikkskattar i ny drakt. Musikken på albumet er for fele og trekkspel, med eigne arrangement.
Slåttane er særs varierte i opphav og uttrykk. Vi får høyre alt frå menuettar frå 1700-talet til fleire nykomponert slåttar laga av utøvarane sjølve. I tillegg har musikarane henta musikk frå lokale arkiv som no har fått ny musikalsk drakt.
-Vi har leita fram fleire gode slåttar frå arkivet og lete oss inspirere av eit par sentrale tradisjonsberarar frå våre eigne tradisjonsområde i Ottadalen og Nordmøre, fortel Vegard.
Av tradisjonsberarar frå desse områda finn vi slåttar etter Rolf Sletten (1930-1983), Ole Nilsen Brekkan (1827-1898) og Hallvard Ørsal (1876-1943). Ragna kan fortelje at musikken etter Rolf Sletten har vore ei viktig kjelde til repertoaret på plata.
- Hjå folkemusikkarkivet i Vågå har vi funne ei mengd med opptak der Rolf spelar slåttar etter spelemenn frå Lalm og Vågå, mellom anna etter faren Ragnvald (1891-1951). I tillegg til å vera tradisjonsberar og felemakar var Rolf også farfaren til Ragna. Såleis er Ragna 4. generasjons felespelar i Sletten-slekta.
I tillegg til slåttar henta frå arkivet har Ragna og Vegard fleire eigne komposisjonar på plata. Dei har også fått produsent Vegar Vårdal til å bearbeide to menuettar frå Hans Nilsen Balterud si notesamling, og Steinar Odde bidreg med ein vakker lydarslått. Samspelet mellom fele og trekkspel er ikkje noko nytt, men produsent Vegar Vårdal meiner at Ragna og Vegard har klart å ta samspelet til nye stader han ikkje har høyrt før.
- Dei har sprengt grenser og samtidig teke vare på essensen i tradisjonen. Dei har eit lyttande og respektfullt samspel, og ein evigvarande positiv dialog. Duoen har gjennom fleire år med samspel forma sitt eige uttrykk, mellom anna i studietida på Ole Bull Akademiet på Voss.
Dei fleste øvingane har vore “i stugun” heime hjå Ragna i Vågå, der det har vore spelt i seine nattetimar. Her har kreativiteten fått springe fritt, og resultatet vart albumet “I stugun”. Duoen inviterer til ei rekke konsertar i sin platesleppturné i haust. Fyrst ut er laurdag 2. november i samband med den årlege Vågåtreffen i regi av Vågå trekkspelklubb. På heimebane for Ragna og for plateselskapet Melovitten.
Albumet “I stugun” blir lansert på strøymetenester og fysisk som CD fredag 1. november 2024. Fredag 25. oktober vart singelen "Memento mori” gjord tilgjengeleg digitalt.
Lanseringsturné:
2. november - Vågå
4. november - Aure
7. november - Ørsta
8. november - Osterøy
22. november - Oslo
28. november - Voss