Mangeårig programleiar i NRK Folkemusikktimen Leiv Solberg fylte 67 år i april, og det har lege i korta ei stund at statskanalen snart måtte finne arvtakaren hans. Stillinga som Solbergs erstattar blei lyst ut i august, og no er det klart at John Ole Morken frå 1. oktober overtek som Krinkens nye folkemusikkgeneral.
Vi får ein prat med Morken, ålbygg busett på Modum, idet han nærmar seg slutten på køyreturen heim frå arbeidsstaden Oslo. Han og kona, hardingen Lajla Buer Storli, har nett selt hus på Modum, men bur der framleis. Det er slett ikkje sikkert dei flyttar nærare hovudstaden sjølv om husbonden kjem til å jobbe der oftare framover, understreker Morken.
– Ein dryg time er ingen reiseveg for Lajla og meg, som begge er oppvaksne på bygda. Det er mange som bur på Bogstad og andre utkantar i Oslo, og også nyttar ein time til kontoret i sentrum, slår Morken fast.
Folkemusikktime og meir til
– Eg er først og fremst stolt og audmjuk over å få tildelt denne oppgåva. Det er ærefullt å få trø i fotefara til dei fantastiske menneska som har hatt denne jobben før meg, seier Morken, med assosiasjon både til forgjengar Solberg og folk som Sven Nyhus, Lisa Halvorsen, Rolv Myklebust og Eivind Groven frå tidlegare tiår.
No er ikkje Morken sjølv nykommar i NRKs folkemusikkredaksjon heller. Han har laga program for Folkemusikktimen med ujamne mellomrom heilt sidan 2018.
NRKs eldste radioprogram, Folkemusikktimen, blir framleis å høyre som vanleg, understrekar Morken. Men det blir òg litt endringar no, i tråd med kritikken som har kommen mot musikkdekninga generelt og folkemusikkprogrammeringa spesielt det siste tiåret. Førstnemnte kan ikkje Morken seie noko om, men om dei nye planane som har med folkemusikk å gjere, kan han seie meir.
– Folkemusikk blir eit satsingsområde i NRK framover, så ting vil bli annleis. Ein ting miljøet har etterspurt, er å høyre meir folkemusikk på fleire av sendeflatene i NRK enn berre P2. Denne utfordringa tek NRK no, mellom anna med mål om å lage redaksjonelt folkemusikkinnhald som kan nå fleire aldersgrupper. Vi ønsker også å nå ut i andre kanalar, til dømes P1 og P1+, med meir folkemusikkstoff, fortel Morken.
«Ein ting miljøet har etterspurt, er å høyre meir folkemusikk på fleire av sendeflatene i NRK. Denne utfordringa tek NRK no.»
Allsidige arbeidsdagar
Medan Leiv Solberg hadde full jobb i kringkastinga, er Morkens stilling på 50 %. Slik frigjer NRK ressursar til å nytte andre programskaparar, fortel han. Stemma hans blir kanskje ikkje allemannseige i same grad som Solberg sin, for i tillegg til å vere programleiar kjem han òg til å vere innhaldsprodusent og koordinator.
Jobben hans blir å samle kreftene og kompetansen på folkemusikk i kringkastinga. Den finst mange stader, men er ikkje alltid blitt nytta til å lage folkemusikkjournalistikk. I tillegg til Morken vil Aaste Kveseth vere ein del av folkemusikkredaksjonen. Kveseth er òg prosjektleiar for NRKs nye folkemusikksatsing.
– Me er òg så heldige å ha Leiv Solberg med på utviklingsprosjektet me no er inne i. Den lange erfaringa til Leiv er god å ha med seg i arbeidet, skyt Morken inn.
«Når kanalen NRK Folkemusikk no skal fornyast, ser vi mellom anna for oss at vi får ei eiga sendeflate for nye plateutgivingar.»
Ny giv for DAB-kanalen
Også i nettradiokanalen NRK Folkemusikk skal det no bli utvikling, lover han. Kanalen har blitt kritisert for å ha lite originalprogrammering, og vonde tunger har kalla kanalen for «berre ei speleliste». Morken vil på si side få skryte litt av kanalen; han er ikkje samd med dei mest høgrøysta kritikarane.
– NRK Folkemusikk blei opna av kringkastingssjefen sjølv i 2004, tilmed med eige bestillingsverk. Kanalen var ein av dei første DAB-kanalane til NRK som sende tjuefire timar i døgnet, og det blei gjort ein stor jobb med med å finne fram mykje gløymd slåttegull frå NRK-arkivet den gong. Men eg skal ærleg gå med på at kanalen har gått på tomgang dei siste åra. Når stasjonen no skal fornyast, ser vi mellom anna for oss at vi får ei eiga sendeflate for nye plateutgivingar, så vi er sikra plass til all den nye folkemusikken som kjem ut.
I det store og heile held dei på den eksisterande strukturen i kanalen, med tematiske og geografiske bolkar, legg han til. Han gler seg òg til etter kvart å gjere fleire eldre Folkemusikktimar og -halvtimar tilgjengelege i digitalkanalen.
– Fornyinga av Folkemusikk-kanalen vår er enno i startgropa! avsluttar han med forventing i stemma.