Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Bakgrunnen er eit viktig jubileum: I 2025 er det 200 år sidan dei første nordmennene utvandra til Amerika. Rundt 800 000 skulle følgje etter. Med dei over Atlanteren reiste også folkemusikken, dansen – og instrumenta. Mange av desse tradisjonane lever vidare i dag, både blant etterkomarar i USA og i nye former som har oppstått i møtet mellom kulturar.

– Migrasjon er ein del av historia vår, også den musikk- og dansetradisjonen vi kallar norsk, seier konferansekomitémedlem og felespelar Laura Ellestad. – Vi ønskjer å undersøke korleis desse tradisjonane har vandra og utvikla seg, både i fortid og notid.

Konferansen tek mål av seg til å belyse utvekslingar mellom norske og amerikanske folkemusikkmiljø – og korleis dette påverkar identitet, formidling og tradering. Tematikken spenner vidt, frå arkivarbeid og undervisning, til dagens migrasjonsprosessar i Noreg.

Open invitasjon til fagmiljø og utøvarar

NFL oppmodar forskarar, studentar, musikarar, dansarar og andre fagpersonar til å sende inn forslag til innlegg. Både akademiske presentasjonar og alternative format som konsertføredrag, panelsamtalar og tverrfaglege samarbeid er velkomne. Konferansen vil gå føre seg på både norsk og engelsk.

Fristen for å sende inn samandrag er 15. april 2025. Etter konferansen vil deltakarane få høve til å bidra til ei spesialutgåve av tidsskriftet Musikk og tradisjon.

– Konferansen er ein møtestad for alle som arbeider med, forskar på eller utøver folkemusikk og -dans, seier Ellestad. – Det er ein rik og spennande tematikk i år, og vi håpar mange vil bidra.

Konferansen blir arrangert i samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg, og alle innlegg blir vurderte av ein fagkomité.

To amerikanske gjester

Fleire hovudinnleiarar vil bli inviterte til å halde innlegg på konferansen. To hovudinnleiarar er alt stadfesta: Dr. Anna Rue og felespelar og historikar Beth Hoven Rotto. Rue er assisterande direktør ved Center for the Study of Upper Midwestern Cultures.  

– Ho skal halde eit hovudinnlegg om arbeidet sitt med det samarbeidsbaserte prosjektet Sustaining Scandinavian Folk Arts in the Upper Midwest, samt forskinga si på norsk-amerikanske samfunn, tradisjonar og identitetar i regionen, fortel Ellestad.

Felespelar og historikar Beth Hoven Rotto skal halde eit hovudinnlegg om utstillinga si Hand Me Down the Fiddle: Norwegian Fiddlers, Fiddles, and Fiddle Tunes in the Upper Midwest. 

– Rotto produserte denne utstillinga for Vesterheim Norwegian-American Museum, og museet har velvillig gjeve løyve til at delar av utstillinga kan visast under konferansen, kan Ellestad fortelje. 

Under innlegget sitt vil Rotto òg snakka om arbeidet sitt med tradisjonsberarar innan norsk-amerikansk musikk i området kring Decorah, Iowa, og om innsatsen sin i dansebandet Foot-Notes. I tillegg vil Rotto spela til dans og halda ein offentleg musikkverkstad under konferansen.

Nøkkelinformasjon:

  • Konferanse: Folkemusikk på vandring – transatlantisk utveksling av folkemusikk- og dansetradisjonar
  • Tid og stad: 17.–19. september 2025, USN campus Rauland
  • Frist for innsending av abstract: 15. april 2025
  • Lengde på abstract: maks 300 ord, med kort bio og tekniske behov
  • Språk: norsk og engelsk
  • Send til: norskfolkemusikklag@gmail.com
  • Info og retningslinjer