Folkemusikkens og folkedansens dag 16. juni
Spelemannslaget Laust & Fast underheld på Børsa skole på Folkemusikkens og folkedansens dag 16. juni. (Foto: Kristoffer Hylland Skogheim)

Frivilligåret 2022 har oppmoda alle sentralorganisasjonar til å velje seg det dei kallar «Vår dag», og no står altså dagen til FolkOrg og resten av folkemusikk- og folkedansmiljøet for tur. Frå nord til sør blir det arrangert mellom anna dansekurs, konsertar, buskspel og så vidare.

Tre lag har fått aktivitetsstøtte frå FolkOrg til ting som skal skje 16. juli: Trysil-Knut dans- og spelmannslag, Nes nasjonale dansarring og Trondheim toradargruppe. Elles er det mykje som skjer rundt om i landet – under er det vi har fått vite om til no.

Har du tips om andre «Vår dag»-arrangement 16. juni? Send i så fall gjerne ein e-post til redaksjon@folkemusikk.no, helst innan torsdag klokka 12. FolkOrg vil gjerne ha video og foto frå dagen landet rundt – det kan de sende til e-post info@folkorg.no så snart som mogleg.

Midt-Noreg

Spelemannslaget Laust og fast i Trøndelag har fått støtte til dagen av Frivillighet Norge direkte. Torsdag har dei ein stor dansekveld på Børsa skole i Skaun, der spelemannslaget deler kvelden mellom seg og Selahaugens gammeldansorkester.

I Møre og Romsdal har Spelemannslaget Dåm og Drag sommarkonsert på bibliotekscena på Stella Maris på Vestnes. Gjestar på konserten er Grandalaget og elevar frå kulturskulen i Vestnes.

Agder, Telemark og Vestfold

I Vestfold blir det konsert i eit nyrestaurert stabbur på Bogen-tunet i Stokke, og der blir det drop-in-kurs i kveding, reinlender og vestfoldspringdans. Det blir også foredrag om folkemusikksamlingane ved Vestfoldarkivet og dansespel utover kvelden.

På Nordagutu stasjon i Midt-Telemark arrangerer Norsk hardingfelesenter i samarbeid med Nordagutu vel eit Møllargut-arrangement, der statuen av Møllarguten har blitt nyvaska og fleire lokale spelemenn skal delta med underhaldning.

I samme kommune inviterer Nes nasjonale dansarring til lagskappleik på Evju bygdetun. Dei har også invitert andre lag i området til å vere med på ein kveld med sosial songdans, underhaldning og grilling. I tillegg er dei i gang med eit prosjekt som skal integrere innvandrarungdom i folkedansen, og dette arrangementet er ein viktig del av det.

Folkemusikkens og folkedansens dag 16. juni
Den 82 år gamle Møllargut-statuen på Nordagutu, her i yngre dagar, er nyvaska til folkemusikk- og folkedansdagen då plateaktuelle Per Anders Buen Garnås og andre kjem og speler. (Ukjend fotograf / Nasjonalbiblioteket)

Austlandet

I Trysil er alle mellom 0 og 100 år invitert til familiedansefest med Martin Myhr, Margrete Nordmoen og Else Myhr. Dette blir også sommaravslutning for laget. Tidlegare på dagen skal Margrete Nordmoen og Else Myhr ha song-, dans- og musikkleik for barnehagane i kommunen og elles andre ungar i barnehagealder.

Også i Gudbrandsdalen blir «Vår dag» markert fleire stader. Vågå spel- og dansarlag arrangerer i samarbeid med Vågå trekkspelklubb konsert i gågata, medan det i Lom blir musikk og dans ved fleire lokale spelemannslag og dansarlag. Seinare på kvelden er det også konsert og sesongavslutning på Jakupscena med dei tre musikarane Ingrid Schei Stuhaug, Malin Alander og Ole Nilssen.

I Hallingdal har Ål spel- og dansarlag, Sprang, Hallingdal toradarklubb og Hallingdal låtelag gått saman om å feire frivilligheita i folkemusikkmiljøet og skape ein møteplass for dette. Det blir lynkurs i instrument, song, lausdans og hallingspringar. Og så blir det også det arrangørane trur er verdas første springarmaraton, før kvelden blir avslutta med ein konsert med lokale utøvarar i Ål kulturhus.

Folkemusikkens og folkedansens dag 16. juni
Ingrid Schei Stuhaug, Malin Alander og Ole Nilssen, fylkesmusikarar i Vestland, spelar konsert på Jakupscena i Vågå på folkemusikkens og folkedansens dag. (Foto: Rakkar AS)

Vestlandet

På Elvetorget i Førde blir det også markering. Indre Sunnfjord spelemannslag og Naustedalen spelemannslag spelar til dans og inviterer alle til å hive seg med. Før markeringa, har distriktsmusikarane Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug hatt folkedanskurs for fleire skular i kommunen.

På Stryn torg er det duka for alternativ feiring av dagen laurdag 18. juni, i regi av Spelemannslaget Fjelljom.

Nord-Noreg

På Porsanger museum/Kvensk språksenter blir det musikk ved Lakselv spellemannslag og juniorspellemannslag. Det blir også dansekurs ved instruktør Gro Raattama. I tillegg deltek kulturskulen, som har tyske utvekslingselevar på besøk og desse skal bidra med klassisk musikk.