– Jo då, eg trur eg er i rute no, seier ei ordknapp Ingrid Schei Stuhaug, ansvarleg for meisterkonserten torsdag ettermiddag. FolkOrg-kontoret i Schouskvartalet har stått på hovudet i forkant av den store helga, som er eit samarbeid mellom FolkOrg, Riksscenen og Laget for folkemusikk.

Meisterkonserten i Operaen, søndag klokka 18, er krona på verket denne helga. Her står vinnarar frå årets Landskappleik og Landsfestivalen i gammaldansmusikk på scena. Blant gjestane sit sjølvaste dronning Sonja. Konserten har vore utseld i to månader – og det mest utan marknadsføring – men fredag klokka tolv blir nokre få billettar til lagt ut for sal.

– Alt ligg til rette for at vi får den meisterkonserten vi har håpt på. På konserten vil publikum oppleve den breidda og kvaliteten ein finn i folkemusikksjangeren, utøvarar i alle aldrar frå heile landet. Operaen gir ei flott ramme rundt konserten for både deltakarar og publikum, seier Stuhaug opprømt.

Laurdag går Oslokappleiken av stabelen på Riksscenen. Der byrjar det med sjokoladekappleik for dei minste klokka halv elleve, før kappleiken tek til klokka tolv. Stuhaug reknar med at tevlinga kjem til å halde på til klokka er over åtte om kvelden.

– Påmeldinga til er rekordstor. Eg fekk nett melding om at kappleiken må gå på to scener! Opprinneleg skulle det vere mogleg å melde seg på heilt til laurdag klokka tolv, då det byrjar, men no kan det faktisk sjå ut til at det blir fullt og dei må stengje påmeldinga før tida, kan Stuhaug røpe.

Folkemusikkinvasjon i Oslo
Oslokappleiken byrjar med sjokoladekappleik på Riksscenen laurdag klokka 10.30. Her er barnelaget til Bygdelagssamskipnaden i aksjon under Oslokappleiken i 2012. (Foto: Nils Øyvind Bergset)

Kappleiksnervar i sjakk

Dansar og trekkspelar Ole Nilssen skal både danse på meisterkonserten søndag, og dømme spelet på Oslokappleiken laurdag. Han held hovudet kaldt.

– Eg er ikkje av typen som tek meg sjølv så høgtideleg, så eg blir sjeldan nervøs. Det speler ikkje så stor rolle om det er kappleik eller eg berre står på ei scene, seier Nilssen, som òg gler seg stort til å dømme kappleiken laurdag på Riksscenen.

 Når du skal dømme kappleik, er du meir «på» heile tida over ein lengre periode, og du må lytte på ein meir aktiv måte enn du gjer elles. Eg får mykje igjen fagleg av å dømme kappleik.

Nilssen har altså to jobbar å gjere denne helga, men mest av alt gler han seg til å treffe folk.

– Oslo blir ein av dei aller største lokalkappleikene i år. Det er alltid triveleg når så mange kjentfolk er samla på same plassen. Det blir god stemning og fest!

Buskspel og dansemoro

Men alt fredagen brakar det laus på Riksscenen i Schouskvartalet. Asgaut Bakken, produsent ved Riksscenen, fortel at konserten fredag med Ingebjørg Bratland er mest utseld, noko som skulle tyde at det kjem storinnrykk av festglade folk til dansen etterpå.

– Det blir gamaldans på hovudscena på Riksscenen etter konserten. Andreas Bjørkås og Kristin Gravaune startar festen klokka halv elleve, og så går det slag i slag til klokka er eitt. Så blir det folkemusikkpub i underetasjen, i Stallen musikkbar, med buskspel for dei som vil henge seg på med instrumenta sine.

Bakken gler seg òg til meisterkonserten søndag. Kvar søndag er for så vidt ein stor dag for Bakken. Då arrangerer han konsertserien Sølvsuper på Kulturhuset på Youngstorget, som til vanleg byrjar med Folkemusikktimen på P2 klokka 18. Men for ikkje å kollidere med Meisterkonserten, er konserten no på søndag flytt til klokka 16. Her har han ei nyheit å kome med.

– Tron Steffen Westberg, som er annonsert, får med seg Jørgen Nyrønning! Nyrønning høyrer til den nye generasjonen superspelemenn frå Røros, frå generasjonen under Westberg, og er aktuell med ny plate på Ta:lik. Eg tilrår alle å få med seg ein time—halvannan med Rørosmusikk i boksen på Kulturhuset før Meisterkonserten, avslutter Bakken oppglødd.

Programmet for heile helga finn du på denne sida.  

Folkemusikkinvasjon i Oslo
Silje Hegg vann Landskappleiken i fløyte senior, og blir å sjå på scena under Meisterkonserten søndag. (Foto: Bjørn Sletten)