Mette og Vegar Vårdal, som står bak Kultivatorpodden, har mange sesongars erfaring som podkastarar. Dei har funne ein formel dei bruker i dei fleste episodane sine: Først pratar dei om eit aktuelt tema, gjerne knytt til ei utgjeving som har kome eller noko som skjer. I andre del er det gjerne meldingar av plater, sceniske framsyningar, bøker og så vidare.

– Det er gøy at det kjem fleire podkastar om folkemusikk og at me har ulike måtar å gå inn i feltet på. Me prøver å følgje med på andre podkastar me også, så me ikkje repeterer kvarandre. Det blir kjedeleg om det blir tre like podkastar der ute. For oss har meldingane blitt den viktigaste nisjen, seier Mette Vårdal.

Ho seier at mange av albuma som blir gitt ut får platemeldingar på ulike plattformer, men at dei i podkasten også prøver å sjå alt det som blir laga på scener eller i bokform. I tillegg jobbar dei også for å sjå andre funksjonar, som produsentar og liknande, som også er del av kulturen.

«Så lenge folk held fram med å eksperimentere med folkemusikken, kan me prate i det uendelege.»

Mette Vårdal, Kultivatorpodden

Å finne tema å snakke om på podkasten, har til no ikkje vore noko problem.

– Me har ei liste med tema me vil prate om, men dei må av og til vike for noko aktuelt og spennande. Før førre episode hadde Kim Rysstad kome med singelen «Grevevisa». Då blei det ikkje berre ei melding av denne, men temaet for episoden blei arrangement, fortel Vårdal. Ho seier at dei vil sjå nye ting i samanheng med ting som har blitt gjort før, og sette ting inn i eit større perspektiv. Difor er ho sikker på ein ting:

– Så lenge folk held fram med å eksperimentere med folkemusikken, kan me prate i det uendelege.

Den siste tida har det dukka opp to yngre reporterar i podkasten, nemleg dei to døtrene i huset. Dette vil nok halde fram, då barneproduksjonar også er ein stor del av det Kultivatorpodden tek føre seg, og både store og små i familien synest samarbeidet er moro.

Folkemusikkprat rett i øyret
Vegar og Mette Vårdal på besøk i Folkemusikkpodden, i ein pause i innspelinga av deira eigen podkast, Kultivatorpodden, på Folkelarm 2020. (Foto: Sigurd Ytre-Arne)
Folkemusikkprat rett i øyret
Anders Lillebo (t.h.) intervjuar dansegruppa Kartellet ved Inge Martin Helgesen (t.v.) og Sigurd Johan Heide til ein episode av Folkemusikkpodden, Kalottspel 2021. (Foto: Audun Stokke Hole)

Norsk- og engelskspråkleg intervjupodkast

Anders Lillebo driftar to podkastar; ein på engelsk og ein på norsk. Den sistnemnde blir produsert i samarbeid med Riksscenen, der artistar frå sesongprogrammet er gjester på liveinnspelingar gjort på huset.

– Bakhistoria er at eg starta ein eigen engelskspråkleg podkast fordi eg ville forhalde meg til eit internasjonalt publikum, men også fordi interessene mine spenner rundt både nordisk, amerikansk og keltisk folkemusikk. Så det prosjektet har vore hjartebarnet mitt heile tida. Eg pitsja ideen til Riksscenen, men dei ville ha innhald på norsk, så då blei det til at eg laga ein eigen podd for dei, fortel Lillebo.

I år er det planlagt tre episodar av Folkemusikkpodden på Riksscenen. Den første episoden er allereie ute, og der er det den svenske felespelaren Lena Jonsson som er gjest. Seinare i vår skal Lillebo intervjue Triakel og sidan Sigrid Stubsveen og Inga Myhr, i samband med konsertar og framsyningar dei skal ha.

Den engelske podkasten, The Folk Music Podcast, har Lillebo mange planar for. Han har også ein del namn bekrefta framover. Den neste episoden han skal spele inn, skal Annbjørg Lien og Catriona MacDonald gjeste.

– I starten la eg ut ein episode i veka, men så gjekk det litt over stokk og stein. Det er mykje jobb når ein redigerer og publiserer sjølv. Men eg har framleis eit mål om å få til episodar kvar veke, i alle fall om våren og hausten, fortel han.

Formatet i podkastane til Anders Lillebo er det klassiske intervjuet, der lyttaren skal få kome inn i hovudet på den som er gjest.

– Eg liker veldig godt det formatet, det legg til rette for ein eigen type samtale. Men dei beste episodane er nok dei som utviklar seg til ein samtale meir enn eit intervju. Eg har prøvd og feila for å finne ut kor mykje eg skal styre, og kor mykje eg skal halde meg til spørsmåla eg har førebudd og så vidare.

Han fortel at episodane blir veldig ulike frå gjest til gjest, alt etter kjemien han får med dei, eller om han kjenner dei frå før eller ikkje.

Eit tips han har til andre som vil starte podkast, er å berre hoppe i det.

– Ikkje tenk for mykje før du går i gang. Ein må brenne for noko og ha lyst til å formidle noko eller lære om noko. Men ein må berre byrje i ein ende, og så kan ein heller forandre konseptet undervegs, seier Lillebo.

Når det gjeld teknikk og lyd, er det god hjelp å finne på internett.

– Etter ein dag på YouTube har du lært alt som skal til for å komme i gang! slår han fast.

Viss noko manglar i podkastmarknaden i folkemusikk og folkedans-segmentet, kan det vere noko litt meir «nerdete», som til dømes ein hardingfele-podd eller ein podkast om folkemusikk frå Nord-Noreg, meiner Lillebo.

– Podkasten min har eit breiare nedslagsfelt. Eg er ikkje superekspert på noko, men har meir breiddekunnskap. Så det hadde vore fint med fleire nisjete podkastar, seier han.

«Dei beste episodane er nok dei som utviklar seg til ein samtale meir enn eit intervju. Eg har prøvd og feila for å finne ut kor mykje eg skal styre.»

Anders Lillebo, Folkemusikkpodden og The Folk Music Podcast

Gammaldanspodkast frå Kjøsen

I introduksjonen til Ronny Kjøsens nylanserte podkast står det først «Advarsel: nerding!».  Podkastserien Garnbøterens notebok tek utgangspunkt i ei plateutgjeving, bok og biografi som podkastskaparen sjølv har skrive og utgitt om Ole Nilsen Brechan, spelemann og slåttekomponist frå Kårøydalen i dagens Heim kommune. Men serien tek føre seg gammaldans generelt, og i første episode er John Ole Morken gjest. Vidare utover våren har Kjøsen fleire gjester på blokka. I neste episode skal Thomas Nilssen snakke om noteboktradisjonen på Hedmarken.

– Eg har laga nokre program for lokalradio før, men dette er første gong eg lagar podkast. Det er eit fint medium, men kan vere begrensande med tanke på at viss ein skal ha med musikk som er innspelt, så blir det brutalt dyrt. Men då lyt ein finne innspelingar og øvingsopptak som ikkje er utgitt for å ha med små døme, seier Kjøsen.

Han fortel at Garnbøteren berre er utgangspunktet for samtalane i podkasten. Samtalene krinsar mykje rundt gammaldans generelt, og noter, korleis tolke gammalt materiale og så vidare. Garnbøteren Ole Nilsen Brechan var, i tillegg til å vere spelemann, lausarbeidar i både Trøndelag og på kysten av Nord-Møre. Han underviste ungar i lesing og skriving, var klokkemakar og batt fiskegarn – derav namnet «Garnbøteren».

Ronny Kjøsen skal sleppe fire episodar i løpet av våren, og dei kjem med om lag ein månads mellomrom.

Folkemusikkprat rett i øyret
Første episode, sesong 2 av Folkemusikks podkast Får du fot blei innspelt i lavvoen på Schous plass under Folkelarm 2021. (Foto: privat)

Til å få fot av?

Folkemusikks eigen podkast har fått namnet Får du fot, og det er til no lagt ut to episodar av denne sesongen. Første sesong heitte podden berre Folkemusikks podkast, men for å unngå for mykje forvirring, synest redaktør Audun Stokke Hole at podkasten trong eit ordentleg namn. I samråd med sambuaren kom namnet Får du fot til, fortel han.

– Eg har fortid frå studentradio, og har hatt lyst til å lage podkast i mange år, held han fram. – Etter mykje nøling og fleire oppmodingar blei den første podkasten publisert våren 2020. Om lag samtidig starta både The Folk Music Podcast og Kultivatorpodden opp – sikkert ikkje tilfeldig, det er eit medium i tida!

Samtidig må ein innsjå at me i Noreg var eit stykke bak dei skandinaviske grannane våre, legg han til: Danske RadioFolk.dk starta podkasten Katten i Sækken allereie i 2014, medan svenske Spelmanspodden følgde i 2017.

– Det får me leve med. Viktigast er at me har fleire folkemusikkpodkastar i dag, og eg reknar med at fleire vil komme til. Me treng fleire stemmer i Folkemusikk- og Folkedans-Noreg, folk som spelar, snakkar om og diskuterer dei ulike musikk- og danseuttrykka – ei levande offentlegheit kring tradisjonskulturen, rett og slett.

Første episode av Får du fot er frå eit allmøte under Folkelarm, der redaktøren og Sigrid Randers-Pehrson leiar ei samtale med publikum om musikken til diverse Folkelarm-artistar – kva assosiasjonar musikken gjev, og om dette er noko publikum «får fot» av. I den andre episoden er folkrockbandet Gangarstubbgutta gjestar i podkasten, og i tillegg speler Astrid Garmo to slåttar eksklusivt for podkasten.

Utover i mars månad blir dei siste fire episodane publiserte: reportasjar frå folkemusikkbransjetreffen Womex og frå folkemusikkstudentane ved NMH sitt besøk hos Knut Buen, ein serie av fem samtaler der ti folkemusikarar diskuterer relevante tema, og ein debatt om kjønn og folkemusikk frå Riksscenen.

Dei to siste episodane er produsert av, og tidlegare sendt som del av to andre podkastar: Kultivatorpodden og magasinet Scenekunst.no sin podkast Scenesamtaler. Tidlegare har Folkemusikk også hatt podkastsamarbeid med musikkmagasinet Ballade, og redaktør Hole vil gjerne gjere meir av denne typen samarbeid, seier han.

– I podkastverda er det veldig etablert med samarbeid podkastar imellom. Samarbeid om episodar, kanskje tilmed seriar, er ein veldig god måte å nå ut til nye lyttarar. Viss nokon der ute planlegg podkast eller har idear til samarbeid, vil eg gjerne høyre frå dei! avsluttar redaktøren.