Januar

Vi foretar "vareopptelling" over folkemusikkåret 2023 i NRK.

Arne Garborgs diktsyklus Haugtussa har inspirert mange musikarar og komponistar. No har folkemusikar og kvedar Øyonn Groven Myhren laga ny musikk til Haugtussa.

Februar

Andre programmet frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2023, der me skal høyre opptak frå klassane lagspel durspel/trekkspel, andre instrument senior, durspel senior og gruppespel.

Hardingfelespelar og forskar Laura Ellestad tek oss gjennom kappleikshistoria i USA der me avsluttar med unike opptak frå ein kappleik i Starbuck i Minnesota i USA frå 1952.

Erik Almhjell, John Røen, Leif Halse, Nils Bakke og Trygve Ørsal er nokre av spelemennene me skal høyre i opptak når me no reiser frå bygd til bygd på Nordmøre.

Frå Eldre folkemusikkinstrument senior under Landskappleiken i Lom 2023.

Mars

Hør hvorfor en jazzbassist er booka til Folkemusikktimen!

Jazznestor Arild Andersen tar oss med inn i historia om da han skrev de legendariske bestillingsverkene Sagn og Arv, som fortsatt er en inspirasjonskilde og for mange et musikalsk referansepunkt selv etter 30 år siden de ble uroppført for første gang.

Da livet raste sammen, gjorde den faste følgesvennen musikken alt verre, og hun orket ikke lenger høre på musikk. Guro forteller i "Min folkemusikk" om veien tilbake til livet og om hvordan hun og musikken fant hverandre igjen.

Folkesanger og musiker Camilla Granlien forteller om showcasefestivalen Folkelarm, nordens største bransjetreff innen folkemusikk, der vi også for høre låter fra konsertene til banda Pumpegris og Hans, Jo!, og hele showcasekonserten til Camilla Granlien band fra Folkelarm 2023.

29. februar i år blei det kjend kven som er årets nominerte til Spellemannprisen 2023 og den 4. april blir det avslørt kven vinnarane er. Folkemusikktimen tar for seg de nominerte i klassen tradisjonsmusikk, og me skal møte hardingfelespelar og komponist Anne Hytta som er nominert i katagorien Tonos komponistpris for verket Brigde.

April

En av norges mest særegne sangstemmer møter Kringkastingsorkesteret i full symfoni! Tatersanger med Elias Akselsen, Veronica Akselsen, Stian Carstensen, Ola Kvernberg, Giani Lincan, Marius Flatby og KORK i opptak fra Store Studio.

Me køyrar nok ein gong tidsmaskin i Folkemusikktimen der me har funne gull i arkivet. I den første delen møter me folkesongaren Ragnar Vigdal frå Luster i Sogn i opptak frå 1989, og den andre delen er med hardingfelespelemann Eivind Mo frå Telemark som spelar slåttar etter Håvard Gibøen i opptak frå 1979.

Sjangeren norsk-amerikansk old-time music er ein sjanger me høyrer lite om. Bli med til Amerika der felespelar og forskar Laura Ellestad frå Calgary i Canada, som no bur på Rauland i Telemark, tek oss med på ei reise gjennom historia til sjangeren der me blir kjend med utøvarar og musikk ein sjeldan høyrer.

Sjangeren norsk-amerikansk old-time music er ein sjanger me høyrer lite om. Dette er del 2 der felespelar og forskar Laura Ellestad frå Calgary i Canada, som no bur på Rauland i Telemark, tek oss med på ei reise gjennom historia til sjangeren i Amerika der me blir kjend med utøvarar og musikk ein sjeldan høyrer.

Mai

Reinlendaren har vore ein populær dansetype sidan han gjorde sitt inntog i dei norske byane og bygdene i siste halvdel av 1800-talet. Framleis er reinlendar noko som dei fleste spelemenn og spelekvinner har på repertoaret. Folkemusikar Tom Willy Rustad tek oss gjennom historia til reinlendaren som har fått ein heilt eigen dåm i den norske folketradisjonen.

Svadilja- Hans Fredrik Jacobsen og seljefløytene. Reprise fra 2022.

Juni

Landslinja i folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule har besøkt Store studio. Me tek også turen til Vinstra der elevane fortel om korleis det er å gå på landslinja i folkemusikk.

Felespiller, forsker og musiker Ånon Egeland tar oss med vest på Agder der vi dukker ned i kjente og ukjente feletradisjoner.

Bonden og veterinæren, læremester og elev. Møt felespillerne Olav Kjernmoen og Martin Folstad som har dukket ned i tradisjonen etter Malena-Knut, en av de fremste spellmennene på Alvdal på 1800-tallet.

Den 9. april 1969 vitja spelemann Odd Bakkerud frå Hallingdal NRKs stovstove; Store Studio. Hallgrim Berg, frå Ål i Hallingdal som var med Bakkerud denne vårkvelden, minnes venen og spelemannen som i løpet av tre klokketimar, mest utan stopp, spelte inn nærmare 40 slåttar der dei fleste aldri er sendt på radio.

Ferske inntrykk fra Landskappleiken 2024.

Juli

Frå Fele klasse A under Landskappleiken på Gol 2024.

August

Frå Hardingfele klasse A under Landskappleiken på Gol 2024.

Frå Vokal klasse A under Landskappleiken på Gol 2024.

Frå lagspel under Landskappleiken på Gol 2024.

September

Frå tevlingane i eldre folkemusikkinstrument under Landskappleiken på Gol 2024.

Slåttespel på hardingfele frå Rogaland. Siri Dyvik og Marton Laksesvela spelar slåttar frå Bjekreim og Suldal. Tidlegare folkemusikkarkivar i Rogaland Ruth Anne Moen medverkar også. Programmet er ein reprise frå 1994 og blir leia av tidlegare programleiar i Folkemusikktimen, Leiv Solberg.

Frå tevingla vokal B under Landskappleiken på Gol 2024.

Odde & Holmen representerte Noreg på Euroradio folkfestival i Rudolstadt 2024.

Folkemusikar og durspelar Hilde Fjerdingøy tek oss med på folkemusiksafari på Helgeland i Nordland der me får høyre sjølvsagt felespel, men òg trekspel, joik og positiv.

Oktober

Å tralle til dans er i vinden om dagen! Folkesangerne Isa Holmgren og Synnøve B. Plassen gjester studio der tema er slåttetralling!

Klarinettens plass i den norske folkemusikken er en lite kjent historie. Seniorforsker Bjørn Aksdal gjester studio sammen med klarinettspiller Jonas Støre der de forteller historia til instrumentet i Norge, der vi også blir bedre kjent med instrumentparken som tilhører klarinettfamilien innen norsk folkemusikk.

Hardingfelespelar Johannes Dahle (1890-1980) frå Tinn i Telemark var ein betydeleg slåttekomponist, der dei fleste av slåttane han laga er original og har ein tydeleg signatur. No har hardingfelespelar Lars-Ingar Meyer Fjeld tolka eit knippe av slåttane på plate og saman med Lars-Ingar skal me bli betre kjend med komponisten Johannes Dahle og slåttane hans.

November

Mattis Kleppen ville inn i folkemusikken med el-bass som hovudinstrument. Hør bass-spelemannen fortelle om eit folkemusikkliv i møte med legender i norge - og på det afrikanske kontinent.

Du har kanskje høyrt ho som vokalist i bandet Broen. Men Marianna Sangita Angeletaki Røe er songaren og komponisten som var rotlaus. Fram til ho turde å gå i tradisjonane, og fann heimen i musikken - midt mellom Hellas og Noreg.

Læraren var bekymra for at Alexander ikkje hadde det bra på barneskulen. Han høyrte på gammaldansmusikk.  Høyr hardingfelespelaren  Alexander Aga Røynstrand fortelle i Min Folkemusikk.

Medstudentane til Vera kom frå alle krikar og krokar av landet, medan Vera hadde ein kort sykkeltur bort til folkemusikkurset. Der møtte ho dei som ville lære bort - og fekk kick på å etterlikne gamle damer. Høyr Vera Sonne frå Rakkarpakk og Pumpegris fortelje i Min Folkemusikk.

Desember

Rolf Myklebust frå Stryn var stemma i programposten Folkemusikkhalvtimen frå 1952 til 1978, og vart med tida titulert som Folkemusikkhalvtimen personleg. Myklebust samla mykje folkemusikk frå heile landet og bygde opp det store folkemusikkarkivet i NRK. Då han fylte 80 år i 1988, vart han invitert til studio for å dele nokre minne frå åra i NRK.

INTROFOLK, kåring av årets unge folkemusiker 2024! Opptak fra Riksscena med finalistene Martin Steinum Brun, Amalie Kinsarvik Tvilde og Åsmund Arnesen Farstad.

Den 25. juli i 1858 omkom tre mennesker ved Raumyra på Norefjell under en stor fjelldans, blant annet spellemannen! Folkemusikktimen blir med spellemann Steinar Strøm til fjells der det hele skjedde.