§ 1 Stifting

FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans vart skipa 21. november 2009 som ei samanslutning av Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn. FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans er ein landsomfattande livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon med ope medlemskap.  

§ 2 Føremål

FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse. 

§ 3 Medlemskap

Grunnlaget i organisasjonen er medlemmer i lokale lag, faglag, og gruppa av yrkesutøvarar. Lokale lag er geografisk knytte til eit område. Faglag og gruppa for yrkesutøvarar har aktivitet på tvers av geografiske område.  

Alle medlemmer i lokale lag og faglag som er tilslutta organisasjonen, er medlemmer i organisasjonen og eventuelt områdelag i sitt distrikt. Faglag kan ha personlege medlemmer som ikkje er medlemmer av FolkOrg, men dei får ikkje rekne utsendingar til landsmøtet for fleire enn dei som er medlemmer. Faglag kan også ha institusjonar som medlemmer, og slike faglag har eit fast tal på utsendingar til landsmøtet. 

Alle lag som arbeider i samsvar med føremålsparagrafen, kan takast opp som medlemmer i organisasjonen.  

Med yrkesutøvar meiner ein utøvarar som har inntekt av folkemusikk og/eller folkedans.  

Einskildpersonar som ikkje står tilslutta noko lokallag eller faglag, kan melde seg direkte inn i organisasjonen.  

Styret kan stryke medlemmer som arbeider mot føremålet eller på annan måte skader organisasjonen. Styrevedtak om dette kan ankast inn for årsmøtet.  

§ 4 Områdelag

Lokale lag kan samarbeide distriktsvis gjennom områdelag. Alle lag tilslutta eit områdelag som er innmeldt i organisasjonen, skal vere tilslutta organisasjonen. 

§ 5 Landsmøte

Landsmøtet er høgste organ i organisasjonen og skal haldast kvart andre år innan utgangen av april månad.  

Styret fastset tid og stad for landsmøtet og informerer medlemmene om dette seinast seks månader før landsmøtet finn stad. Innkalling og sakspapir skal sendast ut minst tre veker før landsmøtet. Medlemmer eller lag som har saker dei vil ha fremja på landsmøtet, må sende desse til styret innan 15.januar. 

§6 Utsendingar til Landsmøtet

Stemmerett på landsmøtet har:  

A) Utsendingar frå lokallag, gruppa av yrkesutøvarar eller faglag som er tekne opp som medlemmer og som har betalt kontingent for siste meldingsår innan 31. desember etter følgjande skala: 

  1. Lag med inntil 30 medlemmer: 1 utsending  
  2. Lag med 30–99 medlemmer: 2 utsendingar  
  3. Lag med 100-199 medlemmer: 3 utsendingar 
  4. Lag med 200-299 medlemmer: 4 utsendingar 
  5. Lag med 300-399 medlemmer: 5 utsendingar 
  6. Lag med over 400 medlemmer: 6 utsendingar 

B) To utsendingar frå kvart faglag som i hovudsak har institusjonar som medlemmer 

C) Ein utsending frå kvart områdelag 

D) Styret og varamedlemmer for dei styremedlemmene som ikkje kan møte på landsmøtet 

  • Einskildpersonar som ikkje står tilslutta noko lokallag eller faglag, har ikkje stemmerett.  
  • Det kan ikkje nyttast fullmakter. Kvar utsending kan berre representere eitt lag.  
  • Alle medlemmer og tilsette i organisasjonen har talerett på landsmøtet. Styret kan invitere andre institusjonar og organisasjonar som observatørar med talerett til landsmøtet.  

§7 Tilsynsnemd

Landsmøtet kan velje ei tilsynsnemnd på 3 personar som har som hovudoppgåve å sjå til at arbeidet i styret er i samsvar med dei vedtektene som ei kvar tid gjeld. Tilsynsnemnda skal rapportere avvik til styret undervegs i perioden, og til landsmøtet. 

§ 8 Saker på Landsmøtet

Landsmøtet handsamar:  

  • årsmelding for dei to siste åra 
  • rekneskap for dei to siste åra 
  • Langtidsplan 
  • fastsetjing av medlemspengar  
  • budsjett  
  • oppnemning av revisor  
  • innkomne saker  
  • val av tillitsfolk  

Rekneskapen følgjer kalenderåret. 

§9 Val av tillitsfolk

Landsmøtet vel eit styre på sju personar 

  • ein styreleiar  
  • to nestleiarar  
  • fire styremedlemmer  

Landsmøtet vel også:  

  • tre varamedlemmer til styret  
  • 3 medlemmer til fagutval for yrkesutøvarar, ein leiar og to medlemmer.  
  • ei valnemnd på tre medlemmer . 
  • Landsmøtet kan velje ei tilsynsnemnd på tre medlemmer  

Valperiode for alle er to år. Landsmøte bør arbeide for å få kontinuitet i styre, arbeidsutval, fagutval for yrkesutøvarar, valnemnd og tilsynsnemnd.  

Når landsmøtet vel tillitsfolk, skal det velje eit mest mogleg representativt utval av medlemsmassen.  

To av styremedlemmene skal tilhøyre gruppa av yrkesutøvarar innanfor folkemusikk og/eller folkedans. Ein av desse skal vera leiar eller nestleiar. 

§10 Omframt Landsmøte

Omframt landsmøte skal haldast når styret finn det naudsynt, eller når minst ein tredel av medlemslaga krev det. Omframt landsmøte kan kallast inn med minst ein månads varsel, og berre saker som er sette opp i innkallinga, kan behandlast. Elles gjeld dei same reglane som for vanleg landsmøte.  

§11 Om styret

Styreleiaren teiknar organisasjonen.  

Styret kan delegere prokura.  

Styreleiaren og dei to nestleiarane utgjer eit arbeidsutval. Styret vedtek instruks for arbeidsutvalet.  

Styret er vedtaksført dersom minst fire medlemmer eller varamedlemmer er til stades.  

Det skal førast referat frå styremøta. 

Styret eller den dei delegerer fullmakta til, kan ta opp lån på vegne av organisasjonen. 

Dei tilsette har rett til å ha ein representant, i tillegg til dagleg leiar, med talerett til stades i styremøte. 

§12 Styret sine oppgåver  

Styret skal   

  • drive laget i samsvar med vedtekter, føremål og landsmøtevedtak   
  • førebu saker til landsmøtet   
  • godkjenne medlemskap og vedtekter for lokallag, faglag og områdelag   
  • tilsetje dagleg leiar og utarbeide instruks for stillinga.  
  • ta endelege avgjersler i alle saker som, i følgje vedtektene, ikkje er lagde til landsmøtet 
  • godkjenne rekneskapen og årsrapport det året det ikkje er landsmøte.   

§13 Dagleg leiar  

  • Dagleg leiar er sekretær for styret og arbeidsutvalet og førebur sakene i samråd med styreleiaren.   
  • Dagleg leiar har ansvar for å tilsette andre i administrasjonen innanfor rammer sett av styret.   

§ 14 Heidersmedlemskap

Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet. Heidersmedlemer skal ha synleg prov på æra og gå fritt på alle arrangement som FolkOrg skipar til.  

§ 15 Vedtektsendringar

Landsmøtet kan, med tilslutning frå minst 2/3 av utsendingane med stemmerett, endre vedtektene. Landsmøtet kan berre handsame endringar i paragrafar som er varsla gjennom sakspapira til landsmøtet.  

§16 Oppløysing

Det ordinære landsmøtet kan, med tilslutning frå minst 2/3 av utsendingane med stemmerett, vedta at organisasjonen skal oppløysast.  

Ved oppløysing fremjar styret forslag overfor landsmøtet om korleis ein kan bruke organisasjonsmidlane i samsvar med føremålet.