– Dette vart heilt overveldande, seier Rasmus Stauri som har vore redaktør for Songen Dansen Spelet saman med Sigrid Moldestad og biletredaktør Knut Utler.
Sjølv store forlag med meir kjende forfattar ville ha vore fornøgde med langt færre frammøtte på bokslepp. Det vart eit arrangement utanom det vanlege.
Dei frammøte var i god stemning etter at Knut Buen i forkant hadde spelt, fortalt historier og filosofert over mykje folk flest knapt tenkjer over i det daglege.
Kanskje fleire tenkte at boksleppet berre var tidtrøyte før den store jubileumskonserten. Men det vart meir enn eit mellomspel, med Ida Habbestad i samtale med dei tre redaktørane.
Songen Dansen Spelet er ei 340 sider stor bok fylt med korte og lange tekstar. Og ikkje minst rundt 550 bilete i ulik storleik, dei fleste med informative bilettekstar som gjer boka ekstra lesarvennleg.
Eit trettital bidragsytarar
Dette er ikkje ei jubileumsbok med kronologisk framstilling av historia om Landslaget for Spelemenn (LfS), Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) og den samanslåtte FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.
Nærmare 30 personar har kvar for seg og til saman kome med ulike bidrag i tillegg til redaktørane. Og langt fleire er omtalte. Dermed er det mange stemmer med ulike utgangspunkt som kjem til uttrykk omkring ulike tema.
– Sidan LfS har ei 50-årsbok og 75-årsbok, ønskte vi å ta temperaturen meir på vår eiga samtid, kommenterte Sigrid Moldestad under boksleppet.
Sjølve starten blei ikkje gløymt av den grunn. Bokslepp og jubileum blei lagt til Bergen mellom anna fordi Landslaget for Spelemenn blei starta nett der.
– Det er ekstra stas å ha boksleppet nær Arne Bjørndals samling her i Bergen. Bjørndal var ein fantastisk spelemann og songar, med sterk kjærleik til folkemusikken. Talen hans ved opninga av Landskappleiken i 1923 og skipinga av Landslaget for Spelemenn kunne med litt justeringar ha vore framført i dag, konstaterte Moldestad.
Først tekst, så bilete
– Dette er ikkje ei bok du les frå A til Å, men kan ta fram, legge frå deg og ta fram igjen. Det er lagt inn bilete med litterære sitat, slik at lesarane skal få ei større oppleving enn dei subjektive artiklane. Boka har ulikt tempo. Det trur eg er viktig, påpeika Rasmus Stauri.
Dei nærmare 550 bileta i boka er historisk materiale. Blant anna er det bilete av deltakarane på Landskappleiken i Bergen ved skipinga i 1923, teke av ukjent fotograf.
– Tekstane har kome først og vore styrande. Så var det å leite etter illustrasjonar. Det har vore eit detektivarbeid, fortalde Knut Utler. Dei nyare bileta er i stor grad frå Utler sitt eige, rikhaldige arkiv.
Redaktørane rosar designar Kristin Mack Alnæs som har bidratt sterkt til at dette kan karakteriserast som ei praktbok, som sikkert kan bli ei populær julegåve i folkemusikkmiljøet.