Alt klart for landsfestival i Gaupne

På onsdag brakar Landsfestivalen i gammaldansmusikk laus i Gaupne. Stemninga i Gaupne er topp – og heile bygda gler seg til å ta imot både kortreiste og langreiste gjestar, melder festivalleiar Synnøve Bjørset.

– Me er spesielt glade for den gode påmeldinga – heile 171 startnummer og nærmare 900 startarar. Det var ein god del fleire enn våre nøkterne forventingar! seier ho.

Ikkje mindre enn 500 frivillige er i sving, og takk vere dei ligg dei framfor skjemaet med førebuingane. Sjølv om tevlingane ikkje byrjar før torsdagen klokka 10, med durspel junior og senior, så oppmodar Bjørset festivalfolket til å vera på plass alt onsdagen. Opningskonserten klokka 19 blir nemleg noko for seg sjølv:

– På opninga blir det musikk frå ytst til inst i den over tjue mil lange Sognefjorden. Jens Brekke, slagferdig humorist og erkesogning, skal losa oss gjennom det heile. Me serverer dessutan lustratalik med smårettar komponerte av lokale råvarer, og så inviterer me til dans i Parken.

Det er i år 30 år sidan den fyrste Landsfestivalen, som òg gjekk av stabelen i Sogn og Fjordane, i Førde. Fredagen skal det markerast med jubileumskonserten «Gaman i Gaupne». Finn Tokvam er vert, og det vert tilbakeblikk og humoristiske skråblikk på landsfestivalen og gammaldansmiljøet. Dessutan får du sjå og høyre nokre av dei mest markante og mestvinnande utøvarane gjennom festivalen si historie.

Så det er berre å gle seg! Klikk deg inn på landsfestivalen.no for tevlings- og konsertprogram, praktisk info og mykje anna.

Folksrevyen: veke 31
På landsfestivalen.no finn du alt du treng å vite om festivalen som brakar laus i Gaupne denne veka.
Folksrevyen: veke 31

«Vert det ikkje spelt springar, vert det heller ikkje dansa springar. Vert det ikkje dansa springar, så vert det ikkje spelt.»

Ny CD med folkemusikk frå Møre og Romsdal

Ei av hovudoppgåvene til Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal er å leggje til rette for vidare bruk av tradisjonsmateriale frå fylket. Folkemusikkarkivet har den siste tida arbeidd for å lyfte fram dei eldste danse- og musikkformene i fylket. Og på utgjevinga Syngjaren er det nettopp bygdedansmusikken som får sleppe fram.

– Innan folkedansen reknar me med at det er minst seks ulike springarformer, høvesvis i områda Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre, Tafjord, Sykkylven og Søre Sunnmøre. Dei fleste av desse danseformene står svakt i dag, kunnskapen er liten og innspelt musikk til å øve til finst nesten ikkje. Når folk ikkje meistrar dansane bra nok, etterspør dei heller ikkje musikken når det er levande musikarar til stades. Dette gjev ringverknadar, seier Anna L. S. Gjendem, dagleg leiar for folkemusikkarkivet i Møre og Romsdal.

Folkemusikkarkivet ynskjer difor å leggje forholda til rette for bruken av desse danseformene, og inspirere musikarane til å finne igjen slåttar som er gløymt.

– Me tok difor kontakt med dei fremste folkemusikarane i fylket, og fann i samarbeid med dei fram til slåttar me trur kjem til å fengja både dansarar og spelemenn, avsluttar Anna.

 

Hallingspel på nett

hallingspel.org er ei ny og spennande internettside for deg som er interessert i hardingfelespel, og då særskild ifrå Hallingdal. Mannen bak sida, Olav Sataslåtten d.y., er barnebarn til ein av dei av mest sentrale hardingfeleutøvarane frå Hallingdal i nyare tid, Olav Sataslåtten d.e.. Trass i dette slektsskapet, vakna interessa for hardingfele og dans seint. Men når interessa fyrst vakna, så vakna den skikkeleg.

Med sin bakgrunn som arkivar på Riksarkivet starta Sataslåtten å leita rundt i ulike arkiv rundt om i landet. Resultatet er ein stor fagleg ressurs for studiar av den eldre spel- og dansetradisjonen i Hallingdal, med mykje informasjon som fram til no har vore utilgjengeleg for folk flest – men som no er tilgjengeleg for alle.

Og har du ikkje enno vorte nyfrelst av hardingfelehistorie, finst det historiske artiklar du kan kosa deg med. Til dømes ein artikkel om den tyske geologen Leopold von Buch, som hadde dette å seia om folk i Halllingdal og Telemark etter si reise gjennom dalstrøka: «On the other hand, we see the rough and almost stupid native of Hallingdalen, in a true national uniform, and the sturdy men of Oevre Tellemarken, still more rough and stupid.»

Folksrevyen: veke 31
Folksrevyen: veke 31
Frå innspelinga av dei fyrste Folkepedia-filmene til Noregs Ungdomslag ved Bodø i vår. Klikk deg inn på facebook.com/noregsungdomslag/photos for å sjå fleire bilete! (Foto: Lukkeleik, Anne-Marte Før)

Innspelinga av Folkepedia er i gang

Noregs Ungdomslag arbeider med å få på plass Folkepedia, ei nettside for danseopplæring og danseinspirasjon. Ordet Folkepedia er samansett av folke for folkedans og pedia som både spelar på pedagogikk og wikipedia. Denne våren her spelte dei inn dei fyrste dansefilmane i prosjektet i Bodø. Fleire hundre skuleelevar var med på denne innspelinga i det fagre nord. Folkepedia- innspelingane held fram utetter hausten!

Nivelkinn til Riksscenen

Riksscenen for folkemusikk og folkedans har sleppt programmet for haustsesongen, og her er det mykje å sjå fram til for folkemusikkinteresserte i alle aldrar. Sjølv om høgdepunkta står i kø denne hausten, er det for mange særskilt eitt høgdepunkt som utmerkjer seg: nyoppsetjinga av Nivelkinn med Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga. Nivelkinn vart skildra som ein av dei vakraste, mest nyskapande og vellukka folkemusikkutgjevingane då ho kom ut i 2002, og vart framført vel 50 gonger rundt omkring i landet. No får du sjansen til å sjå dei igjen. Nivelkinn vert framført på Riksscenen 28.09, 30.09 og 1.10.

Folksrevyen: veke 31
Folksrevyen: veke 31
Petter Dass er tema for Kvedarforum ved Ringve Museum 2.–4. september i år. (Portrett av Petter Dass i Melhus kyrkje, foto: John Lerli / CC-PD)

Petter Dass til Kvedarseminaret 2016

Det årlege kvedarseminaret til Kvedarforum er i år lagt til Trondheim, og vert ei storhending for den som er interessert i tradisjonssongar og Petter Dass. Seminaret startar med konsert på fredagen og sluttar med folkemusikkgudsteneste til ære for diktaren på sundag. Imellom vert det songverkstad, føredrag og sosialt samvær.

– Kvifor bør ein reisa på kvedarseminaret i år, Veslemøy Fjerdingstad?

– Dette er den sjansen folk har til å gå inn i og bli ordentleg kjent med denne tradisjonen! Du får lære om at Petter Dass har betydd svært mykje på Færøyene, til dømes, noko som er ganske spesielt. Du får òg vite meir om alt som er nedskrive og samla inn av Petter Dass-songar, og lære mange ulike melodivariantar til fleire songar.

Ivar Roger Hansen, direktør på Ringve Museum der seminaret vert halde, var tidlegare direktør på Petter Dass-museet i Alstahaug. Han sit med svært mykje kunnskap om Dass og desse songane, fortel Fjerdingstad vidare.

– Øyonn Groven Myhren har også fordjupa seg i Petter Dass-stoff, så det er svært mykje å lære! Me kvedarar hamnar jo ofte i merksemdsskugga, og det er veldig fint for oss å kunne møtast, støtta kvarandre og lære nye ting, avsluttar ein entusiastisk Fjerdingstad.

Kvedarseminaret finn stad 2. til 4. september. For meir info om seminaret og om Kvedarforum, gå inn på kvedarforum.no.