ReThink Folk Music: Reinlendar frå Finnmark enda opp i Silkeborg

ReThink Folk Music er eit Århus-basert prosjekt som blei skipa i samband med at den danske byen fekk status som «europeisk kulturhovudstad» i 2017. Ifølgje heimesida til prosjektet er hovudmålet å «gjere musikkskuleelevar til lokalmusikkarkeologar». Fleire europeiske land er med i prosjektet, mellom anna Noreg. Til Midtvinterdansen i Verdal i februar kom førti europeiske ungdomar i regi av prosjektet, og for avisa Innherred sin journalist Tor Ole Ree (9.2.2016) var høgdepunktet på Midtvinterdansen ein konsert med ei gruppe kulturskuleungdom frå Riga.

Avisa Hammerfestingen skriv 31. august om tre lokale kulturskuleelevar som i byrjinga av august var i Silkeborg på ReThink-ungdomscamp. Vi får vite at den velkjende danske folkemusikkgruppa Basco, sist sett på Folkelarm i fjor, heldt eit tredagars kurs for elevane, i tillegg til ei rekkje andre workshops og foredrag, mellom anna om palestinsk tradisjonsmusikk. Elevane frå kvart land hadde med seg ein «Joker-melodi» – ein tradisjonell låt frå heimeområdet som elevane frå dei andre landa skulle tolke på sin eigen måte.

På høgre side finn du eit opptak av kulturskuleelevar frå Silkeborg som tolkar reinlendaren dei norske elevane hadde med seg frå Hammerfest. Han er kanskje ikkje optimal å danse reinlendar til, men fengande og godt driv har versjonen deira iallfall. Gå inn på rethinkfolkmusic.com for å lese meir om dette spennande prosjektet, og høyr fleire Joker-tolkingar på SoundCloud-sida til prosjektet.

Folksrevyen: veke 35
Frå Västanå teaters framsyning Löwensköldska ringen: Hannu Böök som attergangaren General Löwensköld. (Foto: Håkan Larsson)
Folksrevyen: veke 35
Bård Bårdsson (spelt av Jakob Hultcrantz Hansson) og kona hans (Britt-Inger Ekelund), som stel ringen frå grava til general Löwensköld og set skjebnesvangre hendingar i sving. (Foto: Per Hardestam)

Siste helg med Löwensköldska Ringen på Västanå Teater

I Sunne i Värmland ligg Berättarladan, ei løe bygd om til storslegen teatersal. Sidan 1999 har Västanå Teater, leia av Leif Stinnerbom, framført dei årlege oppsetjingane sine her. Denne helga har du siste moglegheit til å sjå årets framsyning, som er Löwensköldska Ringen, basert på Selma Lagerlöfs roman frå 1925. Romanen og framsyninga er første del i ein trilogi, og dei neste to åra kan du sjå dei påfølgjande bøkene i serien dramatisert på Västanå. I år har du altså ein ekstra god grunn til å ta turen til Sunne!

Folksrevyen var og såg framsyninga i førre veke, og kan tilrå henne på det varmaste. I Berättarladan får du ei komplett teateroppleving, med ekstravagante kostymar, ei god og spennande forteljing, godt skodespel og ikkje minst: folkemusikk og folkedans. Teatersjef Leif Stinnerbom er òg riksspelman, og folkemusikken og folkedansen er alltid sentrale element i Västanå teaters framsyningar.

I Löwensköldska Ringen er musikken svært filmatisk – han ligg alltid i bakgrunnen, og fungerer som god hollywoodsk filmmusikk. Nokre av dei Folksrevyen reiste til Västanå teater med, sa rettnok at dei hadde ønskt seg noko meir variert musikk. Det har dei visst fått her tidlegare år – for den nyfikne kan CD-ar med musikk frå tidlegare oppsetjingar kjøpast i butikken på Berättarladan.

Folkedansen er òg sparsamt nytta, mest i overgangsscener når eit nytt karaktergalleri eller nye settingar blir presentert. Musikken og dansen held eit høgt nivå – og fordi framsyninga elles er så godt gjennomført, kan Stinnerbom og co. godt tillate seg å nytte desse elementa så sparsamt som de gjer. Ei stor oppleving er det, og det var mange norske bilar å sjå på parkeringsplassen tre timars køyretur frå Oslo.

Löwensköldska Ringen varar i tre timar, og midt i framsyninga er det ein matpause på 50 minutt. Det finst kafé med enkle rettar, men ein bør absolutt kjøpe billett med servering. Då får ein sitje i matsalen og ete dei lekre vinbladrullane med salat og brød til – eit lett og sunt måltid du blir mett, men ikkje for mett av. I matpausen når du òg å ta ein runde i utstillinga med Inger Hallström Stinnerboms kostymar frå tidlegare Västanå-oppsetjingar, som gir eit godt bilete av den allsidige produksjonen til teateret og kostymemakaren.

Oppstart for folkemusikkscener Noreg rundt

I desse dagar startar folkemusikkscenene rundt om i Noreg opp. Columbi Egg i Bergen startar opp måndag 5. september med finsk-amerikanaren Erik Hokkanen og den finske superfolkemusikkgruppa hans Lumisudet. Seinare i vår kjem mellom andre Gro Marie Svidal, Veronica Akselsen, ekteparet Hulbækmo og Jacobsen – og dei tidlegare omtala danskane i Basco. På columbiegg.org ligg heile programmet.

Erik Hokkanen & Lumisudet vitjar òg Telemark i veka som kjem, i regi av ein annan viktig heilårs folkemusikkaktør: Folkemusikkscena på Rauland. Scena har inga eiga heimeside, men på kalenderverktyet origo.no ligg arrangementa deira inne – klikk her for kalender. I tillegg til finnane kjem Silje Onstad Hålien, Oslo-trioen Vrang (som for øvrig kjem med ny plate våren 2017), hedmarkingane Fra de mollstemte skoger og Knut Hamre og Benedicte Maurseth blir å sjå på Rauland i løpet av hausten.

TrondheimFOLK starta opp allereie i august med Rustad/Nilssen/Ranøien. Omlag kvar fjerde veke fram til 10. desember held TrondheimFOLK konsertar ulike stader i Trondheim – både folkemusikkjammar, dansefestar og konvensjonelle konsertar, med namn som Gro Marie Svidal, Småviltlaget og Ellestad Wiik Duo. I kalenderen deira på Facebook finn du alle arrangementa, og på Slåttify kan du lese meir om TrondheimFOLK og høyre musikk frå artistane på haustprogrammet.

Riksscenen i Oslo har som alltid eit rikhaldig program i haust. Den førebels mest omtala produksjonen er gjensynet med Nivelkinn med Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren, i samband med at sistnemnde er månadens artist i oktober. For andre året på rad kan òg barn i alle aldrar få med seg julesuksessen frå i fjor, Pøbel i Pels. Klikk deg inn på riksscenen.no for heile haustprogrammet i Schouskvartalet på nedre Grünerløkka.

 

Folksrevyen: veke 35
Erik Hokkanen og supergruppa hans Lumisudet, med mellom andre noregsvenen Arto Järvelä, kjem både til Bergen og Rauland i veke 36. (Pressefoto)
Folksrevyen: veke 35
På folkemusikk.origo.no finn du mykje av det som skjer av folkemusikk- og folkedansarrangement framover. Viss du arrangerer noko, klikk deg inn på sida og legg inn arrangementet her! (Skjermbilete)
Folksrevyen: veke 35
Frå dansefesten på Jomsborg i Sollia 2014. Laurdag 3. september er det klart for ny dansefest. (Foto: Hans Sollid, sollia.net)

Folkemusikk og folkedans i september

Av andre arrangement som står for døra, denne helga og i vekene framover, finn vi:

– Dansefest laurdag 3. september på Fossedagene i Sollia, lengst nord i Hedmark. På det segnomspunne festlokalet Jomsborg speler først Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen konsert saman med sonen Alf, før Dugnadslaget speler opp til dansefest. På sollia.net finn du meir info om arrangementet og Fossedagene elles.

Kvedarforum sitt Petter Dass-seminar finn stad på Ringve Museum i Trondheim denne helga, 2.–4. september.

Sånn ska´ det være på Cosmopolite i Oslo 10. september. Per Olav «Skranglebein» Hoff Mydske leiar ein kveld der folkemusikk møter hiphop og alt kan skje. Mellom musikarane finn vi Steinar Ofsdal, musikarar frå Valkyrien Allstars og Sver-trommeslagar Jens Linell. Kanskje får vi noko i stil med videoklippet du kan sjå på venstre sida, der Skranglebein, Ofsdal og Anders Erik Røine jammar til beatboxinga til Droolian?

Skuronnfest i Nannestad 10. september, med dansekurs på dagtid og gammaldansfest på kvelden. Dans hausten inn med Steinsgårdskroken, Syvers Orkester og fleire andre rytmekunstnarar!

Munnharpefestival på Bykle Hotell i Setesdal 16.–18. september. Det blir konsertar, buskspel, gangardans og seminar – og sjølvsagt kurs i munnharpespel for nybyrjarar, halvgode og vidarekomne spelemenn, med kremen av norske munnharpespelarar.

Platehausten er i gang

Når hausten kjem, kjem òg fonogramma frå plateselskapa på løpande band. Nokre av utgivingane som er venta i haust, er:

Gjermund Larsen Trio – Salmeklang (Heilo/Grappa, 2. september)
Eli Storbekken/Sigurd Hole – Fabel (Heilo/Grappa, 2. september)
– Sarah Jane Summers & Juhani Silvola – Widdershins (Dell Daisy Records, 16. september)
Karl Seglem – Nordic Balm (Ozella music, 16. september)
Raabygg – Ein etter far (EMCD/Etnisk Musikklubb, 13. oktober)

Skal du gi ut plate i haust? Ikkje gløym å gi beskjed til Folkemusikk!