Vellukka folkemusikkmesse på Sofienberg

Laurdag 21. november var det Oslokappleik på Riksscenen i Oslo. Som ein ekstra bonus var Laget for folkemusikk med og arrangerte folkemusikkmesse i Sofienberg kyrkje søndagen. Musikarar var Rebecca Egeland, Thor Hauknes og Eli Storbekken, akkompagnert av Sofienbergkoret som har kyrkja som øvingsrom. To dansepar dansa rørospols i midtgangen, til Hauknes’ trekkspel og Sofienbergkorets tralling.

– Dette var kjempefint! seier sokneprest Arne Jor i Paulus og Sofienberg kyrkjelyd. – Vi har prøvd oss før, med folkemusikkmessa til Jo Asgeir Lie, men då hadde vi ikkje folkemusikkinstrument med. Det blei finare denne gongen.

Musikken var gamle salmetonar og utdrag frå ein annan sentral folkemusikkmesse i liturgien til Den norske kyrkja, skrive av Arne Rodvelt Olsen. Eli Storbekken song òg eit av ledda i liturgien, ein kyrie frå Østerdalen. Sokneprest Jor likte korleis musikarane fekk leike seg med kjente kyrkjetonar, og han fekk god tilbakemelding av kyrkjegjengarane på messa.

– Det var god stemning, og då messa blei avslutta med spel og dans, kjendest det som ein fest. Vi hadde invitert bebuarane ved sjukeheimen Sofienbergsenteret, og mange her blei overraska over at det var trekkspel og dans i kyrkja. Det er ikkje den generasjonen van med!

 

Folksrevyen veke 48: folkemusikk på mang ei scene
Frå folkemusikkmessa i Sofienberg kyrkje søndag 22. november. Eli Storbekken syng ei kyrie frå Østerdalen. (Foto: Jan Heier)

«Mange blei overraska over at det var trekkspel og dans i kyrkja. Det er ikkje den generasjonen van med!»

Sokneprest Arne Jor, Paulus og Sofienberg kyrkjelyd, om dei eldste tilhøyrarane på folkemusikkmessa

Jan Heier, initiativtakar til folkemusikkmessa i Laget for folkemusikk, er svært nøgd med at dei fekk til denne avslutninga av Oslokappleiken i år.

– Det har vore eit spennande samarbeid. Sofienberg kyrkje har flott akustikk og gir utøvarane ei kjensle av høgtid. Det var mange takksame smil blant kyrkjegjengarane.

Folkemusikkmesser er etter kvart vanleg rundt om i landet. Jan Heier trekker fram Jo Asgeir Lie og Ingunn Stræte Lie i Ål som inspiratorar for mange. Heier trur folkemusikkmessa kan vere ein døropnar mellom ulike miljø lokalt i hovudstaden.

– I Oslo har det, med unntak av einskilde utøvarar, vore lite kontakt mellom folkemusikken og kyrkja. I ein storby må ein gjere ein jobb med å bygge nettverk om ein skal få til samarbeid på tvers av miljøa. Med dei kontaktane som nå er knytte mellom Laget og kyrkja, vonar vi at dette blir eit fast samarbeid. Potensialet er stort! slår Heier fast.

Han legg til at det er viktig å gjere folk på Sofienberg merksame på at Riksscenen ligg i bydelen deira – og at kyrkja er eit eigna lokale å bruke til andre store folkemusikkarrangement i nærleiken òg, til dømes Folkelarm.

Folksrevyen veke 48: folkemusikk på mang ei scene
Eirik Risholm Velle og Silje Onstad Hålien speler hovudrollene i Pøbel i pels, den nye juleførestillinga til Riksscenen. (Foto: Cathrine Dokken)

Og noen leter i gatene etter husrom eller ly
Og noen leter natten lang og helt til morgengry
Og noen leter etter et sted med lys og fest
Og noen leter i blikket til den de elsker mest

Og noen leter etter en som kjenner alle svar
Og noen leter etter en de drømte at de var
Og noen leter etter gull, for det er det du skal
Og noen leter i skogen, etter en gammel stall

Alle er ute og leter, og vi er ute hos dem
Og vi har den ene drømmen at alle finner hjem

 

Song frå Pøbel i pels. Tekst: Jesper Halle

Pøbel i pels – ny juletradisjon?

– Ei god juleførestilling kan vare i mange, mange år dersom den har noko viktig å seie til folk, og klarar å røre publikum. Håpet er sjølvsagt at Pøbel i pels blir ei slik type førestilling, at ein vil tenkje at det ikkje blir ordentleg jul utan!

Det fortel koreograf og skodespelar Silje Onstad Hålien om den nye juleførestillinga til Riksscenen, som du kan sjå 10., 11. og 13. desember.

Arbeidet med Pøbel i pels tok til våren 2014. Villniss, alias Hålien og Andreas Skeie Ljones, blei spurt av Riksscenen om å utvikle ei juleførestilling med folkedans og folkemusikk som berande element. Dei fann ut at Jesper Halle ville vere rette personen til å skrive manus.

– Frå starten av var ideen at historia skulle vere morosam og leiken, men òg med rom for spenning og alvor. Eg sleit med å finne ein idé, heilt til eg sette meg med med kjærasten min, Kristin Lind, og spelte litt ball. Då dukka forteljinga om guten og katten opp – den var nok mest hennar, røper Halle.

Pøbel i pels handlar om Thomas, ein gut med fråskilde foreldre som skal feire jul med mor. Han vil heller feire med far sin, og legg ut på vandring gjennom byen. Han får selskap av ei katte utan retningssans, men med sans for spenning, og det blir ein hendingsrik tur innom både Frognerparken, Narvesen og ein nedlagt T-banestasjon. Hålien seier at det er lett å sjå for seg bunad og fjøs i samband med folkemusikk og folkedans, og at det var viktig for dei at historia på Oslo-scena blei lagt til eit bymiljø.

Jesper Halle, sjølv frå Oslo, fortel at han alltid har vore glad i folkemusikk. Far hans, Barthold Halle, var òg teatermann. Saman med koreograf Edith Roger tok han folkedansen opp på scena i 1959 med den populære førestillinga Dans, ropte fela på Den Nationale Scene i Bergen.

I god folkemusikkstil ser Halle altså Pøbel i pels som ei vidareføring av farsarven. Som Hålien vonar han at dette blir ei juleforteljing som kan leve i mange år framover.

– Målsetjinga er heilt klart å nå fleire enn kjernepublikummet på Riksscenen. Samtidig håpar vi at vi forvaltar den folkemusikalske arven på en så god måte at også kjernepublikummet blir begeistra! seier han.

Ole Bull Akademiet-studentar med ny musikk i Bergen

nyMusikk er eit senter for musikkeksperimentering som står for ikkje mindre enn 30 urframføringar i året. No har komponistgruppa deira for høvet slått seg saman med studentar frå Ole Bull Akademiet. Dei har jobba på tvers av sjangrane og arbeidsmetodane dei arbeider med til vanleg.

Dei involverte komponistane er Rebecka Ahvenniemi, Kristin Bolstad, Karstein Djupdal, Solveig Sørheim og Jan Tufteland. Musikarane frå Ole Bull er Håkon Asheim, Runhild Heggem, Ole Gjerde, Kine Gyldenskog, Kristoffer Kleiveland, Johanna Mjeldheim, Johanne Mjøs og Per Olav Skranglebein Mydske og Silje Solberg.

Fredag 4. desember klokka 20.00 skal den unike musikken framførast i Bergen, på den prestisjetunge klubbscena Østre i Skostredet. Bergensarar, set av datoen!

Gullberg/Balducci: med folkesong i samplaren

Songar Karoline Dahl Gullberg og elektronisk musikar Stian Balducci er ute med eit album fullt av særmerkte tolkingar av folkesongar. Gullbergs klokkeklare vokal møter motstand i det hypermoderne elektroniske formspråket til Balducci. Dei to svært ulike elementa konkurrerer om å vere lengst framme i lydbiletet.

– Vi gjekk saman på NISS i 2011, og eksperimenterte med ulike uttrykk der. Karoline har lang folkemusikkerfaring og eg er ein programmeringsfyr, og vi bestemte oss for å lage ei plate der vi begge gjorde det vi var best på, fortel Balducci.

Prosjektet byrja med Dahl Gullberg sin komposisjon «Eldkule». Derfrå har dei utarbeida materialet til ei heil plate, Hildr, som blei sleppt på NorCD 5. november. Ved sidan av nye komposisjonar, er folketona frå Rogaland «O verden hav da gode nat», ein sørsamisk bånsull etter Sigrid Granefjell, Jørund Telnes’ «Folkesongen» og Olav H. Hauges «Det er den draumen» med på plata.

– Låtane byrjar som regel med at Karoline syng ei linje som eg så samplar, og frå det utgangspunktet jobbar vi ut ideane. Det har ført til at mange av låtane ligg utanfor temperert intonasjon – medlemmene i bandet vårt har vore litt irriterte over at grunntonen gjerne kan liggje ein stad mellom B og H, røper Balducci.

Sjølv om Hildr er utradisjonell folkemusikk, trur Balducci at det tradisjonelle folkemusikkpublikummet kan late seg fenge av musikken deira:

– Frå perspektivet mitt, som utanforståande, har eg inntrykk av at folkemusikkpublikummet i ein viss forstand står i opposisjon til dei mest populære musikalske uttrykka. Eg håpar dei tar imot også musikken vår med opne armar.

Karoline Dahl Gullberg og Stian Balducci har denne månaden sleppt plata Hildr på NorCD. Klikk på biletet for å sjå musikkvideoen til låten deira «Liksang». foto Bjørn Stange Ankre

«Medlemmene i bandet vårt har vore litt irriterte over at grunntonen gjerne kan liggje ein stad mellom B og H.»

Stian Balducci

Nokre fleire ferske folkemusikkplater:

Elisabeth Vatn: The Color Beneath (Heilo)

Denne plata er spelt inn inni to installasjonar kunstnaren James Turrell sette opp i Ekebergparken i 2013. Elisabeth Vatn, som trakterer instrument som pumpeorgel, meråkerklarinett og ulike sekkepiper, har fått selskap av Anders Erik Røine på munnharpe, langeleik og hardingfele. Vatn er ein av dei fremste utøvarane på skandinavisk sekkepipe i våre dagar, og instrumentet har ein prominent plass på den droneprega og meditative plata. 

Andreas Aase: Fir (Øra Fonogram)

Gitarvirtuosen og multistrengeinstrumentalisten Andreas Aase har kome med ny plate. Som på førre plata Tre, er det mange norske folketonar og folkemusikkinspirerte tonar på plata. Men denne gongen har Aase med seg bass og piano, på nokre låtar òg perkusjon, med eit ganske anna lydbilete som resultat, tidvis i retning jazzen. Strålande er det i alle tilfelle.

Fauna Vokalkvintett: Solefall (TerjeB Production)

Vokalgruppa blei starta på NMH i 2009, og på den nye plata deira framfører dei folketonar som «Statt opp», «Vals etter Marius Nytrøen» og «Hjartans djupaste lengsel» i smakfulle korarrangement. Det er både vakkert og kreativt arrangert – her finst idear å hente for folkemusikkinspirerte kor som ønskjer å utvide repertoaret sitt.

Jo Asgeir Lie: Song til Nordavinden og
Jo Asgeir Lie Group: Sol og skodde (Kvarts)

Rektor ved Ole Bull Akademiet har gitt ut to platar i haust. Han fortel at hovudintensjonen med utgivingane er å setje to strekar under materiale han har jobba lenge med, for å kunne gå vidare med nye prosjekt. På Song til nordavinden finn vi trad-materiale Lie har arrangert, mellom anna til tingingsverket «Vossakvarts» på Vossajazz 2010. Sol og skodde inneheld hans eigne komposisjonar, mellom anna med ein musikalsk avstikkar til Balkan, og stundom tekstar sunge av Sigurd Rotvik Tunestveit. Tysdag 1. desember blir det sleppkonsert for dei to platene på Tre Brør på Voss.