«Fram til landsmøtet i 2025 skal FolkOrg styrke arbeidet for dei profesjonelle utøvarane ved å prioritere administrative ressursar til dette arbeidet. Utvalet for yrkesutøvarar får rådvelde over administrative ressursar slik at dei kan utvikle politikk og aktivitetar og prioritere ressursbruk. På landsmøtet i 2025 skal det rapporterast særskilt på ei slik satsing og framtidig langtidsplan og budsjett skal sikre at arbeidet blir ivareteke.»
Slik lyder vedtaksframlegget frå Lene Furuli og Åshild Vetrhus i saka dei har skrive til FolkOrgs landsmøte. Det er ei av sakene som skal handsamast på landsmøtet til organisasjonen 21.–23. april. Framlegget har fått støtte av eit knippe yrkesutøvarar i eit eige opprop.
FolkOrg har i dag ei full stilling som har ansvar for Folkelarm og for arbeidet for yrkesutøvarane i organisasjonen elles. I tillegg til den stillinga brukar dagleg leiar tid på kulturpolitisk arbeid for gruppa. Informasjons- og kontorfunksjonane i administrasjonen gjer òg arbeid for gruppa av yrkesutøvarar, går det fram av saksutgreiinga.
Landsmøtet i FolkOrg vel eit fagutval for yrkesutøvarar. I FolkOrg-styret skal minst to kome frå gruppa av yrkesutøvarar, og minst ein av dei skal vere med i arbeidsutvalet i styret.
Dagleg leiar og styret sitt ansvar
Styret synest innspelet er «eit positivt engasjement» og ønskjer «eit enda tettare samarbeid mellom fagutvalet [for yrkesutøvarar] og administrasjonen i FolkOrg. (…) Styret i FolkOrg meiner likevel det ikkje er rett at fagutvalet skal få ‘rådvelde over administrative ressursar’ (…) Det er det alltid styret og dagleg leiar som har ansvar for,» held dei fram i vurderingane av Furuli og Vetrhus si innsende sak.
I FolkOrgs langtidsplan, som også skal handsamast på landsmøtet, er det ei rekkje tiltak for yrkesutøvarar. Styret rår landsmøtet til å avvise forslaget frå Furuli og Vetrhus, men foreslår samtidig å utarbeide ein instruks for fagutvalet.
«Administrasjonen og fagutvalet operasjonaliserer måla og dei særskilde satsingane i langtidsplanen, og forankrar dette i styret. Styret rapporterer til landsmøtet på det arbeidet som ein del av årsmeldingane», heiter det i styrets forslag til vedtak.
Stiller fleire spørsmål
Lene Furuli og Åshild Vetrhus stiller fleire spørsmål omkring FolkOrg som vart etablert i 2009 gjennom samanslutninga av Landslaget for Spelemenn (LFS) og Norsk Folkemusikk- og danselag (NFD).
«Mykje godt arbeid er gjort sidan etableringa, og folkemusikken er godt ivareteke i den nye organisasjonen. Men har vi den eller dei organisasjonane som best sikrar utvikling og forvalting av folkemusikk i Noreg? Både folkemusikken som har utvikla seg her i hundrer av år og den som er spelt her dei siste 20 åra?»
Arbeidet for rekruttering, miljøarbeid og dei nasjonale arrangementa Landskappleiken og Landsfestivalen er godt teke vare på, skriv dei to. Samtidig opplever dei at arbeidet for dei profesjonelle utøvarane har komme i bakgrunnen.
«Det er ikkje rett at fagutvalet skal få ‘rådvelde over administrative ressursar’ (...) Det er det alltid styret og dagleg leiar som har ansvar for.»
«Eit døme er folkemusikken i møte med musikkbransjen. I folkemusikken er det små skille mellom profesjonell og amatør, og i fleire aktivitetar er avstanden mellom utøvar og publikum liten. På dei tradisjonelle møteplassane er vi alle deltakarar. I møtet med eit større og meir ukjend publikum er det lett å miste denne nærleiken og skli inn og tilpasse seg ‘bransjens’ former,» skriv Furuli og Vetrhus.
«Kva om vi er meir framoverlente: korleis skal folkemusikkmiljøet møte musikkbransjen? Korleis kan vi ta vare på det særeigne? Og kva for kvalitetar er det vi med fordel kan dyrke i ennå sterkare grad?», er blant spørsmåla Lene Furuli og Åshild Vetrhus stiller.