
Noregs Ungdomslag (NU) stilte mannsterke på festkvelden for Vårdal. Her held svigerdotter og NU-styreleiar Mette Vårdal tale.

Simon Hesselberg Løvald helste frå Leikarringen i BUL Oslo, der Dag Vårdal har vore instruktør og spelemann i ei årrekke. Saman med Solveig Brekke Hauknes dansa han ein pols og ein halling for dei frammøtte, til spel av Vegar Vårdal, son til heidersmannen.

Dag Vårdal og kona Torun Riise hygga seg med familie og gode venner i Nynorskens Hus, kulturhuset til BUL Oslo sentralt i hovudstaden.

Susanne Lundeng, tilfeldigvis på Oslo-besøk denne fredagen, kom innom og heidra Dag Vårdal. Lundeng lærte mykje av sitt tidlege repertoar frå Vårdal, og han tok henne òg med og møtte kjelder. For CD-samlinga '111 nordlandsslåtter' (2017) fekk Lundeng spellemannpris.

Fylkesmann i Oslo og Viken, Valgerd Svarstad Haugland, overrekte fortenestmedaljen til Vårdal på vegner av Kongen. Vårdal har nett fullført sitt store CD- og bokverk 'Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet', som han har arbeidd med i ei årrekke.

Tre generasjonar Vårdal spelar fele saman for første gong: Dag, Vilde og Vegar Vårdal. Dei spelte «Trippar frå Åseral», som etter at Dag Vårdal fann ho fram er blitt ein populær og mykje spelt slått.

Tone Eidsvold helste og gratulerte på vegner av alle tidlegare leikrådgivarar i Noregs Ungdomslag. Dag arbeidde som leikleiar i NU 1982–86 og har vore tillitsvald i fleire periodar.

Om lag hundre personer hadde møtt opp for å heidre Dag Vårdal på festkvelden 22. mars.
Dag Vårdal
- Fødd 1946 i Søndre Land, oppvaksen på Hønefoss.
- Utdanna lærar, har arbeidd i grunnskulen i Lofoten (1970–1978), Lund i Rogaland (1978–82) og Bærum (1986–2008).
- Folkemusikk- og dansekonsulent i Noregs Ungdomslag (NU) 1982–1986, generalsekretær i Landslaget for Spelemenn (dagens FolkOrg) 1995–1996.
- Medforfattar av ei rekke bøker om norsk folkemusikk og folkedans. I 2019 gav han ut verket 'Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet' (Kultivator), bestående av tre CD-ar, to note- og dansehefte og ei bok.

Dag får ein spesialbygd langeleik av Liv Arvidsson på vegner av Agder folkemusikklag og Vest-Agder Ungdomslag. Dag har gjort mykje for tradisjonskunnskapen og det lokale folkemusikk- og folkedansmiljøet i Agder og Rogaland.

Logoen til Noregs Ungdomslag i dessertformat i høve dagen.

Erik Haugros, leiar for folkedanslaget Symra i Bygdelagssamskipnaden (BLS) i Oslo, var den som tok initiativet til å føreslå at Dag Vårdal skulle få Kongens fortenestmedalje.