– Eg hadde eigentleg planlagt å trekke meg etter seks års om styreleiar. Men det skjer så mykje som eg gjerne vil vere med på å fullføre i jubileumsåret, seier Hilde Reitan.
Samtidig som landsmøtet med val av nytt styre nærma seg, kom beskjeden om at Linda Dyrnes sluttar etter 13 år som dagleg leiar. Då måtte Reitan ta ei ny runde med seg sjølv.
– Det blir eit stort tomrom etter Linda. Eg fekk signal om at det kunne vere uheldig viss både dagleg leiar og styreleiar sluttar samtidig. Dessutan sa nesten heile styret ja til ein ny periode. Det gjer at vi får med oss mykje opparbeidd kompetanse vidare og sikrar kontinuiteten i arbeidet vårt. Dette gjorde utslaget for meg. Utan det hadde eg neppe takka ja til å fortsetje, seier Hilde Reitan.
Styreleiaren legg ikkje skjul på at vervet er krevjande og tar mykje tid i tillegg til jobben som kommunalsjef i Vågå. Aktiviteten i FolkOrg er stor. Men dette er også inspirerande og svært givande.
– Eg har framleis eit brennande engasjement for organisasjonen og det viktige arbeidet med folkemusikken og folkedansen. Eg meiner vi har fått gjort mykje, samtidig som det er meir enn nok å ta tak i framover.
– Korleis vil du oppsummere landsmøtet?
– Det er eit spesielt år med hundreårsjubileum. Vi gjorde litt ekstra ut av det med feiring av oss sjølve. Landsmøtet er ein viktig møteplass med debatt om kvar vi står. Vi set ein fot i bakken og finn ut korleis framtida ser ut og kan formast slik vi ønskjer.
– FolkOrg har engasjerte medlemmer. Vi hadde fleire viktige saker til handsaming med gode debattar som vi fekk landa på ein god måte. Eg føler at organisasjonen står samla. Så kan det alltid vere litt ulike meiningar i einskildsaker. Men det lever vi godt med.
– Eg er optimistisk på vegne av folkemusikken. Vi får stadig meir merksemd. Fleire får opp auga opp for tradisjonskulturen. Mange unge synes det er spennande og set det inn i si musikkverd. Vi opplever nye, spennande uttrykk. Med fleire uttrykk kan vi også nå ut til enda fleire.
– Ser du også ein fare for at det tradisjonelle får mindre plass i alt det nye?
– Det vil alltid vere ein fare for det. Men tradisjonane innan folkemusikk og folkedans står så sterkt at eg ikkje fryktar det. Vi kan heller snakke om at det skjer utvikling på fleire område, utan at det går ut over det tradisjonelle.
– Kva med forslaget om at FolkOrg bør satse meir på yrkesutøvarar?
– FolkOrg er en medlemsorganisasjon med frivillige og profesjonelle side om side. Vi fatta eit samrøystes vedtak om arbeidet for og med yrkesutøvarane på landsmøtet. Eg føler veldig sterkt at vi jobbar godt både med topp og breidde, samtidig som alt kan gjerast betre. Fokus på vilkåra for yrkesutøvarar bidrar til å skape merksemd om feltet vårt. Eg meiner heilt klart vi ivaretar interessene for heile organisasjonen.
– Kan FolkOrg risikere splitting med danning av alternativ organisasjon?
– Vi har ikkje fått signal om det. Eg føler at FolkOrg har funne ein god balanse mellom ulike interesser og grupper. Vi har med oss erfaringar frå splittinga som ikkje var spesielt gunstig for oss. I ein organisasjon som femnar breidt, må ein akseptere at nokre av virkemidla ikkje er hundre prosent tilpassa den einskilde.
– FolkOrg hadde 4.406 medlemmer ved inngangen til jubileumsåret. Det er 305 fleire enn året før. Stadig fleire yrkesutøvarar ser at organisasjonen er nyttig. Nettopp det at vi klarer å handtere både grunnplanet og dei profesjonelle er vår styrke. Eg trur det er stor oppslutning om retninga. Vi er i godt driv framover, meiner Hilde Reitan.