Utviklinga i dei seinare åra har gått sterkt utover forvaltninga av lokal musikk i Norge. Det verkar som at ingen kjenner ansvar for å drive ein musikkpolitikk som støttar det lokale musikklivet og den lokale musikkhistoria. Det er fyrst og fremst endringar i mediepolitikken som gjer dette. Innføring av reklamefinansierte radio- og TV-kanalar, formatering, overgang til digital distribusjon, bortfall av konsesjonskrav og nedskjæringar i NRK dreg utviklinga i same retning.
Reklamefinansierte radio- og TV-kanalar har gjort at NRK har kjent det nødvendig å prioritere konkurransen med desse kanalane, i staden for å føre ein eigen musikkpolitikk. Formatering er eit resultat av dette, og det har særleg gått utover distriktskontora til NRK, som no ikkje lengere har anledning til å konsentrera seg like mykje om lokal musikk. Det fører til at det blir borte eit steg i karrierestigen til norske musikarar, og det går ut over rekrutteringa.
Digital formidling av musikken har ført til både ein reduksjon i lydkvalitet og eit bortfall av såkalla metadata, med andre ord: alle opplysningar som før låg tilgjengeleg i informasjon på coveret. Som om ikkje det var ille nok, så fører digitaliseringa av eldre innspelingar i tenester som Spotify og Wimp ofte til feil, slik at titlar og spor blir blanda saman. I dei tilfella er så å seia all informasjon om innspelinga borte.
Ved stenginga av FM-bandet og innføringa av heildigital radio i 2017, vil konsesjonskrava til dei norske allmennkringkastarane, om å spele minimum 35% norsk musikk, falle bort. Det betyr at kanalane deira ikkje lengere treng å oppfylle krav om ein viss prosent norsk musikk. Dette vil truleg føre til endå mindre bruk av norsk musikk. Norskprosenten til strømmetenestene, slik som Wimp og Spotify, var siste år på 12%, og det er alt no ein god del lågare enn ein kunne ynskje.
Dei tilhøva eg har nemnt til no går utover alle typer norsk musikk, men det rammar særleg dei smale sjangrane som folkemusikk, jazz, gammaldans, korsong og korpsmusikk. Særleg ille er det at folkemusikken blir ramma hardt. Den er ein del av vår nasjonale identitet, og inneheld musikalske verdiar som du berre finn i vårt geografiske område, og som vi har eit ansvar for å ta vare på og gjera tilgjengeleg, både for oss som bur her og resten av verda.
Krava til NRK om mindre pengebruk ser ut til å føre til kraftige nedskjæringar i arkivavdelinga i NRK. Innkjøpa til arkivet, som før har hatt eit mål om å spegle verkelegheita, ser no ut til å kunne bli meir fragmentarisk, der det blir opp til programskaparane å sørge for innkjøp til seg og sitt utan noko overordna planlegging. Ivaretakinga av det store folkemusikkarkivet ser òg ut til å gå ei usikker framtid i møte. Dette er ein nasjonal skatt med uvurderleg kjeldemateriale om norsk folkemusikk, og for å ivareta det, treng ein tilsette med god kunnskap om materialet. For dei som arbeider med folkemusikk er det avgjerande å ha god og stabil tilgang til dette materialet. Stoffet som ligg her er aktuelt både til utgjeving av dokumentasjonsinnspelingar, til utarbeiding av undervisningsmateriell og til forskning.
Viss ein ser desse utviklingsdraga under eitt, så er det ikkje til å koma forbi at dette i fyrste rekkje er eit rikspolitisk ansvar. Nokon må ta på seg å ha det store oversynet, og føra ein musikkpolitikk som tek omsyn til dette. Det kan ikkje vera slik at alle endringar blir styrt av kalkulatoren. Politikarane i kulturdepartementet må òg ha ei meining om kva vi ynskjer, kva vi bør og kva vi har plikt til når det gjeld norsk musikkpolitikk.