Gruppa Fotefar er landsdelsmusikarar i Nord-Noreg, altså har utøvarane har faste stillingar som musikarar – lønna av Troms fylkeskommune. Faste medlem i gruppa er Ragnhild Furebotten på fele, Lena Jinnegren på vokal, tangentar m.m. og Bendik Lund Haanshus på gitarar. På Fest, gruppa si fyste plate, var klarinettisten Håvard Lund gjesteartist. Plata var i si tid like nyskapande som denne utgjevinga. No har Fotefar fått med seg felespelaren Julie Alapnes, kjent frå banda Juliet North og Robaat. Flygande kråka får alltid nåkka har blitt ei plate med folkeminnesamlaren Edvard Ruud frå Harstad som tema. Ein mann med ein stor kjærleik til folkesongane i Nord-Noreg, og det er desse som har fått gromplassen på plata.

Det er fleire av desse visene eg minnest frå mi eiga barndom, med foreldre som var opptatte av den nordnorske visebølgja og folkemusikken. Eg hugsar pappa song «Sjursveinvisa» for meg som nattasong, og det blei ei oppleving å høyre ho i Fotefar sitt arrangement. Her får visa eit ope klanglandskap der ein av og til høyrer Ruud sjølv som snakkar eller syng i bakgrunnen. Og det er det som gjer denne plata så spesiell: miksen av arkivoppta av Ruud sjølv, og Fotefar og Alapnes si tolking av låtane. Dette er for det meste gjort utruleg smakfullt, med ein suveren presisjon frå lydteknikar Are B. Simonsen frå Store Studio i Bodø. «Bånsull frå Senja» er et meisterverk i så måte, der alle musikarane følgjer arkivopptaket tilnærma perfekt. Eg har ikkje høyrt nokon gjere ein slik kombinasjon av arkivopptak og studioopptak så bra før. Og ikkje berre er det bra, det er òg gjort med musikalitet og ein god dose skarpsinn frå musikarar, teknikar og produsent.

Fotefar & Julie Alapnes - Flygande kråka får alltid nåkka
Fotefar & Julie Alapnes: Flygande kråka får alltid nåkka
  • Ta:lik, 2017
  • 10 spor, 40 minutt
  • Produsent: Are Bredal Simonsen

Plata er ikkje lang, rett i underkant av 40 minutt, noko som kanskje er litt i snauaste laget? Men til gjengjeld er heile utgjevinga detaljprodusert ned til kvart minste sekund. Kvar gong ein høyrer gjennom plata, veks ho, og eg blir meir og meir fasinert. Vi høyrer likskap med gruppa Hekla Stålstrenga, som Ragnhild Furebotten speler med, men vi høyrer òg den folkelege nordnorske visetradisjonen. Eg veit ikkje kor mykje folkemusikk vi finn i denne utgjevinga, for her blir folkemusikken brukt som inspirasjon og til å skape ulike klangfargar.

Eg likar at dei frigjer seg frå det folkelege klangbiletet. At dei strammar det folkelege materialet inn og får melodiane til å passe inn i ljodbiletet frå vår tid. Men av og til tykkjer eg at dei har fjerna seg unødvendig mykje frå originalen, for eg klarar ikkje å sjå kvifor dei skal gjere det. Skilnaden mellom Ruud og Fotefar sine tolkingar av visane ligg ikkje i sjølve melodiane, men i innpakningen av materialet. Eg tykkjer Ruud er mindre insisterande i måten han syng på enn Lena Jinnergren er. Ho blir nesten litt brautande, og det lette og naive til Ruud synast eg får for liten plass. Eit døme på dette er «Julgeitson», der dei har stramma opp rytmen og lagt på eit hardt og presist komp. Her syng Jinnergren poengtert og fast på ei måte som ligg langt frå Ruud si måte å presentere visa på.

Men at visene har fått ein musikalsk drakt som ligg opp mot vår tid, gjer at denne plata vil bli likt og lytta til av ein brei og samansett gjeng. Her vil røynde musikarar sitte rundt bordet og slengje den eine nerdete musikarkommentaren etter den andre; ungane som leikar på golvet vil byrje å nynne på dei fengjande melodiane; bestemor i gyngestolen vil gje seg hen til draumen frå 70-talet; medan det unge kjærasteparet i hjørnet vil kline heftig til «Flygande kråka», og seinare seie at dette var låta som smelta dei saman. Sjølv vil eg sitje tett ved høgtalarane og prøve å forstå alle tradisjonsopptaka, samtidig som eg lyttar etter nye ting hos både Fotefar, Alapnes og Ruud sjølv. Eg veit at dette er ei plate som kjem til å rulle i min gamle CD-spelar mange gonger i sommar, og eg håpar at fleire òg lar seg fenge på sitt eige vis.