April 2016: Folkemusikkbilete har lege strøydde utover bordet på eit møterom i Schous-kvartalet i Oslo denne veka. I tre dagar har Sigbjørn Apeland, Kjell Bitustøyl, Gunn Gausemel og Ingrid Schei Stuhaug sete og bladd i fotoarkivet til Spelemannsbladet. Nokre tusen bilete er gjennomgått, og det er valt ut om lag to hundre som skal visast fram i sommar, på Landskappleiken i Vågå og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Gaupne.
Høvet er at begge dei to massemønstringane for Folkemusikk- og Folkedans-Noreg har jubileum i år. Vestmannalaget arrangerte si første «tevling i nasjonalspel» i Bergen i 1896, og ein trur at omgrepet «landskappleik» kom i bruk om tevlinga ikkje lenge etter. Den første Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart arrangert i 1986 i Førde. Spelemannsbladet, som i dag heiter Folkemusikk, har òg rundt år i år: Første bladet kom ut i 1941, for 75 år sidan.
Representasjon og kvalitet
Tema for utstillinga er Landskappleiken og Landsfestivalen, og utstillinga har som mål å gi innblikk i ein stor del av historia til arrangementa. Tyngda av bilete i det noverande fotoarkivet til Spelemannsbladet går tilbake til midten av 1970-talet og fram til i dag.
På 1960-talet fanst det eit arkiv med eldre bilete i Ål i Hallingdal, då ekteparet Torleiv og Olaug Tveito hadde redaktørstolen i kvar sin periode. Desse bileta har forsvunne sporlaust, og fleire har leitt etter bileta utan å lukkast. Så viss nokon har opplysningar om kor denne store fotosamlinga med historiske folkemusikkbilete har teke vegen, er Folkemusikk sjølvsagt interessert i å høyre frå deg!
For å vise den eldre historia blir utstillinga supplert med bilete frå fotoarkiva til NRK og nokre private arkiv. Frå nyare tid er nokre bilete henta frå FolkOrg sitt fotoarkiv. Førti fotografi er valde ut til å bli forstørra og trykt opp, og for desse bileta er det berre kvaliteten på fotografia som styrer utvalet: Det skal vere bilete som er fotografisk interessante og har kunstnarlege kvalitetar.
Dei andre bileta blir vist på veggen med prosjektor, og det har vore eit mål at dei skal utgjere eit representativt utval av tevlingshistoria. Resultatlistene frå Landskappleiken og Landsfestivalen har vore viktige verktøy i dette arbeidet – det blir mange kappleiksvinnarar å sjå på utstillinga.
– Før var det nasjonale viktig ved kappleikane, men etter kvart har det lokale blitt stadig viktigare – ein kan halde med favoritt- spelemannen sin slik ein held med eit fotballag.
Ikkje berre eit fotografi
– Å sjå gjennom desse bileta får meg til å tenkje over kor komplekst fenomenet fotografi er, fortel Sigbjørn Apeland, organist, etnomusikolog og til dagleg førsteamanuensis ved Arne Bjørndals samling, Universitetet i Bergen. – Det er for enkelt å seie at fotografiet er ein dokumentasjon av noko som har skjedd, av det og dei som er avbilda. Eit fotografi er resultatet av val fotografen gjer, men òg av val dei avfotograferte har gjort. Frå 1920-talet ser vi spelemennene i sine finaste klede, medan vi har eit heilt anna forhold til fotografiet i dag.
Apeland trur at dei som ser fotografia, og som sjølve var til stades eller kunne ha vore det, vil oppleve materialet som ekstra rikt. Men han vonar utstillinga kan vekkje ei nyfikne på kappleiksfenomenet hos alle som ser henne:
– Kappleiken er eit ritual i spennet mellom musikk, kultur og samfunn. Før var det nasjonale viktig ved kappleikane, men etter kvart har det lokale blitt stadig viktigare – ein kan halde med favorittspelemannen sin slik ein held med eit fotballag. I dag vel dei unge mellom eit stort utbod av identitetar – skal det vere klassisk ballett, hiphop eller folkedans? Då blir eit så gammalt uttrykk som kappleiken særleg interessant.
Spennet mellom gammalt og nytt har vore med Landskappleiken sidan han starta for 120 år sidan, og Apeland meiner fotografia fortel noko viktig om dette.
– I bileta er det ein spennande kontrast: Bunader og hardingfeler er dekorerte kunstverk, og kappleikane finn stad i nøkterne gymsalar med moderne og ofte steril arkitektur og inventar. Ein slik kontrast tydeleggjer verdiane i kappleiksmiljøet. Vi får òg sjå korleis scenedekorasjonane har endra seg, korleis dei verkar saman med typografien frå tidlegare stilepokar. Der til dømes gammal brillemote vil verke framand for dei yngre, vil dei eldre kjenne han igjen.
– Her finst bilete av folk du kjenner, som kanskje har vore store førebilete – og mange som ikkje lever lenger.
Mimremateriale
Gunn Gausemel er leiar for Folkemusikkarkivet i NRK og sjølv kappleiksdeltakar gjennom mange år, mellom anna med Honndalstausene. Ho er mellom dei som kjenner att mange menneske og hendingar i arbeidet med å velje ut foto til utstillinga.
– Det er moro, men òg litt rart. Her finst bilete av folk du kjenner, som kanskje har vore store førebilete – og mange som ikkje lever lenger. Det blir litt mimring når ein sit med slike bilete.
Gjennom NRK-arkivet kjenner Gausemel lyden av mange av utøvarane som det finst bilete av i fotoarkivet. Men det er mange ho ikkje har kjent andletet på før no.
– Eg har jo òg lese om mange av dei, men det er noko anna å sjå fotografi. Det gir perspektiv å sjå kva som har hendt før mi eiga tid – ein blir kjent med historia på ein ny måte.
Mange vil som Gausemel kjenne att folk og stader i bileta – nokre vil òg kjenne att seg sjølv. Og sidan alle som får sjå utstillinga, er på kappleik, kan kanskje bileta verke som ein spegel for kvar og ein, sjølv om bileta er frå andre tiår?
Publikum på Landskappleiken og Landsfestivalen kan sjå bileta i høvesvis andreetasjen på kulturhuset i Vågå 22.–26. juni, og ein gymsal vegg i vegg med tevlingssalen i samfunnsbygget i Gaupne 3.–7. august. I september blir utstillinga sett opp på bransjetreffen Vill Vill Vest i Bergen, og i november blir ho å sjå på folkemusikken sin eigen bransjetreff Folkelarm i Oslo.