Frå Finnesloftet og ut i verda
Foto: Terje Nesthus

– Finnesloftet er frå 1295, og sjølv om landskapet rundt har vore i stadig endring, står loftet støtt som ein del av kulturarven vår. Det er litt den same tanken eg har hatt om musikken: at eg tek vare på kjernen i alle låtane, men at landskapet rundt dei blir nytt. Den eldste låten eg har med i konserten, er like gammal som Finnesloftet, fortel Signe Førre.

Det heile starta i 2019, då Finnesloftet spurde Førre om ho kunne lage eit bestillingsverk til dei. Til det fekk ho midlar frå Det norske komponistfond, og i bestillinga låg eit ønske om ei musikalsk reise med musikk frå ulike kulturar.

Speler med helten

Signe Førre er fødd og oppvaksen på Voss, og det er også her ho held til i dag. I barndommen gjekk ho på skule rett ved Finnesloftet. Som tiåring høyrde ho nokre av platene til Vamp for første gong, og ho blei heilt frelst. Målet hennar var frå den dagen ein gong å få spele saman med Torbjørn Økland, gitaristen i favorittbandet.

– Eg hadde fått eit notehefte til jul med diverse Vamp-songar. Mor mi, som er musikklærar, fann fram til nokre av songane som ikkje var så vanskelege, og ho lærte meg desse på bass. Etter det fekk eg meg basslærar og så blei eg etter kvart med i Voss jazzskule, fortel Førre.

Ho har seinare hatt lærarar som Arild Andersen, Ole Morten Vågan og Steinar Raknes i Noreg. I tillegg har ho vore i Gøteborg og tatt timar med Anders Jormin, som også er eit stort musikalsk førebilete.

Men tilbake til Finnesloftet – kven er det Signe Førre har fått med seg i kvartetten ho turnerer med? Jau, det er Jo Asgeir Lie på trekkspel, Kåre Opheim på trommer, og – Torbjørn Økland frå Vamp på gitar, bouzouki og trompet.

Til helga speler dei i trakter der han er godt kjend, og der Signe Førre har mange barndomsminne frå, på Ryvarden Kulturfyr i Sveio. Å spele med Torbjørn Økland akkurat der, var ein draum for 10 år gamle Signe, og no skal ho altså gjere det. Ho er meir enn nøgd med musikarane ho har fått med seg.

– Jo Asgeir speler så utrulig vakkert, Kåre har ein heilt unik rytmesans. Eg såg for meg at det kunne bli eit vellukka samarbeid med oss tre som utgangspunkt. Og så passar i tillegg Torbjørn perfekt inn i gjengen. Det blei slik eg ville ha det, men endå betre. Eg fekk akkurat det musikalske uttrykket eg var på jakt etter!

Frå Finnesloftet og ut i verda
Signe Førre med band på Riksscenen 31. mars 2022. F.v. Kåre Opheim, Signe Førre, Jo Asgeir Lie og Torbjørn Økland. (Foto: Knut Utler)
Frå Finnesloftet og ut i verda
Signe Førre framfor Finnesloftet på Voss, foto: Terje Nesthus

Språkinteressert

Songane som er med i tingingsverket, har Førre hatt med seg frå ho var lita. Ho har alltid vore interessert i musikk frå andre kulturar, og å lære språket songane i konserten er på, er ei oppgåve ho har gått i gang med med stor iver.

– Å lære språk er ei stor interesse eg har. Det er berre kjekt å lære seg det. Det er serbisk eg har gått mest inn i, der har eg betalt for eit skikkeleg kurs og hatt ein lærar over nett. Der er det pdf-filer med oppgåver, grammatikk og fasit med forklaring på kvifor ting er som dei er.

Elles har Førre vore mykje i Tyrkia også, og venner der har lært henne språk. Det er viktig for henne å vere tru mot språka ho syng på, og difor blei ho ekstra glad då ho på Instagram fekk melding av ei tyrkisk dame som sa at Førres tolking av ein tyrkisk song var noko av det beste ho hadde høyrt.

– Eg ønsker å gjere ting skikkeleg. Og eg vil gjere det på ein respektfull måte. Då er det fantastisk å få ei slik tilbakemelding, seier ho.

Musikarreisa

I samband med prosjektet tok Førre også ein tur til Serbia i 2019 for å få inspirasjon til musikken. Serbia har alltid vore spesielt for henne, og det er Vamp ho vil takke for det også.

– Serbisk musikk minna meg om Vamp, med fløyter, kassegitar og fiolin. Det var noko med oppbygginga i låtane også. Så eg har vel likt serbisk musikk sidan 2004, akkurat som eg har med Vamp, seier ho.

Sjølv om det er mange sjangrar og kulturar uttrykt i musikken hennar, har ho jobba for å få ein raud tråd i konserten.

– Ved å til dømes blande norsk folkemusikk og gresk bouzouki, vever eg det saman slik at det norske blir meir utanlandsk og det utanlandske blir meir norsk, seier Førre. Samstundes meiner ho det er viktig at kvar kultur også skal få skine aleine i visse parti.

– Folkemusikken har alltid lege i meg, men eg har ikkje tatt den ut før nå, forklarar ho.

Førre jobbar med musikk på fulltid, og det er hovudsakleg eigne ting ho held på med.

– Reisa i det å vere musikar, er det eg synest er mest spennande. Ein kan alltid fornye seg, og ein er aldri i mål, fortel ho.

Alle prosjekta hennar er langsiktige med kortsiktige delmål undervegs.

– No held eg på med denne vårturneen, men eg er i gang med å planlegge neste turné for dette prosjektet. Til hausten blir det mykje standardjazz, og så har eg også byrja å utvikle repertoar med ein slagverkar og perkusjonist frå Cuba og ein pianist frå Bergen. Planen er at me skal få ting på plass så me kan ut og spele både i Noreg og på Cuba i 2023, avsluttar Førre.