Sidan oppstarten av Kvinnherad spelemannslag, no folkemusikklag, i 1977 har Arne Draugsvoll vore ein viktig medlem. Han har også vore mangeårig musikalsk leiar i laget som han no har blitt æresmeldem i.

Dragsvoll kom frå Granvin til Kvinneherad då han fekk jobb i skogreisinga, skriv laget i ei pressemelding. Han har lært bort mange gode danseslåttar frå fjorden og er ei utømmeleg kjelde av musikk og historier, som han har krydra mange øvingar med. Han er ein god musikant som er tolmodig og har godt humør, skriv laget i samband med utmerkinga. Draugsvoll fyller 80 år den 5. november.

Frå Granvin med danseslåttar
Kvinnherad folkemusikklag spelar for den nye heidersmedlemmen Arne Draugsvoll.