I 1958 fekk Knut Buen sin første bandopptakar, ein Tandberg. Same året blei ei opptaksøkt retningsgivande for vegen hans vidare: Familien hadde fått besøk av storspelemennene Rikard Gøytil og Jørgen Tjønnstaul, og ti år gamle Knut lytta og lét opptakaren gå utover natta. Tjønnstauls formidlingsmåte, der spel og forteljing var like viktig, blei ei stor inspirasjonskjelde for han.

Sidan den gong har han late lydband, kassettar og DAT-teipar rulle. Buen er blant dei som har dokumentert og offentleggjort mest norsk folkemusikk og forteljarkunst. På 1970-talet dreiv han folkemusikkinnsamling for Reidar Sevåg og Norsk Folkemusikkarkiv, og han starta opp sitt første plateselskap, Rupesekken. Sidan har vi fått Buen Kulturverkstad, Nyrenning og eit utal bøker og plater med Buen sjølv og eit vell av andre kunstnarar, både frå Telemark og frå andre kantar av landet.

Mykje av denne musikken er alt tilgjengeleg i nettbutikkar, strøymetenester og dei få platebutikkane som finst att i Noreg. Men framleis er det store mengder lyd frå Buens arkiv som ikkje er gitt ut. No hamnar både utgitte og uutgitte opptak på Gullbring Kulturanlegg i Bø, der Folkemusikkarkivet i Telemark held til. Mykje av dette materialet har alt vore ved folkemusikkarkivet i nokre år, fortel Buen:

– Då Kjell Bitustøyl arbeidde på arkivet, kring 1990, overførde eg dei første delane av samlinga mi dit. Så no vidarefører eg samarbeidet med arkivet og leiar Kari Lønnestad. Eg har valt å gi materialet til arkivet i Telemark, og ikkje Nasjonalbiblioteket til dømes, fordi veldig mykje av stoffet er frå Telemark. Slik blir det lett tilgjengeleg for folkemusikkstudentane på Rauland og utøvarar og andre interesserte her i fylket.

Frå kulturverkstad til folkemusikkarkiv
Knut Buen overlét 170 masterband til Kari Lønnestad ved Telemark Folkemusikkarkiv 16. januar. Meir er på veg frå Tuddal til Bø. (Foto: Heidi Vege, Telemark Kulturnettverk)

Nordmenn flest kjenner han nok som spelemann og forteljar, og Buen har nett blitt professor i 20% stilling ved Musikkhøgskolen. Her skal han bidra til å utdanne neste generasjon spelemenn og formidlarar. Men den innspelte musikken står Buens hjarte svært nær. Ikkje minst er han oppteken av at internett gjer folkekulturutveksling så mykje enklare – både innanfor og over landegrensene.

– Fonograminnspelingar har vore viktig for rekrutteringsarbeidet i mange generasjonar allereie. Eg har sjølv hatt svært stor nytte av dette i min karriere, seier han. – Det er viktig at det som enno ikkje er utgitt på selskapa mine blir gjort tilgjengeleg for alle interesserte. Eg har mykje ugjort, har ikkje hatt kapasitet til å gi ut alt eg har samla inn. Som statsstipendiat kjenner eg at arbeidet mitt høyrer folket til, og eg er glad for å kunne gi dette tilbake til folket no!

Det er viktig at det som enno ikkje er utgitt på selskapa mine blir gjort tilgjengeleg. Eg har ikkje hatt kapasitet til å gi ut alt eg har samla inn.

Knut Buen

 

Frå kulturverkstad til folkemusikkarkiv
Knut Buen har gjennom snart seksti år dokumentert norsk folkemusikk og forteljarkunst, i tillegg til å dele eige spel og forteljing frå scena. Her er han på oslobesøk januar 2015, på Asgaut Bakkens konsertserie Sølvsuper på Kulturhuset. I mars er han månadens artist på Riksscenen. (Foto: Henrik Kamphus)

Kari Lønnestad, einaste tilsette ved Telemark folkemusikkarkiv, er svært takksam for materialet dei no får av Knut Buen. Det er verdifullt for samlinga deira, og vil komme framtidige brukarar til gode, slik Buen ønskjer, seier ho.

Dei fleste opptaka må ein til arkivet i Bø og høyre på, fortel Lønnestad. Men på heimesida deira kan ein høyre og laste ned mange opptak av nokre av dei fremste folkemusikarane frå Telemark – Gjermund Haugen, Kristiane Lund, Signe Flatin Neset, Leif Neset, Jørgen Tjønnstaul og andre. Mykje av arkivmaterialet kan ein få kopi av til eige bruk, viss utøvarane eller arvingane deira har gitt løyve til det. Det er mykje rettigheitsproblematikk knytt til offentleggjering og spreiing av arkivopptak. Men frå Bø er det kort veg til dei som sit på rettane – det er nok ein fortel, tenkjer vi.

Det er mange utøvarar, frå amatørar til dei proffe, som oppsøkjer arkivet for materiale. Like før jul kom trioen Skattlandet med plate på Etnisk Musikklubb, med musikk frå dei indre delane av Telemark. Lønnestad fortel at langeleikspelaren deira Gøril Ramo Håve er mellom dei som nyttar folkemusikkarkivet aktivt.

– Det finst ikkje mykje langeleikopptak frå Telemark, men vi har en del notenedteikningar! avsluttar Lønnestad.