Tekst: Johanne Flottorp

Gitarist Espen Wensaas er for tida på turné med Bjørn Kåre Odde etter at dei sleppte albumet «Lilleslåtter 2» førre veke. Albumet blei spelt inn i Sødorp kyrkje på Vinstra i fjor sommar.

- Me gjorde opptak i to bolkar. Ein med springleikar og ein anna med bånsullar og den slags. Nå er me på ein liten turné, men dei fleste av konsertane våre med denne plata kjem til hausten, fortel Wensaas.

Gitaristen blei tidlegare i vinter også nominert til Spellemann for plata «Solhov» saman med Solfrid Gjeldokk.

Faktaboks:

Namn: Espen Wensaas

Fødd: 14.11.1986

Kjem frå: Geilo

Bur i: Knapstad

Kvifor spelar du?

Hovudgrunnen til at eg starta med musikk, er kjensla eg fekk som ung då eg høyrde på musikk. Eg blei så bevega av det at eg måtte spele sjølv. Ikkje at eg skulle bli superstjerne, men eg blei bare så interessert i musikken, rett og slett. I starten spelte eg alt mogleg. Eg starta med piano som seksåring, så gjekk eg vidare til kornett i korps før det blei gitar og slike ting. Eg var 17 år då eg bestemte meg for å bli musikar. Då gjekk eg på Toneheim folkehøgskule. Eg hadde ingen plan B, eg skulle bare jobbe knallhardt for å bli musikar. Det var vel fordi eg følte at eg hadde noko å bidra med, noko å formidle. Den indre drivkrafta har pusha meg etter det.

Kven er dei fremste læremeistrane dine?

Eg har spelt mykje med Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde og har fått mykje av dei, berre ved å spele saman med dei. Og så valde eg Bjørn Kåre som lærar på masteren min på Musikkhøgskulen, for då ville eg gå djupare inn i stoffet frå Gudbrandsdalen.

Kva var den siste plata du høyrde på?

Dei siste dagane har eg høyrt ihel ei veldig fin korplate av komponisten Ola Gjeilo, som har busett seg i USA. Plata heiter også Ola Gjeilo. Fantastisk nydeleg plate. 

Elles høyrde eg akkurat på Rydvall/Mjelvas «Vårvindar friska». Og så vil eg anbefale Langebelg si plate «Med nebb og klo». Fantastisk fin gammaldansplate.

Gruppa Langebelg frå Valdres er blant dei Espen Wensaas vil tilrå.

Kva var den siste folkemusikkonserten du var på?

Bjørn Kåre og eg var akkurat på Nordic Folk Alliance i Uppsala og spelte showcase. Der fekk me høyre mange andre showcasekonsertar også. Mykje fint, men eg likte spesielt godt svensk-norske Kalejdoskop trio.

Les meir om Kalejdoskop trio i denne saka her.

Kva for folkemusikkarrangement kan du tenkje deg å reise på i år?

Eg synest det er gøy med kappleik, så det hadde vore bra å få med seg Landskappleiken. Eg har aldri vore på Landsfestivalen, så det har eg også lyst til å vere med på ein gong. Men i sommar skal eg ein månad til Canada med bandet Viik, så eg skal på ein del folkemusikkfestivalar der borte i alle fall.

Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?

Rasmus Kjorstad har gitt meg mange gode opptak. Så når eg høyrer arkivopptak er det som regel felespel frå Gudbrandsdalen. Eg har fokusert mykje på Gudbrandsdalen dei siste åra, så nå er planen å bevege meg meir over på springarane frå Valdres og Hallingdal.

Kva er den største kappleiksopplevinga di?

Då det var Landskappleik på Geilo i 2014, fekk eg vere med og opne kappleiken saman med Steinar Ofsdal, Eilif Gundersen og Eldbjørg Nedrestøl. Då var eg fersk i miljøet, så det var ganske stort for meg, å få gjere det saman med dei. Elles er det alltid like moro med det sosiale, og at det gode spelet.

Kva ønsker for folkemusikken og folkedansen framover?

Eg ynskjer at folkemusikken og folkedansen skal få ein rettmessig plass på lik linje med andre stilartar. Det er kanskje ein brannfakkel, men eg meiner mykje av ansvaret ligg på media og presse-Noreg. For det skortar ikkje på vilje hos utøvarane. Dei prøver så godt dei kan å få spalteplass. Mange som opplever folkemusikk for første gong, opplever den som kjempetøff. Så her er det snakk om eksponering. Det må vere balanse mellom alle sjangrar, så det er ikkje berre folkemusikken som må løftast fram.

Å få sjangrane representert fjernsynet, trur eg kan vere viktig. Så Spellemann bør tilbake på TV.

I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode? 

Å jobbe mot ei betre TONO-fordeling blant tradisjonsmusikarar. Litt slik dei har i Irland, der ein får ein større andel pengar for å spele tradisjonelt stoff. Det har me ikkje i like stor grad her, så det er noko ein kan jobbe med.