Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Vårsleppen i Lom feirar 35-årsjubileum helga 4.–6. april, med rekordpåmelding og deltakarar frå store delar av landet. Arrangementet, som blir arrangert av Lom Trekkspelklubb og Lom Toradergruppe, har vorte stadig meir populært, mykje takka vere gode artistar og ein triveleg arena på Nordal.
Fredag blir det konsert med Reidar Svare og Syver Olstad, medan laurdag byr på sjokoladekappleik for barn med 50 deltakarar, samt buskspel midt på dagen laurdag og dansespel. Arrangørane håpar på mykje publikum og ei festleg helg.
– Det er totalt 30 grupper i år. Førre rekord var visst i 1995, då var det 29. Det verkar som Vårsleppen er på opptur.
– Føler du gamaldansen har ein oppsving for tida?
– Ja, eg vil seie det. Folkemusikken generelt, men også gamaldansen. Det kjem også ein del tilreisande i år. Både vestlendingar, trøndarar og heile Lørenskog trekkspellklubb. Eg, Stein Magne Eggen og Øystein Nicolaisen er i arrangørkomiteen.
Finn meir info om Vårsleppen her.
Even Offerdal Bakken (23)
Frå Lom
Jobbar som elektrikar
Er aktiv i Lom Trekkspelklubb og Lom toradergruppe
Er med i arrangementskomiteen for Vårsleppen – gamaldanstreff på Nordal hotell i Lom.
Kvifor spelar du?
– Det er fordi pappa, bestefar og onkel har spelt trekkspel alle saman. Eg er nok påverka av dei. Pappa (Eivind) og onkel (Reidar) spelte mykje til dans på bygdafestar – og bestefar Syver spelte mest til husbruk. Eg har også fleire slektningar litt uti som spelte.
Far til Even er blant anna å høyre på denne produksjonen i gruppa Fyrun & Odnes.
Kven er dei fremste læremeistrane dine?
– Det er fyrst og fremst pappa. Eg begynte i musikkskulen då eg var fem og eit halvt. Der hadde eg Sigurd Kolden fyrst, etter kvart fleire. Då eg begynte i Lom toradergruppe, så hadde eg spelt ein del år, men eg har klart lært mykje der av Øystein Nicolaisen. Eg og «sjølen» har funne fram mykje lokalt repertoar dei siste åra som vi har brukt der.
Høyr Lom Toradergruppe frå Landsfestivalen i Vågå i 2022 her.
Kva var den siste folkemusikkplata du høyrde på?
– Eg likar særleg godt Jularbo. Han har støtt vore ein favoritt. Av nolevande er det så mykje bra, men eg har høyrd mykje på plata til Knut Hallvards, Asmund Bjørken har eg høyrt ein del på, også kjem ein ikkje utanom Hilmar Alexandersen. Eg likar alt mogleg, så det blir i grunn feil å nemne nokon spesielt, kanskje.
Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
– Visdals kvintett.
Høyr Visdals kvintett frå kappspel på Sel i 1993 her:
Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las?
– Eg las Ola Opheim-boka, og det var ei fin bok. Eg som aldri har opplevd han, fekk danna meg eit bilde av han. Ein fekk han presentert frå mange forskjellige synsvinklar.
Les meir om Ola Opheim-boka her.

Kva var den siste folkemusikkonserten du var på?
– Det var med Lidarende med Geir Thorud og Alexander Røynstrand. Det var ein «jælma» fin konsert med mykje artig stoff. Hardingfele og trekkspel er ein fin kombinasjon!
Kva for folkemusikkarrangement kan du tenkje deg å reise på i år?
– Ja, eg skal iallfall til Sverige på Sundqvist-treffen i Torsby. Så blir det landsfestival. Det er to år sidan sist, så det blir artig det. Oppdal er ein fin flekk! Storefjell og Vågåtreffen må eg også sjølvsagt på.
I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode?
– Dei gjer mykje bra. Men det er den evige debatten som blant anna kom opp i Førde om tevlingsreglement. Ein bør ha tydelege retningsliner om kva ein kan stille opp med, som ein ikkje kan tolke på fleire måtar. Eg håpar vi slepp denne debatten oppatt til sommaren. Det blir ein splitt i miljøet, og det er ikkje triveleg.