Tekst: Johanne Flottorp.

Denne veka er det Vinterfestivalen på Rauland, og på laurdag går den tradisjonsrike Vinterkappleiken av stabelen. Det er alltid førsteårsstudentar som er kappleikssjefar, og i år er det Thea Myrjord Norheim frå Lunde og Jonas Støre frå Trondheim som har teke på seg oppgåva.

Dei er to av 10 studentar på førsteåret, og var dei to i klassen som hadde mest erfaring frå kappleik. Men dei var også dei to som hadde mest lyst til å ta på seg vervet.

Eit par dagar før kappleiken, har dei full kontroll på deltakarar og har sendt ut startlister.

- Det er 95 startnummer og totalt 89 deltakarar. Så det må flyte godt. Det skal vere lydprøve og konsert i samme sal på kvelden, men det trur eg går fint, seier Jonas.

Medan Thea og Jonas ventar på at det skal bli laurdag, tek me ein prat i fredagsspalta for å høyre litt om dei to.

Namn: Thea Myrjord Norheim

Fødd: 25.10.2004

Yrke: Student

Frå: Lunde

Bustad: Rauland

Namn: Jonas Støre

Fødd: 12.07.2004

Yrke: Student

Frå: Trondheim

Bustad: Rauland

- Kvifor spelar/dansar de? Og kor ofte?

Jonas: Eg starta i korps på barneskulen. Eit eldre søskenbarn av meg spelte der, og eg syntest det virka veldig kult. Valet av instrument var litt tilfeldig. Det var vel det som funka best på instrumentprøvinga. Eg har alltid likt godt å spele og øve, både heime for meg sjølv, og i korps og kammermusikk-samanheng. No studerer eg jo musikk, så då blir det mykje speling kvar dag.

Thea: Eg dansar fordi det er gøy. Det starta med at bestemor drog meg med på øving i Nes nasjonale dansarring. Det var eit skikkeleg fint, lite miljø. I starten dansa eg bare med dei eldre, og då fekk eg mykje merksemd fordi eg var så lita, noko eg syns var gøy. Men etter kvart fann eg ut at det var ei anna verd utanfor, der det ikkje bare var meg og dei på 60+. Eg har funne min gjeng i dansen. Nå studerer eg folkemusikk med dans som hovudinstrument, og eg jobbar som danselærar for barn og unge i dansarringen der eg vaks opp. Så kvar torsdag er eg der nede, og nokre gonger blir eg igjen for å danse med dei vaksne. Eg har også fått ei lita dansegruppe her på Rauland med ungar på fire til seks år.

- Kven er dei fremste læremeistrane dykkar?

Thea: Først og fremst er det dei vaksne i dansarringen. Der er eigentleg der eg har lært alt det grunnleggande. Eg blei bare dratt med, og så plutseleg lærte eg det. Etter kvart fekk eg Arnhild Brennesvik som lærar og så Even Westeng.

Jonas: Eg hadde mange flinke lærarar som liten, og dei gav meg eit godt teknisk fundament. Det er lett å overføre til andre sjangrar, så eg har stort utbytte av det no. Eg har også hatt mange gode dirigentar, men på Toneheim folkehøgskule hadde eg Thomas Nilssen som lærar, og han hjalp meg verkeleg til å komme innn i folkemusikken.

- Kva var den siste folkemusikkplata de høyrde på?

Thea: Eg har eigentleg ikkje høyrd så veldig mykje på folkemusikk tidlegare, men etter at eg starta på Rauland har eg fått ei openberring. I det siste har eg høyrd mykje på utgjevingane til Anders Røine, spesielt «Bibopalula». Den høyrer alle på her.

Jonas: Ei plate eg ofte set på er «Vandring» med Gjevre, Odde og Vårdal. Og elles i det siste har eg gått gjennom det meste av pols frå rørostraktene med Sven Nyhus. Eg liker også godt platene til Jo Asgeir Lie der han samarbeider med treblåsarar, som Carl Petter Opsal og Pär Moberg.

- Kva var den siste folkemusikkonserten de var på?

Thea: Det var vel med Birgit Haukås og Svein Kjerland her på folkemusikkscena for eit par veker sidan. Me er heldige, for det er mange konsertar her. Og me får studentpris!

- Kva for folkemusikkarrangement kan de tenkje dykk å reise på i år?

Jonas: Vinterfestivalen, så klart.

Thea: Ja, Vinterkappleiken, har eg høyrd blir bra. Mykje bra dans og musikk.

Jonas: Eg skal også snart på Rørosmartnan. Det ser eg fram til.

Thea: Og så er det jo mykje spennande som skjer i sommar, då. Landskappleiken og Landsfestivalen.

- Kva var dei største folkemusikkopplevingane dykkar i året som gjekk? 

Thea: Å komme til Rauland var jo ganske sjukt. Her er ein omringa av folkemusikk og tradisjonar, så det er ei stor oppleving i seg sjølv.

Jonas: Eg var på Landsfestivalen i sommar, og det er det første store folkemusikkarrangementet eg har vore på. Så mange dagar med berre folkemusikk, det var kjempefint. Å konkurrere sjølv var også spennande.

- Kva er dei største kappleiksopplevingane dykkar? 

Thea: Oi, korleis skal ein velje? Eg klarer ikkje velje ei. Men Vinterkappleiken brukar å vere veldig bra. Og spesielt Landskappleiken i Lom likte eg godt. Det er alltid ei stor oppleving å vere på Landskappleiken og sjå kor mange unge som er med.

Jonas: Oslokappleiken i fjor var bra. Det var spennande å delta på den.

Thea: Og der gjekk det jo skikkeleg bra også.

Jonas: Ja, eg kom på 3. plass i Eldre folkemusikkinstrument. Det var skikkeleg stas.

Thea: Men viss du spør oss igjen om eit par veker, er nok svaret denne kappleiken!

- Kva for ynskje har de for folkemusikken og -dansen i 2025?

Jonas: Eit veldig lokalt ønske frå meg er at det skal bli litt god sving på klubbkonsept i Trondheim. Det har vore det ein gong i haust, og eg trur at med å vidareføre det, så kan ein sikkert få samme effekt i Trondheim som Tuvas blodklubb har hatt i Oslo.