Tekst: Johanne Flottorp
Konferansen på Rauland i haust har fått tittelen «Folkemusikk på vandring: Transatlantisk utveksling av folkemusikk- og dansetradisjonar». Ei rekkje norske og utanlandske forskarar og utøvarar bidreg, fleire av dei frå USA. Det er også program om kveldane, med konsertar og dans.
– To av hovudinnlegga på konferansen er med forskarar frå USA. Det eine med Anna Rue, frå Universitetet i Wisconsin-Madison, som er folklorist. Så ho jobbar ikkje berre med musikken, men med fleire ulike kulturtrykk frå den øvre Midtvesten. Ho har master og doktorgrad om norsk-amerikansk folkemusikk. Beth Hoven Rotto er her også, og ho er ei av dei fremste utøvarane av norsk-amerikansk felespel, fortel Laura.
Rotto spelar i bandet Foot-Notes, og skal både ha dansekonsert og lære bort slåttar i løpet av seminaret. Ho har også kuratert ei utstilling som har stått på Vesterheim museum, som har namnet «Hand me down the fiddle». Norsk folkemusikklag har fått trykt opp 20 av plansjane frå denne utstillinga som blir vist under konferansen.
Laura Ellestad fortel at folk kjem litt på ulike tidspunkt, men at det er mellom 40 og 50 deltakar på konferansen på det meste. I tillegg kjem mange av studentane på Rauland innom her og der.
Sjølv har Laura to innlegg under seminaret, eit om felemakarane Helland brothers, saman med Ottar Kåsa, Benjamin Rygh og Kjetil Meberg Myhren, og eit om bygdedans i eit transatlantisk perspektiv.
Norsk folkemusikklag har to hovudaktivitetar. Det eine er det årlege seminaret, slik det er på Rauland denne veka, og så står laget bak publikasjonen Musikk og tradisjon, som kjem ut ein gong i året og rommar vitksaplege artiklar og samandrag av til dømes masteroppgåver og doktorgrader på feltet. Laget er også medlem i eit stort internasjonalt nettverk av etnomusikologar, ICTMD, og har i tillegg ei eiga studentgruppe kalla UFFD (Ungt forskerforum for folkemusikk og -dans) som lagar seminar for og med folkemusikkstudentar.
– Kven kan vere medlem i Norsk folkemusikklag?
– Her er det både studentar, utøvarar, forskarar og institusjonar. Alle som er interesserte i fagleg formidling gjennom tekstar og seminar er hjarteleg velkomne, seier Laura.
Laura Ellestad
Fødd: 1982
Kjem frå: Calgary, Canada
Bur i: Rauland
Yrke: Førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg, campus Rauland
Kvifor spelar du?
Eg har spelt klassisk fiolin sidan eg var fire år, men eg fann meg aldri heilt til rette i den sjangeren og hadde ingen tanke om å følgje musikken som karriereveg. Då eg blei introdusert for norsk folkemusikk, opna det seg ei spennande dør, så det ville eg fordjupe meg i og forstå. Å spele til dans synest eg er veldig givande. Far min byrja å spele først, då eg var tenåring. Han hadde sett Øystein Romtveit som hoppa på ski med hardingfele og hadde aldri høyrt noko slikt før, og med besteforeldre frå Valdres var dette noko han måtte finne ut meir om. Så det var min veg inn.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Det var nå på onsdag med Helga Myhr og Øyvind Brabant her på Rauland. Ein heilt fantastisk konsert i Årestoga, med fullt hus.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Oi, det var vanskeleg. Men ei plate som datt ned i hovudet på meg nå, det er Knut Hamre si plate Fargespel. Den liker eg verkeleg godt. Og kan eg trekke fram ei til, tek eg Synnøve Bjørset si plate Slåttar.
Kva var den siste musikklitteraturen du las?
I forkant av denne konferansen, har eg lese meg opp på Helland Brothers. Gamle avisartiklar og andre kjelder. Eg har også lese ei bok, som aldri har blitt gitt ut, men som ligg som eit utkast ute på ein blogg. Den er det Lew Holt som har skrive, og han har samla mykje info om desse brødrene.
Interesserte kan lese boka her: https://ootfa.wordpress.com/box-from-the-basement/
Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år?
Eg håper, som sikkert fleire har svart her, at den bølgja som er i dag lever vidare. Det er så flott og inspirerande å sjå at folkemusikken finn nye arenaer og nytt publikum.
