Tekst: Johanne Flottorp
Margrete Nordmoen er ny i stolen som Strunkeveko-sjef, og kombinerer denne stillinga med produsentjobben i Hilme året rundt og frilansing som folkesongar.
- Grunnen til at eg søkte på Strunkeveko-jobben, er at det må vere ein av dei mest motiverande jobbane ein kan ha i folkemusikk-Noreg. Å jobbe med barn og unge, lage gode rekrutteringsarenaer der dei kan møtast på eigne premissar og skape sitt eige nettverk, det er det viktigaste me driv med, seier Margrete.
Ho har følgt kurset i mange år, først som lærar, etter kvart som mor til kursdeltakarar, og no altså som koordinator og sjef. I vår blei Margrete ferdig med ein utøvande master i folkemusikk ved Kungliga musikhøgskolan i Stockholm.
Førre veke framførte ho for første gong i Noreg det som masterprosjektet hennar munna ut i, nemleg folkesongperformancen «Å stemme en stemme». Denne hadde blitt vidareutvikla frå masterframføringa, og inneheldt nå også eit samarbeid med ein lysdesignar. Så det er noko ho skal arbeide med vidare framover.
No deler Margrete tida si mellom Hamar og Valdres, der ho er på plass på kontoret med jamne mellomrom.
- No er det bare å brette opp ermene og jobbe mot eit godt kurs i sommar. For meg kjennes dette litt som å komme heim. Eg har vore mykje på Jørn Hilme-stemnet, men kjem samtidig med eit blikk utanfrå. Eg har mykje å lære om regionen, spesielt om frivilligheita her, så det er eg igang med no, seier ho.
Namn: Margrete Nordmoen
Født: 15.08.1969
Kjem frå: Ljørdalen i Trysil
Bur på: Hamar
Kvifor syng du? Kor ofte driv du med dette?
Eg opplever at eg alltid har sunge. Det er ei naturleg uttrykksform for meg, og den som ligg meg nærmast. Eg syng fordi eg føler eg må, og eg syng nok veldig ofte. Eg nynner og syng på butikken utan at eg veit at eg gjer det. Så synge gjer eg kvar dag, men det å ha gode øvingsrutinar kan vere ei utfording. Gjennom åra på masteren fekk eg på plass att gode øvingsvanar. Så eg prøver å ta det med meg vidare, og eg set av tid til å passe på stemma og lære nye ting.
Kven er dei fremste lærarane dine?
Eg starta med folkesong då eg var i starten av tjueåra, og den første folkesonglæraren eg hadde, var Ragnhild Furholt på Rauland. Sjølv om eg ikkje nødvendigvis lærte så mykje direkte av ho, lærte ho meg handverket, og korleis ein går inn i materiale utifrå opptak. Det var veldig viktig for meg.
Ragnhild Furholt var den første folkesonglæraren til Margrete Nordmoen.
Heime i min region er Torny Jota ein person eg har møtt mange gonger og som har mykje kunnskap om stil og repertoar. Ho har også betydd mykje. Men mange av forbilda mine har eg funne i arkiva. Elles er alle kollegaene mine viktige. Eg vil seie eg har lært mest gjennom arkiv, forbilde og kollegaer.
Kva var den siste plata du høyrde på?
Det var den nye til Reolô. Men rett før det, var det plata til Annar By, «Folk Gitar & Sang», som eg stadig kjem tilbake til. Og Synnøve Brøndbo Plassen si plate «Hjemve» med slåttetralling er også veldig god å kome inn i.
Synnøve Brøndbo Plassen si plate “Hjemve” set Margrete Nordmoen særs pris på.
Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las?
I det siste har eg halde ein del på med kulturhistorie frå Trysil. Så nå les eg ei bok om Finnskogs-kultur i Trysil, med folkemusikkbrillene mine på. Eg jobbar med eit prosjekt om kultur, identitet og migrasjon i samarbeid med Glåmdalsmuseet Anno. Det skal markere finneinnvandringa, utvandrarjubileet og dagens migrasjon, og det skal me ut på turné med i haust gjennom Den kulturelle skulesekken.
Kva var den siste konserten du var på?
Det kan eg nesten ikkje fortelje, men det var med Pumpegris (der sonen Trygve Liahagen spelar fele, journ.mrk) på Toneheim folkehøgskule no på søndag. Eg er hovudinstrumentlærar på Toneheim, og det er i nabolaget her. Men den neste siste eg var på, var Fame i Hamar kulturhus med lokale dansarar og lokalt band. Det var skikkeleg bra.
Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
Det er så mykje gull. Men eg vil anbefale eit program som ligg ute på NRK som heiter «Der østapå Østerfjellet». Dette er opptak med familien Hollseter frå Flendalen i Trysil. Som songar er eg spesielt interessert i Ingeborg Hollseter, ho er fantastisk der ho sit og lokkar. Heile det programmet er veldig fint, eit skikkeleg gullopptak.
Trykk på bildet for å sjå programmet om familien Hollseter.

Elles liker eg også heile serien til Sverre Halbakken, «Pols og spell i Østerdalen». Men spesielt episodane med Mina Sætre, det er for oss folkesongarar heilt interessant.
Kva var den største folkemusikkopplevinga di i året som gjekk?
Å få vere i den bobla med musikk, dans, kollegaer og gode venner som ein er i på Landskappleiken er alltid godt. Men eg må kanskje svare det å vere masterstudent, den totalopplevinga der. Å få gjennomført masterprosjektet mitt, det var bra. Eg hadde lagt så mykje i det, og var student på fulltid. Det var ei magisk oppleving å vere student i eit musikkmiljø igjen. Det er annleis når ein er vaksen enn når ein er yngre, det er eg ganske sikker på. Eg var kanskje vaksen i 20-åra også, men no er eg vaksen på ein anna måte.
Kva er den største kappleiksopplevinga di?
Lagdans er generelt det gøyaste eg veit på kappleik. Men om eg skal trekke fram éi oppleving som hevdar seg, så må det vere Landskappleiken i Trysil. Då sprang eg rundt, arrangerte konsertar her og der, og den dagen det var vokal, var det også dans fele A først. Eg dansa runnom med Martin Myhr før eg sprang opp bakken til vokal-klassa, song ei runnomkule og ei vise og fauk vidare. På premieutdelinga sat eg og tenkte «hæ, har dei ikkje lese opp namnet mitt ennå? Då vinn eg!». Det var ei absurd oppleving, og totalt kaos. Men eg gjekk bare inn og song, og slutta å tenke. Kanskje det var difor det gjekk så bra?
Margrete Nordmoen dansar med runnom med Martin Myhr på Landskappleiken i Trysil i 2018.
Kva for ynskje har du for folkemusikken og -dansen i 2025?
Draumen min er å klare å skape fleire levande miljø, der fleire tek tak. Det finst mange eldsjeler rundt omkring, men desse treng eit større lag rundt seg. Så eg ønsker meg ein måte å bygge det på. Me er avhengige av alle for å skape store miljø.
I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode?
Det som alltid engasjerer meg, er å skape miljø for barn og unge. Det er det eg har bygd mykje av frilansinga mi på, å vere med på skuleprosjekt, og la ungdom få ta del i denne kulturarven. Å lage gode arenaer for ungdom er viktig, men generasjonsmøta, som er ein ekstremt viktig kvalitet i dette miljøet, det slutter eg heller aldri å vere opptatt av.
Eg er også opptatt av det å vere skapande, utøvande kunstnar i folkemusikken, og rettigheiter knytt til tradisjonsmusikken. Der har me nokre utfordringar som ikkje er løyst ennå, og det er viktig at ein større del av potten kjem tilbake til miljøet. Dette med rettigheitsspørsmål knytt til tradisjonsmusikken er veldig vanskeleg, men me må leite etter løysingar.