Tekst: Johanne Flottorp

Rasmus Stauri kjem i kveld ut med ei ny bok om spelemannen og politikaren Torger Iverstugun. Foto: Fron historielag.

I helga skal Rasmus Stauri lansere boka «Ekko frå fjellet», ei bok om spelemannen Torger Iverstugun. Den har han det siste året arbeidd mykje med saman med ei arbeidsgruppe frå Mukampen spel- og dansarlag, som i tillegg til Stauri sjølv består av Mari Eggen, Sjur Sande og Roger Slåstuen. I tillegg har Torill Aasegg reinskrive notene som arbeidsgruppa har plukka ut.

- Boka om Iverstugun har stått på ønskelista til spelemannslaget lenge, fortel Stauri.

Iverstugun var ein mann som fór vidt omkring. Han kom frå små kår i Skåbubaklia, men sette sitt preg på lokalmiljøet og på bygdene omkring.

Han var aktiv på mange område, som spelemann, politikar og samfunnsborgar. Boka tek føre seg livet hans med alt det inneheldt frå start til slutt, og i tillegg er det eit rikt utval av noter på det Iverstugun komponerte. Han reiste mykje rundt i Gudbrandsdalen og samla inn slåttar, noko han også fekk stipend til å gjere, og det blei over 350 nedteikningar. Dei eigne komposisjonane hans, 120 i talet, var i tradisjonell stil, men prega av ideala frå hedmarksmusikken i samtida. Mukampen spel- og dansarlag har teke fleire av desse inn i repertoaret sitt, og fleire blir det framover også.

I helga er det lansering av boka med konsert og bokslepp i Skåbu, over to kveldar, med buskspel, pub og dans i etterkant av det offisielle programmet.

Faktaboks

Namn: Rasmus Stauri

Fødd:15.08.1949

Yrke: Pensjonert lektor

Kjem frå: Sør-Fron i Gudbrandsdalen

Bustad: Hundorp

Kvifor og kor ofte spelar du?

Eg speler fordi eg opplever det som personleg givande og sosialt. Det er verdifullt, ein ekte hobby. Men det er kvalitetane i det musikalske som har appell til meg. Eg er også med i eit klassisk orkester, men folkemusikkens eigenart har alltid tala sterkt til meg. Ein gong i veka er eg på øving i Mukampen spel- og dansarlag. Og så er eg så heldig å ha ei kjerring som spelar, ho spelar klassisk. Det hender at me spelar i hop. Eg har blitt tryggare i tredjeposisjon på fela enn eg var! Eg byrja å spele som 18-åring, og måtte til Oslo for å bli skikkeleg tent. Det var i Gudbrandsdølenes spelemannslag. Men møtet med Sven Nyhus gjorde også sitt, og vennen Oddvard Nygaard, ikkje minst.

Rasmus Stauri og kona Tine Slang er busette på Hundorp. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Kven er dei fremste læremeistrane dine?

Eg har ikkje gått i systematisk opplæring hos nokon, men eg fekk grunnopplæring av Sven Nyhus gjennom Østerdølenes spelemannslag. Det blei avgjerande for meg.

Kva var den siste folkemusikkplata du høyrde på?

Eg høyrer stadig på noko, og har ei stor samling med musikk. Her ligg «Frå folk te folk» med Dag Garden og Knut Kjøk. Og «Sjøfløyta» med Steinar Ofsdal og Per Midstigen. Eg hadde ei stille stund der eg høyrde på den for å minnast Per.

Rasmus Stauri trekker fram plata Sjøfløyta med Steinar Ofsdal og nyleg avdøde Per Midtstigen.

Kva var den siste folkemusikkrelaterte boka du las?

Det må vel vere vår eiga bok, «Ekko frå fjellet». Den har teke mykje tid å få ferdig.

Kva for folkemusikkarrangement kan du tenkje deg å reise på i år?

Det skjer jo stadig ting rundt om. I juli skal me til Dalarna med Mukampen på festivalen «Musikk ved Siljan». Der har me eit samarbeid med spelemannslaget i Rättvik, og me skal ha felles konsert med dei i Rättvikskyrkja og reiser deretter opp til Bingsjø og seinare på spelemannsstemnet i Østbjørka. Me blir der ei heil veke.

Men det eg skal på først, er nå i helga i Skåbu. Med boklansering og konsert.

Rasmus Stauri er fast medlem i Mukampen spelmannslag. Her i opptak frå Landsfestivalen i Førde.

Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?

Ja, eg synest det er svært interessant å høyre på eldre opptak i NRK. Ola Grøsland, Rolv Brimi og eg gjorde ein serie med seks CD-ar som kom for nokre år sidan. Der tok me føre oss heile Gudbrandsdalen, og me fekk høve til å høyre på det meste av innspelt solospel frå dalen. Det som slår ein når ein høyrer desse arkivopptaka, er det mangfaldige musikkuttrykket som dei ulike spelemennene stod for. Det var i større grad meir breidde i lydbildet før enn det det er no. Og det gjekk raskare jamt over.

Kva var den største folkemusikkopplevinga di i året som gjekk?

Det må vere finalespelet på fele og hardingfele på Landskappleiken. Den genuine musikkinteressa hos publikum, det er det eine. Men dei dyktige utøvarane som står fram, både verbalt og musikalsk, det imponerer veldig. Det er ein så høg kvalitet som blir presentert, og den utviklinga har gått med kvantesprang.

Kva er den største kappleiksopplevinga di?

Eg kjem aldri til å gløyme Landskappleiken i Vågå i 1964. Det var den første Landskappleiken eg var på. Eg kom inn i salen då Odd Bakkerud spelte «Rotnheims-Knut». Hattar, luer og aviser gjekk til vêrs inne i salen, det var ein ekstatisk situasjon. Salen eksploderte!

Odd Bakkerud gjorde eit veldig inntrykk på ein ung Rasmus Stauri under Landskappleiken i Vågå i 1964. Høyr Bakkerud i opptak og presentert av Hallgrim Berg i denne Folkemusikktimen frå i fjor.

Eit anna godt minne, er då Mari Eggen og eg vann «Radiokappleiken» eit år. Dagen etter fekk me besøke Hilmar Alexandersen, og møtet med han er spikra fast i minnet.

«Radiokappleiken», det var eit program der folk frå ulike spelemannslag skulle delta i ein gjettekonkurranse. Arild Hoksnes var utspørjar og Bjørn Aksdal var dommar. Me fekk høyre lydkutt me skulle gjette på, og bestemme utøvar, tradisjon og så vidare. Det gjekk over fleire månader og det var utslagsmetode. I finalen i Trondheim møtte me representantar frå Oppdal spelemannslag, og programmet gjekk på direkten på NRK P2. Dette interesserte mange, og det skulle blitt tatt opp igjen. Det er stor kunnskap ute blant norske folkemusikarar, noko som er fint å legge merke til. Det er ein styrke i miljøet.

I år er det landsmøte i FolkOrg. Kva synest du er det viktigaste FolkOrg bør jobbe med i komande periode? 

Det er viktig at FolkOrg ikkje gløymer den jamne medlemmen. Med det meiner eg den som går på øving kvar veke, og møter opp og gjer så godt han kan. Det er viktig at desse føler at ein har noko i organisasjonen å gjere. For å ta vare på desse medlemmene, kan ein sørge for å ha møteplassar, gjerne med god instruksjon innan song, dans og spel, slik det er nedfelt i jubileumsboka «Songen, dansen og spelet». «Stjernedyrking» er vel og bra, og det er eit resultat av den villa utdanningspolitkken, men ein må også hugse på den jamne kvinne og mann, og ikkje minst barn og ungdom. Dette er også ei folkeleg kulturreising.

Alt som har med opplæring av barn og unge å gjere, det er overordna viktig. Og at ein får plass i mediebildet og kan vise fram musikkforma ein er ein del av.